Carina Thorvaldsen, Frp.
Carina Thorvaldsen, Frp.

Frp kan få to i kommunestyret i Seljord: – Vil slåst for skulen

Den yngste Frp-politikaren på valvaken i Seljord melde seg inn i partiet etter flyktningkrisa.– Det er betre å hjelpe dei der dei er, seier Carina Thorvaldsen som lokalt er mest engasjert i skulespørsmål.

24-åringen seier at ho gjekk inn i politikken for eit par år sidan og fann plassen sin i Framstegspartiet. Til dagleg er ho opptatt av jobb, barn og studiar. No ventar ho spent på valresultata.

– Mykje kan skje. Me er det einaste partiet som ikkje har kummulert nokon, så ingen er garantert den plassen dei har på lista, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først innhald

Thorvaldsen studerer spesialpedagogikk, jobbar som lærarvikar og som assistent på Heddeli.

– Eg er einig både i skattepolitikken, skulepolitikken og eldrepolitikken til partiet mitt, seier Thorvaldsen.

– Mest av alt er eg opptatt av å få til gode mobbetiltak i eit samarbeid mellom skule, lærarar, politikarar, foreldre og skuleleiinga.

Thorvaldsen meiner det er større behov for betre innhald i skulen, framfor utbetring av skulebygg.

Situasjonen for flyktningbarna er ikkje bra. Det sit elevar på skulen utan tolk i timevis, og dei kan ikkje ein gong skrive på sitt eige morsmål, seier ho.