annonse

E134 open att ved Vinje kyrkje

Mellombels stengt
Mellombels stengt: – Det var her i Haugeminnesvingen ei steinblokk måtte sprengast for å ikkje risikere at den fall ned i vegbanen, fortel byggjeleiar i Statens vegvesen, Dag Rune Kvålen. (Foto: Geir Ufs (arkivfoto))

Under arbeidet med utbetring av Haugeminnesvingen på E134 ved Vinje kyrkje blei ei stor steinblokk liggjande på vippen 15 meter over vegbanen. Av fare for at blokka skulle falle ned, blei vegen stengt, men 17.30 torsdag opna vegen att.

Anne Sofie Tresland

– Under sprenging av ei lita salve lausna ein stein på mellom femti og hundre kubikkmeter. Denne blei liggjande på kanten kring 15 meter over vegbanen. Risikoen var stor for at steinblokka kunne falle ned i vegen, forklarar byggjeleiar i Statens vegvesen, Dag Rune Kvålen om grunnen til stenginga av vegen.

Håpar på snarleg opning

Vegen blei stengt i 14-tida onsdag, men opna att torsdag kveld. Kvålen fortel at steinblokka måtte sprengjast bort, men for å få til dette måtte det lagast ein liten vegstubb. Blokka blei sprengt i to omgangar, fyrst onsdag kveld, og den siste torsdag morgon.

– No står det att ein del oppreinsk, men me håpar å få opna vegen att i løpet av ettermiddagen, sa Kvålen til Vest-Telemark blad torsdag føremiddag.

Medan stenginga pågjekk blei trafikken dirigert via Arabygdi og Rauland, noko som førte til ein dryg to mils omveg.

Vegdebatten går

Ekstra trafikk merka også folk som bur langs det som no heiter fylkesveg 3422, den tre mil lange vegen mellom Nutheim og Straume-krysset. På Facebook blei trafikkmengda mellom anna kommentert slik:

– No er det berre å få bygt ny veg frå Svartdal til Grungedal snarast råd.

Kvar vegen bør gå i framtida er det delte meiningar om. Uttalen kom nok ikkje frå nokon av dei 488 medlemene i Facebook-gruppa Langlim – Gjevarvatnet, gruppa for folk som ikkje vil ha ny E134 gjennom Langlim, langs Valetjønn og Gjevarvatnet.

– Me brukar gruppa til å mobilisere, førebu høyringsuttale og koordinere lobbyverksemd, heiter det i omtalen.

Kva tid siste ord i denne vegdebatten er sagt, står att å sjå. Inntil vidare snirklar bilar og vogntog seg framleis gjennom Haugeminnesvingen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse