Frontkollisjon i Høydalsmo

To bilar har hatt ein frontkollisjon på E134 i Høydalsmo. Det var fire personar involvert i ulykka. Alle skal no vere ute av bilane. Det virkar som det ikkje er personskader, men alle køyrast til legevakt for vidare sjekk. Politiet omtalar ulykka som eit hendeleg uhell, og at ingen sak vil opprettast. Trafikken går sakte forbi ulykkesstaden.