Båt: Mykje ekstremkøyring og høg fart i Telemark, melder forsikringsselskapet.

Mykje ekstremkøyring og høg fart i Telemark

2 av 3 båteiegarar i Telemark har opplevd at andre båtførarar er til sjenanse og bryter fartsgrensene til sjøs.

Ei undersøking som er gjennomført av Ipsos for Gjensidige viser at 65 prosent av alle som eig og disponerer båt i Vestfold seier dei har opplevd sjenanse på sjøen. Dei to siste åra har sommaren vore prega av korona og ferie i eige land, mange ved sjøen.

– Med auka prisar på utanlandsreiser, streikefrykt, krig i Ukraina og mykje usikkerheit, tydar alt på at det blir ein ny rekordsommar ved sjøen innanlands, også denna sommaren, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Høg fart, uvettig køyring og liten kunnskap om å føre båt, er noko av det som irriterer mest, seier Voll.

I fjor drukna 75 personar der fleire av ulykkene kom av høg fart og promille med fritidsbåt. I tillegg til å vere ei fare for seg sjølv, er desse også ein trussel mot andre som ferdast i eller ved sjøen.

– Me ønsker at flest mogleg skal skaffe seg kompetanse før dei set seg i ein båt. Me ser heilt klare tendensar til at motorstorleik og fart har auka monaleg dei siste åra, seier Voll.

Fram til i dag (2022) har Gjensidige åleine motteke 50 skader på fritidsbåtar i Vestfold og Telemark som skyldast ytre påverknad med utbetalingar på 2 millionar kroner.

Etter at det blei lov å bruke vannscooter har dette med auka støy også blitt eit mogleg problem for fleire. I tillegg held mange mindre hurtiggåande båtar på - nær land, og Voll trur ein del båtførarar ikkje er klar over at det kan vere ei plage for andre.

– Senk farten og ta omsyn til omgjevnadane. Då blir det sikrare og ikkje minst, mykje hyggelegare for alle som oppheld seg på sjøen, seier Voll.

Sjenanse ved eller på sjøen

Totalt er det 65 prosent i Telemark som oppgir at de har opplevd sjenanse ved eller på sjøen. På landsbasis er det 54 prosent som svarer det same.

Vestfold og Telemark - Så langt i år har Gjensidige registrert flest skader frå båteigarar i Tønsberg 12, Bamble, Holmestrand, Porsgrunn og Skien alle 5 kvar.