Gunnar Torvund er død
Bildekunstnar og målar Gunnar Torvund frå Kviteseid døydde måndag.
AvisaVarden skriv at Torvund hadde familien rundt seg på sjukehuset i Skien då han måtte gje tapt for kreften, 71 år gamal.
– Det er eit stort tap å miste ein av våre fremste kunstnarar. Ein nasjonal kunstnar, med stort nedslagsfelt. Det er vel ikkje ein kommune i landet som ikkje har eit verk eller ei utsmykking av Torvund, sa Andreas Rishovd ved Kunsthall Grenland til Varden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kunstnaren blei fødd i Nærbø på Jæren i 1948. Han utdanna seg ved Kongelige Danske Kunstakademi i København (1968–1970) og ved Statens kunstakademi (1970–1972). I 1971 debuterte han på Haustutstillinga med «På flyplassen – eg vil heim», og markerte seg sterkt.
Torvund flytta til Kviteseid i 1972.