Dei siste åra har det blitt færre eldre veteranar. – Nå ynskjer me oss tilbake til røtene
Den motorhistoriske klubben i Vest-Telemark gjer endringar på det årvisse Sjøormløpet. Etter ein runde rundt Seljordsvatnet blir det utstilling og bilprat i Nordbygdi laurdag. Klubben ynskjer også gje fordelar til dei eldste køyretøya på to, fire eller fleire hjul som møter fram til løpet.
På industriområdet i Nordbygda står ein Chevrolet Impala 1963-modell, ein Pontiac Firebird 1968-modell, ein A-Ford frå 1928, ein Ford TT frå 1926, ein Buick-GS frå 1970 og ein Toyota Supra frå 1987. Saman med veteranglisa har også sju blide bilinteresserte karar møtt fram i sola.
Dei gler seg til årets Sjøormløp fyrstkomande laurdag. I år vil løpet gå rundt Seljordsvatnet, og som vanleg blir det ulike postar og utfordringar på rundturen for deltakarane, og køyretøya vil svinge innom campingplassane. Klubben stiller med veteranbussen, og har plass til nokre passasjerar dersom det er interesse.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Løpet blir kortare enn tidlegare, og me håpar mange møter fram langs ruta for å sjå. Etter målgang håpar me folk vil bruke litt tid saman med andre motorentusiastar i Nordbygdi, i staden for å haste heim att, seier Hans Rue frå Vest-Telemark motorhistoriske klubb.
– Me utvidar det tradisjonelle løpet til å bli ei utstilling og eit treff med premiering. Start og mål for sjølve Sjøormløpet blir ved Montér, Autostrada og Seljordvarme på industriområdet i Nordbygdi, men etter løpet vil me ha ei køyretøyutstilling som mange har lyst til å kome for å sjå på, fortel Tarjei Skræi og legg til at folk gjerne må ta med delar til køyretøy om dei har noko dei vil selje.
Rimelegast for dei eldste
1995 var eit rekordår for klubben med 250 deltakarar på Sjøormløpet. I fjor var det 84 deltakarar. Klubben har sett at færre deltakarar, og spesielt færre eldre veteranbilar har møtt fram til løpet dei siste åra, og difor bestemte dei seg for å gjere tiltak. Klubben ynskjer snu trenden både med håp om at det blir fleire som deltek og at dei eldre køyretøya kjem på vegen att.
– Nå ynskjer me å rykke tilbake til røtene, seier Skræi.
Difor har den motorhistoriske klubben bestemt at det skal vere fordel for dei som kjem med dei eldste veteranane. Har ein til dømes køyretøy som er frå 1940, eller eldre, kostar startkontingenten 100 kroner, er veteranen frå 1971–1993 er prisen 400 for å delta på løpet.
– Me håpar tiltaket vil føre til at fleire eldre køyretøy møter fram, eg veit det står mange køyretøy gøymt på låvar rundt om i Vest-Telemark. Mange unge er kanskje ikkje så interessert i gamle køyretøy, men hadde det ikkje vore moro å lufta den gamle folkevogna til bestefar til dømes, det er dei me vil fri til nå. Litt av essensen ved arrangementet er å vekke minne og at folk kan mimre litt, seier Tormod Tveitan.
– Me vil sjå dei som vekker nostalgi og mimring, seier Olav Gundersen og legg til at klubben gjerne vil ha med veterankøyretøy på to, fire eller fleire hjul.
– Og her er det ikkje krav om at det må vere ein nyrestaurert, blankpussa veteran. For dei originale køyretøya, dei som kanskje har stått lagra på ein låve i ei årrekkje og ikkje gjort så mykje med. Det er dei som kanskje trekker mest merksemd, meiner karane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skræi opplyser at det er gratis å kome for å sjå alle køyretøya på industriområdet etter løpet laurdag, og klubben lovar at det i tillegg til mykje motor også blir høve til å kjøpe ein matbit.
Eige klubbhus og verkstad
Vest-Telemark motorhistoriske klubb markerer 40-årsjubileum i år.
Klubben har medlemsmøte ein gong i månaden på klubbhuset dei har på Århusmoen i Seljord.
– Her har alle medlemmene i klubben tilgang til verkstad med mykje utstyr som dekkmaskin, bukk og ulikt verktøy, og me har god plass til mange fleire medlemmer, gjerne frå heile regionen, seier Skræi.