Nyhende

Ungdom i arbeid for operasjon dagsverk (OD)

Ungdom i arbeid for operasjon dagsverk (OD)

OD er Noregs største solidaritetssak av og for ungdom.

OD jobbar for at ungdom skal få utdanning og rettferd i det samfunnet dei lever i. Ungdommar jobbar ubetalt og frivillig i OD for å støtte og jobbe med stiftingar i land som har det vanskeleg. OD rettar seg mot ungar og ungdom, som ikkje har utdanning og er dagleg utsett for farar og mishandling.

Årets aksjon støttar ungdomar utsett for tvangsarbeid i koboltgruvene i Kongo.

Onsdag ardeidde Alexander Holte (8. klasse) og Saamund Kvålseth (9. klasse) frå Kviteseid skule i Vest-Telemark blad. Dei tok ein prat med andre elevar som var i arbeid rundt om i sentrum.         

Dei spurde:

1. Kvifor valde du denne jobben?

2. Kva gjer dykk på arbeidsplassen? 

3. Korleis er det å jobbe her?

4. Kvifor valde du å jobbe på OD-dagen? 

5. Kor lenge varer arbeidsdagen din?

6. Kva veit du om OD?

Sigrid Marie Aarbakk 

(bilde øvst i saka)

9. klasse

Kviteseid

Jobbar på Kiwi Kviteseid

1. Eg tenkte det var moro, koseleg og lærerikt.

2. Me stablar brus og ryddar i hyllene.

3. Veldig koseleg og triveleg. 

4. Eg synest det er fint at me kan skaffe pengar til ungane som jobbar i Kongo, og det er god arbeidserfaring.

5. Den varer fra 8-14, men eg kunne fint ha jobba meir.

6. Bra fordi me kan hjelpe andre som ikkje har det så bra.

Saamund Kvålseth - På Kiwi Henning Hovden Jansen

På Kiwi: Henning Hovden JansenFoto: Saamund Kvålseth

Henning Hovden Jansen

9. klasse

Kviteseid 

Jobbar på Kiwi Kviteseid

1. Eg har lyst til å jobbe på Kiwi i framtida. 

2. Eg ryddar i hyllene og set varer på plass.

3. Det er moro, triveleg og god stemning. 

4. Eg synest skulen er kjedeleg, men eg likar å jobbe praktisk. 

5. Eg veit at me jobbar for barn som ikkje har det så bra.

6. Det er bra at ungane får utdanning.

Saamund Kvålseth - På Kiwi Åshild Hovden Eikland

På Kiwi: Åshild Hovden EiklandFoto: Saamund Kvålseth

Åshild Hovden Eikland

8. klasse

Kviteseid 

Jobbar på Kiwi Kviteseid

1. Eg tenkte at det ville bli moro å jobbe her. 

2. Me ryddar og sorterer i hyllene 

3. Det er moro og triveleg og mange hyggelege folk

4. Eg valde å jobbe her fordi det går til ei viktig sak, og det er fin arbeidserfaring.

 

Alexander Holte  - På SFO Andrine Lindestad

På SFO: Andrine LindestadFoto: Alexander Holte

         

Andrine Lindestad 

9. klasse

Kviteseid 

Jobbar på SFO

1. Eg likar og jobbe med barn og synest det er kjempegøy å vera med dei. 

2. På SFO jobbar me i grupper og skal ha taco, danse og sjå film, så det er kjempemoro og masse å gjera. 

3. Eg synes det er moro å spennande å jobbe på SFO.

4. Eg ville jobbe fordi eg synest det viktig å støtte dei som ikkje har det så bra. Det er ein fin moglegheit til å få erfaring. 

5. Arbeidsdagen min varer frå 8-14.

6. Eg synest det vart viktig å støtte formålet til OD.

Saamund Kvålseth - På Kviteseid bok og papir Ingrid Syrtveit Mikalsen

På Kviteseid bok og papir: Ingrid Syrtveit MikalsenFoto: Saamund Kvålseth

Ingrid Syrtveit Mikalsen

10. klasse

Kviteseid

Jobbar på Kviteseid bok og papir 

1. Eg syntest det var moro å prøve noko nytt.

2. På bokhandelen ryddar eg og eg har støvsuga. 

3. Det er spennande og moro.

4. Arbeidsdagen min varer frå 9-14. 

5. Eg har moglegheit til å støtte og hjelpe dei som ikkje har det lett, og då er det ein fin ting å kunne jobbe og skaffe pengar til dei som treng det. 

6. Det er bra at OD kan gje dei ein gylden sjanse til utdanning og eit betra liv.