Hilde Martini Momrak delte historia om sonen Knut som omkom i ei drukningsulykke i Fyresvatn sommaren 2018.

Ministeren blei imponert: – Det er heilt fantastisk kva de har fått til her

Samfunnstryggleiksminister Tybring-Gjedde (Frp) hadde invitert seg sjølv til Fyresdal fordi ho hadde fått høyre om arbeidet til «Tak var på kvarandre - vi har ingen fleire å miste», som kom i etterkant av båtulykka der Knut Aslakson Momrak drukna i Fyresvatn i fjor sommar.

Overraskinga var stor både blant politifolka, raudekrosserane og andre som var til stades under samfunnstryggleiksministeren sitt besøk i Fyresdal. Ingvil Smines Tybring-Gjedde hadde sett av heile dagen. Dette ville ministeren vite meir om.

Politikontakt for Fyresdal, Bjørn Håvard Olsen, nytta høvet til å uttrykke frustrasjon over nærpolitireform, mangel på politi i distriktet og mykje ruskøyring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette gjeld i heile Vest-Telemark, sa han.

Oppfordra til å tenke nytt

Hilde Martini Momrak fortalde historia om sonen Knut som drukna i Fyresvatn for halvanna år sidan.

– Etter at Knut døydde, kom det fram mykje frustrasjon. Det er mykje fyllekøyring her, både på vatnet, på vegen og i fjellet, sa Momrak.

Politikontakt Bjørn Håvard Olsen hadde informert ministeren om det førebyggande arbeidet knytt til ruskøyring som blir gjort i Fyresdal. Han nytta også høvet til å uttrykke otte kring mangelen på nærpoliti i distriktet.
Ingvil Smines Tybring-Gjedde, Knut Austjore Heistad, Nora Aas Lund, Thea Veum og Hilde Martini Momrak.

– Når me vel å stå fram med vår historie kan me kanskje bidra til meir politi i bygda, og få fokus på og endre haldningar til køyring i ruspåverka tilstand, sa Momrak.

Etter at Knut døydde, kom det fram mykje frustrasjon. Det er mykje fyllekøyring her, både på vatnet, på vegen og i fjellet.

Ho fortalde at ho hadde vore bekymra for talet på ulykker og mengda med folk som køyrde medan dei var påverka av rusmidlar ei god stund før sonen hennar omkom.

– Eg hugsar at eg tenkte: Må nokon døy? Kvar er politiet? Så kom sommaren. Nokon døyr. Og det var sonen vår, sa Momrak, som meiner at ruskøyring på vatn bør medføre  at ein mistar sertifikat for bilkøyring.

– Det er det einaste som kan skremme. Dei forstår ikkje at dei kan døy, men dei forstår at dei kan miste lappen. Det må ha ein konsekvens, la Momrak til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnstryggleiksminister Tybring-Gjedde ville ikkje ta stilling til innspelet om å ta bilførarsertifikatet frå dei som køyrer båt i påverka tilstand fordi det er ein del av justisministeren sitt ansvarsområde, men sa seg einig med Momrak i at det å miste sertifikatet for bil kan ha større skremselseffekt enn det å risikere å dø.

– Me må ha eit politi som er nært, så eg ber ministeren om meir politi til Fyresdal. For det er ikkje berre oss i familien dette ramma. Det ramma alle dei involverte i ulykka og familiane deira, men også vener, studiekameratar, idrettslag og så vidare. Slikt som skjedde her får så enorme konsekvensar, poengterte ho.

Ser tendensar til ei endring

I etterkant av ulykka blei «Tak vare på kvarandre - Vi har ingen fleire å miste» etablert. Etter første møte blei også Hilde Martini Momrak invitert inn i gruppa.

– Eg har stor tru på at me kan bygge sterke unge som tør å seie nei. Dei vaksne er det mykje vanskelegare å få til å endre haldningar, så derfor har me fokus på dei unge i det arbeidet som er gjort. Og me meiner det har skjedd ei endring. Me har fått meir synleg politi. Politikontakt Bjørn Håvard Olsen er her ein gong i veka. Det har skjedd ei endring på heia om vinteren med mindre trafikk. Fleire ungdommar blir på hytta etter at dei har byrja å feste. Men me er langt frå i mål. Fyllekøyring er framleis utbreidd i Vest-Telemark, sa Momrak.

Både politi, ordførarar, rådmann, ungdomsleiar og folk frå Røde kors i Vest-Telemark var til stades på møtet i Fyresdal.

