Etter motorsykkelulykka låg Paul-Willy Setane ni månader på sjukehus, og blei førespegla bruk av rullestol resten av livet.

«Sjølvsagt er eg glad for at eg lever. Det er berre tilfeldig at det ikkje gjekk heilt gale.»

Etter ein utefest med øldrikking køyrde nissedølen Paul-Willy Setane i full fart med motorsykkelen heimover. I ein høgresving gjekk det gale. I neste augneblikk låg han lam i ei steinrøys. Der låg han i seks timar før han blei oppdaga.

Det er 35 år sidan den alvorlege ulykka. På førespurnad frå VTB har han etter ein tenkepause sagt ja til å fortelje historia, kor gale ting kan gå når det er alkohol og høg fart inne i bildet. Setane påpeikar at han ikkje står fram med ei moralpreike, men han håpar historia hans kan vere med å bidra til at andre ikkje gjer den same dumme og fatale tabba som han gjorde.

Køyrde styggfort

Då Setane var 16 år syntest han det var veldig svært å ha fått seg ein 100-kubikk motorsykkel. 23. juni 1983 hadde han hatt motorsykkellappen i 14 dagar, og han la motorsykkelturen til fest saman med mange andre på eit uteområde i Nissedal. På førehand var det nokon som hadde kjøpt øl til tenåringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den no 51 år gamle Setane prøvar å tenke tilbake på kva som skjedde utover kvelden og natta i 1983, men ulykka gjorde noko med minnet.

– Eg reknar med at det var full fest den kvelden, seier Setane.

Midt på natta ville han køyre heim, og dagen etter venta sommarjobb.

– Eg blei heilt sikkert frårådd å køyre, men hugsar det ikkje. Det vesle eg kjem i hug er at eg køyrde så fort det kunne bere og briste.

Nokre kilometer sørover frå Nissedal, ved Nes, kom Setane seg gjennom den skarpe venstresvingen, men slik gjekk det ikkje i høgresvingen om lag 250 meter etterpå. Han køyrde ut i ei steinrøys ved ei elv.

– Eg kan hugse at eg blei slått pusten ut av. Då eg låg der gjekk eg inn og ut av koma, sovna litt og hadde panikk. Eg kjem i hug at eg ropa på hjelp. Eg kunne berre lee hovudet og armane, og var lam frå livet og ned, seier Setane.

– Nokon bilar køyrde forbi, eg låg nedi der ..., fortset han om ei etterlengta hjelp som aldri kom den natta.

Hadde flaks

Nedi der blei han liggande lenge. Veldig lenge. Om lag klokka 6.30 om morgonen som fylgde kom det ein buss frå Vrådal. I og med at sjåføren sat høgare enn bilistane, reknar Setane med at det var årsaka til at han blei oppdaga. Bussjåføren kom seg til næraste bustad og fekk ringt etter ambulanse. Etter ei tid blei den hardt skada motorsyklisten køyrd i full fart til sjukehuset i Skien.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde hjelm, heldigvis. Men eg kunne likevel ha fått slått hovudet og resten av kroppen så mykje at eg hadde døydd i steinura. Eg hadde flaks, seier Setane.

På sjukehuset blei det påvist brot i ryggen, noko som gjorde at Setane hadde blitt lam. Vidare hadde han fleire ribbeinsbrot på båe sidene.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte bruke rullestol resten av livet. Heldigvis var eg så ung at eg forstod ikkje heilt alvoret i situasjonen, seier Setane.

Han låg på overvakinga i heile tre veker, ei tid han hugsar lite av.

– Eg låg der og hadde ikkje kontroll på nokon ting – hadde ikkje kjensler og kunne ikkje lee meg frå brystet og ned. Eg hadde minst fire månader på ryggen i senga, utan å kunne kome ut av ho, seier Setane.

Så byrjar han å snakke om konsekvensane for fleire enn han sjølv etter ei slik alvorleg ulykke.

– Ein ting er meg, men det var ei forferdeleg påkjenning for familien min og venner også, ristar Setane på hovudet.

Ikkje kontroll på beina

Tre månader etter ulykka byrja han plutseleg å kunne lee litt på nokon tær, så litt meir og litt meir. Det var små framsteg, men dei kom – viktig nok det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein spesialist frå Rikshospitalet i Oslo tok turen til Skien fleire gonger for å sjå nærare på tilstanden til Setane. Nissedølen fekk beskjed om at ein operasjon i ryggen ville gje usikkert utfall, risikoen blei for stor og valet fall på å ikkje gjere noko inngrep.

– Det var utruleg lange dagar på sjukehuset, og i periodar var eg redd for at eg aldri kunne gå att. Alt av musklar hadde visna vekk. Så ein dag blei eg bunde fast i senga og vippa opp litt etter litt for at kroppen skulle venje seg til å stå oppreist att.

Han blei motivert av all støtta han fekk.

– Eg blei utruleg bortskjemt, blei så godt tatt vare på og fekk mykje merksemd og fokus frå sjukepleiarane og familien min.

Setane blei etter kvart hjelpt på beina for å prøve å gå i ein såkalla preikestol, med hendene hengande på den medan han prøvde å flytte på seg. Litt etter litt.

– Det gjekk jo ikkje ... Eg hadde ikkje kontroll på kvar beina var. Det var då eg forstod kor tøft det ville bli – ein lang kamp for å kome tilbake. Nokon gonger hadde eg lyst til å gje opp og berre ligge i senga, seier Setane.

Livredd

Ein dag kom ein kvinneleg fysioterapeut inn på romet hans på sjukehuset.

– Der var det ikkje noko kjære mor, gitt. Ingen ting var unnskyldning for fysioterapeuten, det føltest for meg ut som å gå på kostskule på 1800-talet ... I ettertid kan eg seie at eg har mykje å takke henne for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Setane måtte trene fem dagar i veka. Etter kvart kunne han heim til Haugsjåsund i samband med ei helg. Pappaen stod for transporten.

– Eg var livredd, eg hadde ikkje sete i bil på langt tid. Pappa køyrde ikkje fort, men eg måtte be han køyre endå seinare.

På den tida sat Setane i rullestol. Han hadde byrja å trene seg opp att ein del.

– For å klare det må ein jo ha hjelp av kroppen også. Eg følte eg fekk det, og var heldig at ryggen ikkje var brekt heilt av.

Setane var på sjukehuset i heile ni månader før han blei utskrive. Nokre månader seinare klarte han å gå utan krykker, eit nytt og viktig steg vidare i oppbygginga.

Ikkje slik han hadde tenkt

– Livet mitt blei ikkje slik eg hadde tenkt, men eg kan ikkje spole tilbake til dagen før ulykka. Eg hadde lyst til å få meg ein praktisk jobb. I staden går eg framleis kvar dag rundt og haltar, og kan ikkje springe eller gå på plassar der beina kan svikte. Etter ulykka er eg skada for resten av livet – både synleg og usynleg – ting som skaper problem i livet mitt.

Setane seier det er utruleg kva ein greier å omstille seg til. Han kunne ikkje ta praktisk arbeid, men er i dag i full jobb – på eit kontor.

– Eg har eit greitt liv nå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Setane er glad for at det var han sjølv som køyrde motorsykkelen den gongen, og at ingen andre blei involvert i ulykka.

– Tenk om eg hadde køyrd på nokon og det hadde gått menneskeliv eller nokon blei skada for livet. Det hadde truleg vore noko eg aldri hadde kome over …

Han avsluttar med desse orda:

– Sjølvsagt er eg glad for at eg lever. Det er berre tilfeldig at det ikkje gjekk heilt gale.