Vogntog sperrar vegane i Vest-Telemark

Nok eit vogntog sperrar vegen på E134. Denne gongen ved Hustveit i Vinje. Politiet melder at dei er på staden, og at bilberging er på veg. Tidlegare i dag blei riksveg 9 sperra fire kilometer frå Haukeligrend. Det òg var på grunn av eit vogntog. Vegen blei opna om lag tre timar etter. VTB har òg fått tips om eit vogntog som har køyrd av vegen i Svartdal. Det skal visstnok ligge opp ned.