Turistforeininga har hatt 9 prosent fleire besøk i år
Dei betente turistforeiningshyttene har hatt 9,3 prosent fleire besøk i år enn i fjor.
– Er det noko dette året har vist, så er det kor viktig naturen er for oss. Trass i ein annleis sommar med avgrensa kapasitet på DNT-hyttene har vi opplevd ein god auke frå i fjor, seier generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang i Den Norske Turistforening (DNT).
Dersom ein trekkjer vekk Finsehytta, som var stengt i fjor, er auken 4,5 prosent hittil i år, samanlikna med i fjor. Innerdalshytta er ny av året og er ikkje rekna med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Vi ser at besøkstala varierer frå fjellområde til fjellområde, og i år var det Femundsmarka, Skarvheimen og Trollheimen som opplevde den største auken, seier Solvang.
DNT ser at besøkstrenden fortset inn i haustferien.
(©NPK)