Bildet er frå Bøgrend i går.
Bildet er frå Bøgrend i går.

Politiet melder om krevjande køyreforhold

Politiet klandrar ikkje vogntogsjåføren som fekk problem på E134 mellom Høydalsmo og Åmot i dag til morgonen. – Svært glatt, melder politiet.

Politiet finn grunn til å minne om at det kan vera krevjande veg- og køyreforhold fleire stader i dag også.

Klokka 07.06 melde Vegtrafikksentralen frå om eit vogntog som sperrar delar av E134 mellom Høydalsmo og Åmot. Vegen ved Grotdalen bru var delvis stengt under bergingsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Personbilar kan passere, melder Vegtrafikksentralen litt før klokka 8.

– Vogntoget er framleis til hinder og politiet er sendt til staden, opplyser politiet klokka 8.19.

9.14: Politiet er på staden. Bilbergar er også der og vegen er snart open for vanleg ferdsel. Det er noko kø som blir dirigert manuelt. 

Vogntoget er frå Tsjekkia. Det blir no lagt på kjettingar. Politiet melder at det er «svært glatt» på staden, og finn ingen grunn til å klandra den tsjekkisk sjåføren.