Vegen er no open for fri ferdsel etter at vogntoget blei berga

Politiet meldte på twitter at eit polsk vogntog fekk hjelp frå politiet med å sette på kjetting. Traileren står no i Haugeminnesvingen rett ved avkøyringa til Statkraft på E134. Det er satt opp manuell dirigering for å løyse trafikken i området. Dei skriv òg at det er glatt på staden. Me oppmodar om å køyre forsiktig på vegane. 19.51 kunne politiet fortelje at vogntoget er blitt berga, og at vegen er open for fri ferdsel.