Fristen for å skifte ut piggdekka er sett til 1. mai. Arkivfoto: Erik Johansen / NTB / NPK

No kan du ha piggane ute til 1. mai – Vegvesenet koronautset dekkfristen

Statens vegvesen utset fristen med å ta av piggdekka på bilen. No kan du ha piggane ute ut april over heile landet.

Sjølv om fristen er utsett, oppmodar Vegvesenet folk om å skifte ut piggdekka så raskt som mogleg. Men dei ser at det er fleire praktiske koronautfordringar.

– Verkstader og dekkhotell kan vere stengde eller har redusert kapasitet. I tillegg ønskjer vi ikkje å bidra til nødvendig reising, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lutnæs håpar den nye fristen ikkje gjer at folk ventar lenger enn nødvendig med å fjerne piggane.

– Det er uheldig å ha køyretøy med piggdekk på vegen lenger enn nødvendig. Kombinasjonen av piggdekk, tørre vegar, varmt vêr og god køyrefart gir mykje svevestøv. Vi ber om at dei som har moglegheit til å skifte så raskt som mogleg, gjer det for å minske andre miljøulemper og ikkje vente så lenge som mogleg, seier Lutnæs.

Dei vanlege reglane seier at piggdekka skal av innan første måndag etter 2. påskedag i Sør-Noreg, medan fristen i Nord-Noreg er innan 1. mai. No kan ein heilt lovleg køyre med piggdekk over heile landet ut april.

Også i fjor gav Vegvesenet ei tilsvarande koronautsetjing.

(©NPK)