Frå valvaka til Tokke Senterparti. Jarand Felland.
Frå valvaka til Tokke Senterparti. Jarand Felland.

Senterpartiet størst i Tokke, men har ikkje reint fleirtal

Nykomarane MDG og SV kan sitje med nykelen til kven som blir ordførar i Tokke.

- Me gjer eit godt val. Dette er eit av dei historisk beste resultata for Tokke Sp. Me har gått tilbake to mandat sidan førre val. Nå kjem to nye parti inn og det er veldig positivt, seier Jarand Felland i Tokke Sp.

Slik det ser ut har Ap åtte mandat og Sp ni, MDG to og SV og KrF eitt kvar. MDG og SV kan avgjere kven som får ordførarklubba.

Artikkelen held fram under annonsen.

– MDG og SV har ikkje sagt noko til oss ennå. Me er opne for å samarbeide med alle parti. MDG kan avgjere kven som blir ordførar, men dei vil ikkje inngå nokon hasteavtale, seier Felland.

Enno usikkert

– Me reknar med å snakke med Ap og Sp i løpet av morgondagen, seier ei nøgd Benedikte Nes i Tokke MDG.

I Tokke SV er dei nøgd med å ha eit mandat inne.

– Me gler oss over at alle parti er i kommunestyret. Det er hyggeleg at MDG gjorde det så bra. Me i SV feirar i kveld, og ventar og ser kva morgondagen vil bringe, seier Tom Ivar Gulseth i Tokke SV.

72,6 prosent frammøte

Jarand Felland og Tokke Senterparti får 43,5 prosent av røystene ved kommunestyrevalet.

Arbeidarpartiet får 36,2 prosent. Nykomaren MDG får heile 9,8 prosent i Tokke, medan KrF og SV får høvesvis 6,3 og 4,2.

Ifylgje NRK vil kommunestyret i Tokke sjå slik ut: Senterpartiet 9 mandat, Ap 8, MDG 2, KrF 1, SV 1. Mandatfordelinga er ikkje endeleg. 

Frammøte i Tokke er på heile 72,6 prosent.