Denne bålpanna som stod på Høgøy i Vrådal er no borte.
Denne bålpanna som stod på Høgøy i Vrådal er no borte.

No har nokon skruva laus og tatt med seg bålpanna frå Høgøy

Bålpanna var festa med kjetting og bolta fast i fjellet. Igjen på staden låg ein skiftenykel.

I alt har Visit Vrådal og grunneigar Olav Øy sett ut benkar og bålpanner på Sinderholmen og på båe sidene av Høgøy. Dei fekk støtte av Arendalsvassdragets fond til trivselstiltaket, og har hatt planar om å gjera liknande på Fjukarholmen.

Men nyleg blei det oppdaga at det eine bålpanna på Høgøy var borte. Den var rett og slett skruva laus og tatt med. Dei som har gjort det let seg ikkje stoppa av at bålpanna var festa med kjetting og bolta fast i fjell. Tilbake låg ein skiftenykel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar dei som har gjort det sett den tilbake, seier Tor Arne Mælen i Visit Vrådal.

– Det blir trist om me må fjerne dette tilbodet for friluftsinteresserte bygdefolk og turistar, legg han til.

Mælen seier plassane er populære. Her kan folk ta med seg grillkol og mat og ha det triveleg.

Grunneigar Olav Øy har ikkje oversikt over når tjuveriet har skjedd, men reknar med at det må ha vore i løpet av september/oktober.

– Det er dumt at det ikkje får vera i fred, seier han.

Saka er ikkje meldt til politiet.