https://aka-cdn-ns.adtech.de/dt/common/DAC.js
annonse

Trailer i trøbbel i Høydalsmo

Trafikken går som normalt no.

Øystein Øygarden

Ein trailer har problem på vinterføret på E134 i Høydalsmo, meldte politiet like etter klokka 9. Køyretøyet hindrar trafikken vestover. Politiet er på veg.

Klokka 9.51 kom det melding om at traileren har kome seg vidare og at trafikken går som normalt. 

I løpet av natta var E134 stengt mellom Morgedal og Mostøyl i to timar på grunn av bilberging av eit vogntog, meldte Vegtrafikksentralen sør. Klokka 03.29 blei det meldt om at vegen igjen var open for fri ferdsel. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse