Det gamaldagse hotellet på Dalen høver godt for å skape stemning rundt ei kriminalgåte som skal løysast på NRK.
Det gamaldagse hotellet på Dalen høver godt for å skape stemning rundt ei kriminalgåte som skal løysast på NRK.

Krimserie på Dalen Hotell

I desse dagar har det vore spelt inn ein kriminalserie på Dalen Hotell, som skal sendast på NRK.

Anders Tangen i Viafilm er produsent for serien, og seier dei brukte ei veke på å filme scenene frå Dalen Hotell.

– Me ville ha eit høgfjellshotell som bakteppe, og syntest Dalen Hotell passa fint. I tillegg har me filma utandørsscener rundt Dalen, med fjell og dalsøkk, som vart fine naturbilete, seier Tangen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han rosar lokalbefolkninga sin innsats som statistar og anna hjelp.

– Alltid når me rykker inn lokalt er me heilt avhengige av hjelp og støtte frå dei som bur på plassen me skal filme. I dette tilfelle har alle vore til særs god hjelp. Både ordførar, reiselivsnæring og innbyggjarar, held han fram.

Ferdig 1. Oktober

Viafilm brukte ei veke på å filme scenene som skulle brukast i serien «Magnus».
Viafilm brukte ei veke på å filme scenene som skulle brukast i serien «Magnus».

– Me sender serien i frå oss 1. oktober, og då er det opp til NRK når den blir vist for publikum. Det er nett-TV som er det den vanlegaste distribusjonskanalen nå, så det er ikkje ei fast sendeflate, seier Tangen.

Produsenten er løyndomsfull når det kjem til handlinga i serien, men kan seie at det handlar om ein noko sær detektiv.

– Hovudkarakteren som heiter «Magnus» og er ein snodig kar som vert spela av Vidar Magnussen. På eit vis er det ei blanding av den rosa panteren og den for tida populære amerikanske serien «Stranger Things», fortel Tangen.

– Serien tek også for seg erkenorske fenomen som troll, i tillegg til science fiction, held han fram.

Ut av Oslo

Artikkelen held fram under annonsen.

Serien er tinga av NRK og Tangen seier det er eit mål å ta i bruk heile landet i dramaproduksjon.

– Ein kan ikkje berre lage film og TV frå Oslo. Me var på research her og likte det me såg. Eg har elles studert i Bø, og kjente Telemark godt frå før, seier Tangen.

Han trur også lokalsamfunnet vil ha noko att for innspelinga.

– Eg trur det er fint for næringslivet at me legg igjen litt pengar. Dalen vert jo også eksponert i serien, som sikkert reiselivsnæringa set pris på, seier han.

Serien skal også spelast inn med engelsk dialog. Dette for å gjere seg aktuell for sal til utlandet.

– Målet vårt er å få vist den til andre land. Slik sett vil me nå heile verda, avsluttar Tangen.