Jeanett Heistad (t.v), Tale Maria Krohn Engvik betre kjent som Helsesista og Nina Krossli synest alle det er viktig å fortelje dei unge at dei er gode nok som dei er.
Jeanett Heistad (t.v), Tale Maria Krohn Engvik betre kjent som Helsesista og Nina Krossli synest alle det er viktig å fortelje dei unge at dei er gode nok som dei er.

– Du er god nok, fin nok og bra nok akkurat som du er

Med desse orda rungande ut i Vrådal grendehus innleia bygdas sanitetslag ein kveld med foredrag, film og besøk av heile Noregs Helsesista med kampen mot «skjønnhetstyranniet» som tema.

– La oss fokusere på det kroppen kan og ikkje korleis den ser ut, innleia leiar Nina Krossli.

Ho fortalde at sanitetslaget hadde lyst til å gjere noko for dei unge, og auke medviten deira når det gjeld helse og livsval. Det var lagets yngste medlem, Jeanett Heistad som tok initiativ til å invitere Tale Maria Krohn Engvik, betre kjent som Helsesista, til Vrådal. Men fyrst var det Heistad sjølv som fortalde sin historie om korleis ho lenge hadde eit vanskeleg forhold til kropp og mat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingenting er perfekt, minna Heistad dei unge om, og fortalde om korleis bilde i mellom anna reklame og bloggar blir retusjerte, og at mange opererer både kropp og ansikt for å sjå «perfekt» ut.

Kjenner seg att

Det var nesten fullt i grendehuset av både unge og vaksne. Tre elevar frå Kvitsund gymnas hadde også tatt turen. Dei kjente seg att i mykje av det som blei tatt opp.

Amalie Auran (f.v), Miriam Nordbø og Johan Patrick Olsen er alle elevar på Kvitsund Gymnas. Dei kjente seg att i mykje av det som blei snakka om på temakvelden.
Amalie Auran (f.v), Miriam Nordbø og Johan Patrick Olsen er alle elevar på Kvitsund Gymnas. Dei kjente seg att i mykje av det som blei snakka om på temakvelden.

– Mange slit med eteforstyrringar, men ein ser det ikkje så godt fordi dei er normalvektige, seier Amalie Auran (18).

– Me bur saman med sju andre jenter på internatet og då høyrer me heile tida korleis andre klagar over forskjellige ting som handlar om kropp og utsjånad. Det er veldig lett å bli påverka av kvarandre også, seier Miriam Nordbø (18).

– Ja, det er veldig viktig å vite kva som er sunt, tenke positivt og ikkje rakke ned på seg sjølv, seier Auran.

– Eg har tenkt at eg skal henge ein lapp på spegelen der det står at eg bra nok, men eg har ikkje gjort det endå. Det handlar veldig mykje om korleis ein tenker, seier Nordbø.

I diskusjonen om kroppspress og eteforstyrringar er det ofte ei tendens til at det blir snakka mest om unge jenter, men også gutar kan kjenne på kroppspresset.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ofte litt for mykje fokus på jenter, synest eg. I reklamane er også gutar framstilt med perfekte kroppar, og presset er utbreitt blant gutar også. Mange tenker på om dei har store nok biceps eller den perfekte sixpacken, seier Johan Patrick Olsen (16).

Helsesista-stjerna

Kveldens store trekkplaster var Helsesista. Tale Maria Krohn Engvik er truleg så nært ei helsesyster kjem å vere rockestjerne. Engvik var tilsett som helsesyster på fire ulike vidaregåande skular i Oslo fram til for omtrent eitt år sidan. Ein dag hang det ein lapp på døra hennar då ho kom på jobb. Der stod det: Helsesyster er her kvar gong det er fullmåne og rektor haltar. Då fann Engvik ut at ho kunne gje deei unge eit betre tilbod og vere meir tilgjengeleg om ho heller var helsesyster gjennom Snapchat. Der heiter ho Helsesista. Ho hadde rett. Kontoen hennar renn nærast over av spørsmål frå følgjafølgjarar. Ho tar opp alt frå overgrep, venskap til sex og kroppspress.

– Me snakkar ofte stygt til oss sjølve, ikkje sant? Eg har så korte bein, eg har hengerumpe og slike ting. Faktisk mobbar me oss sjølve. Kvifor er me eigentleg så dårlege vener for oss sjølve, spør Helsesista.

Ho prøvde å få dei unge til å stille spørsmål, men det var ikkje så lett. Kanskje dei alt hadde sendt henne spørsmål på snap? Tema som porno, venskap og grenser blei tatt opp.

Til slutt inviterte Helsesista alle som ville opp til eit «happy moment». Det vart dans, glad latter og sjølvsagt mange snappar saman med dei frammøtte.

Arrangørane var godt fornøgde med kvelden. Nå ser dei vidare.

– Til neste år kan det hende me samarbeider med Kviteseid sanitetslag om eit større arrangement. Me har lyst til å gjere meir som er retta mot unge og psykisk helse, avsluttar Nina Krossli.