Det snør fleire stader på Austlandet fredag. Mange startar vinterferien sin denne helga. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Forsikringsselskap fryktar fleire bilskadar i vinterferien

Årets vinterferie må bli innanfor Noregs grenser. Derfor fryktar forsikringsselskap endå fleire skadar med fleire bilar på glatte vintervegar.

Denne helga blir vinterferien sparka i gang i store delar av landet.

Pandemien dominerer framleis reisemoglegheitene, og derfor bruker kanskje ekstra mange nordmenn i år vinterferien sin til å reise på hytte eller til familie som bur ein annan stad i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor registrerte forsikringsbransjen bilskadar for nær ein halv milliard kroner i vinterferievekene. Kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring fryktar endå fleire skadar i år sidan ingen reiser til utlandet.

– I fjor var det 1.474 trafikkulykker fredag før vinterferien. Og dei fleste ulykkene skjedde på ettermiddagstid, frå klokka 12 og utover, når folk stod i kø for å komme seg ut av byane, seier han.

Han ber folk vurdere å heller reise til hytta laurdag eller søndag i staden.

– Det pleier vere mykje mindre trafikk då enn fredag ettermiddag og kveld, og ulykkestala er langt lågare i helgane, seier Brandeggen.

(©NPK)