21 innbyggjarar er stadfesta smitta, i tillegg sit det to smitta på hytter
Det er no 21 innbyggjarar i Vinje kommune som er stadfesta smitta av covid-19.
I tillegg er to hytteinnbyggjarar smitta.
Det melder ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook nyttårseftan.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er 1 ny stadfesta smitta frå sist status i går, og det er ein person som oppheld seg på ei hytte. Personane på hytter blir fylgt opp av sin heimkommune.
Vi fekk svar på 37 prøver i går kveld. Av desse var 1 positiv, og knytt til ein person frå ein annan kommune som oppheld seg på ei hytte i Vinje kommune, melder ordføraren.