Tor Egil Furevikstrand meiner det ser lyst ut for nynorsken i det nye norskfaget.
Tor Egil Furevikstrand meiner det ser lyst ut for nynorsken i det nye norskfaget.

Norsklektor: – Ser lyst ut for nynorsken i det nye norskfaget

Måndag blei den nye læreplanen for norskfaget lagt fram. Norsklektor Tor Egil Furevikstrand trur nynorsken styrkjer posisjonen sin med den nye planen, men fleire i målrørsla er misnøgde.

– Nynorsken får ein god posisjon i det nye norskfaget. Då ein vedtok å slanke læreplanen, kunne ein ha vore uroleg for at nynorsken skulle stå lagleg til for hogg, men nynorsken har kome styrkt ut, seier norsklektor Tor Egil Furevikstrand til Nynorsk pressekontor.

Han jobbar som lektor og pedagogisk leiar ved Dale vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Han har òg vore med å jobbe fram den nye læreplanen i norsk og har mellom anna sete i læreplannemnda. I tillegg har han skrive ein artikkel om nynorsk i boka «Det (nye) nye norskfaget».

Artikkelen held fram under annonsen.

Nynorsken står sterkt

Furevikstrand peikar på at det var mykje positivitet rundt nynorsk då framlegget til ny læreplan var ute på høyring.

– Den store majoriteten i alle høyringane i prosessen har vore positive til å sikre nynorsken i norskfaget. Mange meiner i tillegg at nynorsken ikkje berre skal vere med, men òg at posisjonen skal styrkjast, seier norsklektoren.

– Blir rolla til nynorsken styrkt med den nye læreplanen?

– Eg tenkjer at ein har prøvd å gjere nokre grep som styrkjer nynorsken. Ein har høyrt på Mållaget når det gjeld å få ein tidlegare start på sidemålsundervisinga. No er det tydeleg at ein allereie på tredje og fjerde trinn skal jobbe med sidemål, svarer Furevikstrand og legg til:

– Målet er at elevane skal sjå forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål. Det er ein god start og sørgjer for at ein kjem i gang med arbeidet i begge målformer tidlegare enn før.

Vil ha ein samla karakter

Furevikstrand kunne ønskt at vurderingsformene hadde blitt diskutert meir i arbeidet med den nye læreplanen.

– Eg kunne tenkt meg at òg eksamensforma kunne vore diskutert i større grad. Slik kunne ein ha laga tydelegare koplingar mellom eksamen, standpunktvurdering og læreplan. Det trur eg hadde vore spennande og nyttig, seier han.

I den nye læreplanen kjem det òg fram at det blir slutt på karakter i sidemål til jul for elevar på 8. og 9. trinn i grunnskulen og på 1. og 2. trinn på vidaregåande. Lektoren peikar på at det er positivt at ein i den nye læreplanen vidarefører forsøket med berre ein karakter i norsk skriftleg på desse trinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan høyrest ut som ei svekking av nynorsken, men ein gir med det norsklæraren moglegheit til å jobbe lenger og meir med tekstar. Til no har det vore slik at ein heile tida må ha prøver og testar for at norsklæraren skal få breitt nok vurderingsgrunnlag slik at dei kan sette tre karakterar i norsk.

Han siktar til at vurderingstettleiken i norskfaget til no har vore for høg.

– Vi må gi norsklæraren betre tid til å jobbe med kvar enkelt tekst. Då trur eg òg elevane vil gjere det betre, seier Furevikstrand.

Målrørsla reagerer

Fleire i Målrørsla har reagert på den nye læreplanen. Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er kritisk til den nye karakterordninga.

– Det vil vere med på å senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og å auke språkskiftet frå nynorsk til bokmål i vidaregåande, sa leiar Magne Aasbrenn då den nye læreplanen var lagt fram.

Furevikstrand viser til at ein med den nye læreplanen ikkje skal lære mindre sidemål.

– Den nye læreplanen legg opp til rekordtidleg start med skriftleg sidemål. Gjennom systematisk opplæring skal sidemålskompetansen utviklast gjennom skuleåra. Ein sams skriftleg karakter i 8. og 9. klasse, og på Vg1 og Vg2, gjev elevane høve til å jobbe grundig med tekstar på både hovudmål og sidemål, og lærarar får betre tid til å gje læringsfremjande vurderingar, seier norsklektoren.

– Så lenge sluttvurderinga etter 10. trinn og Vg3 ligg fast, sikrar det kvalitet i sidemålsopplæringa, og ein sams karakter i undervegsvurderinga gjer begge målformene like viktige. Elevar vil ikkje få god karakter i norsk skriftleg utan å vere gode i sidemål, konstaterer han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aasbrenn meiner òg at ein med den nye læreplanen stiller lågare krav til sidemålskompetansen i sluttvurderinga.

– Det er rett at det har kome inn ei formulering som seier at ein skal ta omsyn til opplæringstida i sidemål i læreplanen, men dette er i tråd med den praksisen som vi har i dag. I eksamensrettleiinga står det nemleg at ein kan vente at elevane meistrar hovudmålet sitt noko betre enn sidemålet, seier Furevikstrand som ein kommentar til ytringa frå Aasbrenn.

Ser lyst på framtida

– Den nye læreplanen er utarbeida for å vere relevant fram til 2035, fortel Furevikstrand.

Han trur utgangspunktet nynorsken har fått i den nye planen er godt nok til å stå sterkt i mange år framover.

– Det har vore eit breitt arbeid, og ein har jobba med faget nedanfrå og opp. Lærarar på alle nivå har fått sagt sitt. Eg trur vi har klart å sikre posisjonen til nynorsken i ein lang periode framover, avsluttar han.

Les også: Jarand Felland: – Eit angrep på nynorsk