Åmotsdal | Kjærast   
Ernæringsveiledar og fysioterapeut  
Fysioterapeut på AiR | Friluftsliv
Åmotsdal | Kjærast Ernæringsveiledar og fysioterapeut Fysioterapeut på AiR | Friluftsliv

FEKK DRAUMEJOBBEN PÅ AiR

– Eg blinka meg tidleg ut Rehabiliteringssenteret AiR som ein stad eg verkeleg kunne tenke meg å jobbe. Fyrste gongen eg var i kontakt med klinikkleiar Jon Hovda for å forhøyra meg om jobb var alt i februar 2010, fortel Mari Kleiv (28). Ni år og to bachelorgrader seinare er jenta frå nabobygda i fast stilling som fysioterapeut i eit av dei fem rehabiliteringsteama på Rauland.

Mari er fødd og oppvaksen i Åmotsdal i Seljord kommune. Ho er glad i heimbygda si og er meir enn nøgd med at ho har fått ein jobb ho stortrivst i, berre ein snau halvtime med bil frå barndomsheimen.

Det er flott å bu i eit moderne og flott husvære berre fem minutt frå jobben

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

– Eg har alltid vore opptatt av ernæring og helse, og visste tidleg at det var innanfor desse fagområda eg ønskte å utdanne meg. Men vegen har ikkje akkurat vore beint fram. Det har bokstaveleg tala vore ein del fram og tilbake, smiler Mari.

– Etter vidaregåande på Kvitsund i Kviteseid, drog eg til Oslo. Der tok eg ei bachelorutdanning i ernæringsfysiologi. Så gjekk turen tilbake til Telemark og Universitetet i Sørøst-Norge, avdeling Bø, der eg tok eit år på bachelor i idrettsvitskap. Deretter flytta eg nok ein gong tilbake til Oslo og begynte på sjukepleiarutdanninga, men  eg ombestemte meg. Eit år seinare begynte eg på den treårige fysioterapiutdanninga ved Oslo Met i staden. I august 2018 var eg endeleg ferdig utdanna og autorisert fysioterapeut.

Her bur Mari
Her bur Mari
Her jobbar Mari på ein av dei største arbeidsplassane i Vest-Telemark
Her jobbar Mari på ein av dei største arbeidsplassane i Vest-Telemark
Kontakt Jon Hovda, klinikksjef ved AiR, for ein hyggeleg prat.
E-post jon.hovda@air.no
Kontakt Jon Hovda, klinikksjef ved AiR, for ein hyggeleg prat. E-post jon.hovda@air.no

DET GODE LIV PÅ KRONTVEIT – OG I OSLO

Mari bur i Krontveitfeltet, eit nytt butilbod  med funkishus som høyrer til AiR, og vert leigd ut til tilsette. – Det er flott å bu i eit moderne husvære berre fem minutt frå jobben, seier Mari. I helger er ho gjerne saman med kjærasten som bur i Oslo. Det er berre 3,5 timars køyretur, og det er like langt begge vegar, ler Mari. – Det kan vere fint i storbyen, men eg må 

innrømme at eg likar betre å vera på besøk enn å bu der.

Det kan vera fint å bu i storbyen, men eg må innrømme at eg likar betre å vera på besøk enn å bu der

VEST-TELEMARKS STØRSTE PRIVATE ARBEIDSPLASS

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg stortrivst i jobben her på AiR. Her er eit fantastisk arbeidsmiljø, både sosialt og fagleg. Eg jobbar i eit av fem tverrfaglege team og samarbeider med mange dyktige folk med ulik utdanning og erfaring. Det er høgt under taket  i diskusjonar, som skapar mykje god fagleg refleksjon, fortel Mari.

Les meir  #Tidtilmeir 

Direktør Svein Kostveit fortel at Rehabiliteringssenteret AiR er ein av dei største arbeidsplassane i Vest-Telemark, med oppunder 90 tilsette.

Senteret er ein ideell organisasjon som består av einingane AiR-klinikk og Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering. AiR er eit unikt tilbod til menneske som har falle ut av arbeidslivet på grunn av si helse. Me har pasientar frå heile landet i vår døgnbaserte spesialisthelseteneste. Gjennom fokus på verdien av å delta i arbeid, samarbeider me tett med arbeidsgjevarar og NAV for å lage gode planar saman med pasientane. Me arbeider i tverrfaglege team beståande av lege, psykolog/psykiatrisk sjukepleiar, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog, fortel direktør Svein Kostveit.

- Me er godkjent for å utdanne legespesialistar, og me satsar på spesialisering for psykologar og fysioterapeutar. Fleire av klinikarane har også gått over i forskingsarbeid ved kompetansetenesta. 

– Me er avhengige av tilsette med høg kompetanse. Dette gjeld både innan klinisk arbeid og forsking. Me er difor alltid på leit etter dyktige folk som kan styrke det unike fagmiljøet vårt her på Rauland, avsluttar han.

{{facts}}

TEMA  Nasjonalt leiande innan arbeidsretta rehabilitering | Unik plassering og optimal ramme for deltakarane | God tid til kvar deltakar og konteksten bidreg til ein helskap i behandlinga | Forskning kombinert med nær pasientkontakt | Tilbyr utdanning for lege i spesialisering (LIS) | Internasjonalt nettverk og internasjonalt nivå. Me eksporterer kunnskap og opplever stor etterspørsel etter vår spisskompetanse internasjonalt | CARF-sertifisera | Høgakademisk kollegialt miljø. Teambasert | Vinje kommune har god økonomi og svært gode tilbod og tenester til sine innbyggarar | Fagansvar nært leiinga | Stor grad av autonomi og du kan briljere i faget ditt | Bedrift med lang fartstid, eit godt renommé og stabil økonomi | Leiligheit til tilsette med familie, nytt i 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innhaldet i denne artikkelen er ikkje laga av Vest-Telemark blad sin redaksjon, men av Telemark næringshage.

Vest-Telemark blad er opptatt av eit tydeleg skilje mellom redaksjonelt og kommersielt innhald. Om du opplever at denne eller andre annonsar på vtb.no er utydeleg merka, gje oss gjerne beskjed på e-post: annonse@vtb.no

 

Det er mange som ynskjer å kombinere ei 

interessant karriere med eit godt liv på landet, men er det mogeleg?

 I Vest-Telemark finst kompetansearbeidsplassarpåhøgde meddei beste miljø i Norge og verda.

Telemark Næringshage er tett på mange av 

deira utviklingsprosjekt, og oppdagar at dei sit

påspanande stillingar som ikkje vert utlyst.

Ein logisk brist vi har tenkt å gjere noko med. 

#tidtilmeir handlar om moglegheiter og om å ta eit val. Det handlar om «worklifebalance» ogåsetje sine eigne fotavtrykk.

Vi formidlar historiar om menneske som har gjort nettopp det samstundes som dei representerer si bedrift som er på søken etter fleire tilsette. 

Kanskje er det deg eller nokon du kjenner?

#tidtilmeir kan bli din og min hashtag 

– den kan syne det gode livet på og utanfor 

jobben her i Vest-Telemark. Ta den i bruk.

Prosjektleder Telemark Næringshage:

Guro Mæland, guro@telemarknh.no