Politiet har i sommar allereie redda fleire fortvila hundar frå varme bilar. NAF åtvarar om at dette skjer kvar sommar.Foto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Test: Glovarm bil på eit blunk – ikkje legg igjen hunden

Ein heilt vanleg sommartemperatur på 24 grader kan stige til over 44 grader inne i bilen på korte 30 minutt. NAF åtvarar bileigarar mot å setje igjen hunden.

Det er solstrålane som får temperaturen inne i bilen til å stige så fort. Dei blir reflekterte i dashbordet, sete og utstyret i bilen som forsterkar varmen.

– Vi har testa kor fort det blir farleg varmt inne i bilen. På ein liten halvtime vart det 44 grader. I sånne temperaturar blir det ubehageleg, og i verste fall farleg, å opphalde seg i bilen, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har i sommar allereie redda fleire fortvila hundar frå varme bilar. NAF åtvarar om at dette skjer kvar sommar. Ein sjeldan gong har nødetatane òg vorte tilkalla for å hjelpe små barn ut av varme bilar, men det skjer heldigvis ikkje ofte.

I testen som vart gjort med 24 grader utandørs, steig temperaturen i bilen til 34 grader på 5 minutt, til 37 grader på 10 minutt og til over 44 grader etter 30 minutt.

(©NPK)