Engasjert minister

Samfunnstryggleiksminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde var djupt imponert av arbeidet som er gjort i Fyresdal.

– Det som har gjort meg veldig stolt når eg har reist rundt i landet, og som eg er ekstra stolt av her i dag, er korleis me står opp for kvarandre og bryr oss, sa Samfunnstryggleiksministeren.

– Det eg ser her, er den fantastiske jobben dei gjer for førebygging.  Å sikre alle mot alt mogleg hundre prosent er ikkje mogleg. Me lever og det er farleg å leve og det er alltid ein risiko i alle tiltak me gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentralisering

– Det å syte for at folk ikkje treng hjelp, er den aller beste beredskapen. Her i Fyresdal viser dei at dei står skulder ved skulder, og passar på kvarandre, tar vare på kvarandre, for ein har ingen å miste, seier Tybring-Gjedde.

– Med sentraliseringa som skjer, blir det folk att i distrikts-Noreg til å stå skulder ved skulder, undrar VTB.

– Jo, det blir det. Ein ting er kommunereforma, men det å bry oss og ha ei redningsteneste, det vil me ha fokus på alltid. Samfunnsstrukturen er under utvikling heile tida fordi me flyttar på oss og fordi utfordringane i samfunnet er annleis no enn dei var tidlegare.

Beredskapen er i stor grad, i tillegg til naudetatane, tufta på frivilligheit. Den lokale kunnskapen er viktig.

– Beredskapen er i stor grad, i tillegg til naudetatane, tufta på frivilligheit. Den lokale kunnskapen er viktig. Det har me sett fleire døme på her i dag. Hadde me hatt ein kommersiell eller offentleg statleg  redningsteneste, så hadde me ikkje klart å ha den lokalkunnskapen me har no, eller klart å rykke ut på kort varsel, sa ministeren.

– Kor stor del av den sivile beredskapen er frivillig i Noreg?

– Det er eit veldig vanskeleg reknestykke, så det veit me ikkje, svara Tybring-Gjedde.

– Så er det klart at i Noreg har me lenge hatt gode tider budsjettmessig sett. Me veit at det kjem til å bli avgrensingar framover. Det er fleire som blir eldre, og det er færre som skal sørgje for inntekter til landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om haldningar

Torfinn Straume,

Fyresdal brannvesen/Fyresdal Motorklubb:

Ungdommane har lært meir i år enn dei vaksne

– Me var dei første som kom til ein bil som låg og flaut i vatnet, og det var ikkje spylarveska som lukta alkohol. Personane var ikkje skadde, men det var veldig kaldt så me fekk dei inn på ei hytte til politiet kom. Poenget med denne historia er at då me fortalde det etterpå til andre vaksne folk, om at me hadde kontakta politiet, synast dei det var ganske dumt. Var det nødvendig? Det er dei haldningane vaksne folk har. Det er skremmande.

Påkjenning

Merethe Reinskås,

Fyresdal Røde kors:

– Eg er med i Røde kors hjelpekorps her i Fyresdal. Ei vanleg melding å få er: «73-åring frå Grimstad sakna frå hytte i Fyresdal. Kan ha blitt observert på laurdag». Men den 15. juli kom denne meldinga: «02.30: ALARM! Person sakna i Fyresvatn. Møt på tårnet snarast!». På veg ut i bilen kjenner eg at det er nesten så eg kastar opp. For eg veit at den personen eg skal leite etter er det svært sannsynleg at eg kjenner, eller til og med kjenner veldig godt.

Merethe Reinskås var også læraren til Knut.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 15. juli i fjor mista 21 år gamle Knut Aslakson Momrak livet i eit båtulykke på Fyresvatn.

- Knut hadde ikkje på seg redningsvest, båtføraren hadde drukke alkohol og dei krasja med ein båt som ikkje hadde på lanterne.

- Det tok tre og heilt halvt døgn før Knut blei funne.

- I etterkant starta Fyresdal Røde kors Spleis.no, som leia til «Tak vare på kvarandre – vi har ingen fleire å miste». I arbeidsgruppa sit mor til Knut, Hilde Martini Momrak, samt Reidun Nygård og Merethe Reinskås frå Fyresdal Røde kors, og Torfinn Straume frå Fyresdal Brannvesen/Fyresdal motorklubb.

- Arbeidsgruppa er ein del av ei styringsgruppe leia av rådmannen.

- «Tak vare på kvarandre – vi har ingen fleire å miste» jobbar med haldningsendringar og førebygging knytt til ruskøyring på veg, hei og vatn.