I boka «Norske ødegårder – Historien om stedene vi forlot» lèt Øystein Morten gardane fortelje si eiga historie, dels gjennom bilete – som dette.

Den forlatne futegarden

Gamal stordom og moderne øydegard. Dét er noko av historia til Roeid i Kviteseid. I tillegg har garden ei fortid som barneheim, der den seinare så kjende aktivisten Ola Ødegaard fyrst fekk prøve korleis det var å vera under samfunnets omsorg.

Det er mars 1951. På Dombås stasjon står tre små gutar. Det er endå vinter så høgt til fjells. Dovre vergeråd har avgjort at foreldra ikkje lenger kan ha omsorg for dei tre gutane. Ungane hadde fått lite og inga oppfylging i heimen sin – det var dårleg med mat, stell og kjærleik. Foreldra hadde seld garden, og budde i eit kommunalt hus. For at familien skulle greie seg vart barna lært opp til å stele og tigge.

Var ikkje heime att på besøk

Der i vinterkulda står dei to tvillingane på 9 år og storebroren på 11 og ventar på Dovrebanen som skal ta dei til Oslo. Dei har teke farvel med familien sin; sysken, bestefar og foreldre, samt vener. Det skal gå år før dei ser dei att. Saman med gutane står ein representant for styresmaktene, ei vaksen kvinne, som skal fylgje dei eit stykke på veg. Toget rullar inn på Østbanen i Oslo. Derfrå må det vesle fylgjet koma seg til Vestbanen der toget på Sørlandsbanen ventar. På Bø stasjon skal dei av. Så langt har dei vore så nokolunde trygge saman med kvinna. På jernbanestasjonen stod ein eldre kar og tok imot dei. Så bar det til Kviteseid og oppover bakkane til Roeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Husa på garden var gamle og store, og jorda var vide, er dét den vesle fosterungen kan minnast om fyrsteinntrykket av staden som skulle bli heimen hans framover.

I praktbok om fråflutte gardar

Akkurat kor stor garden er kan oppslagsverket Norske gardsbruk gje svar på. Kring seksti mål dyrka mark høyrer til gardsbruket som har eit våningshus frå 1823 og ein låve med fjøs og stall frå 1883. Nå har den gamle futegarden fått ny aktualitet att – som ein av ni fråflytta gardar i landet som er representert i boka Norske ødegårder. Praktboka, som blei utgjeven på forlaget Vigmostad og Bjørke i 2017, er skriven av Øystein Morten. Morten er kjend av mange i Vest-Telemark, i det han i fleire år var tilsett ved museet i Eidsborg og busett med familien i Øyfjell. Bileta i boka er tekne av Pål Hermansen.

Om den tidlegare stordomen på Roeid skriv forlaget i omtalen av boka:

Den tidlegare så staselege garden med hage og plen er no i ferd med å bli heilt overgrodd.
– I barndomsheimen blei eg opplært til å stela og tigge, fortel Ola Ødegaard om dei vanskelege barneåra heime på Dombås før han blei «sett bort» i fosterheim i Kviteseid.
Det barnlause ekteparet Anne Marie og Ola Ødegaard har sidan dei gifta seg i 1978 vore busette på Dokka i Oppland.
Medeleven Øydis Tveit minnest godt barneheimsbarna og den avhaldne læraren Asbjørn Schaathun. No er bygningen grendehus.

– Ein gong var dette futens gard og eit prakthus i empirestil. Aasmund Olavson inje var fast gjest her, Ole Bull spela til dans i stoga, Henrik Ibsen trudde sjølv at han var unnfanga her og Sondre Norheim laga ski i uthuset på Roeid.

Dyrt og vanskeleg å halde forfallet unna

Kor snart forfallet set inn, og kor vanskeleg og dyrt det er å halde unna, veit forfattaren ein del om. No bur han på eit gardsbruk i Numedal, der verken dei mange uthusa eller dei tre stølane er i bruk. Å redde desse bygningane ser han på som vanskeleg.

– Produksjonskulturen bygningane på garden min var ein del av, er død. Det er ikkje mi skuld, det er historias gang, poengterer Morten i føreordet til boka.

Det vil sikkert eigarane av dei ni gardsbruka som er omtala i boka, nikke attkjennande til. Mange landsdelar er representerte i praktverket som har undertittelen «Historien om stedene vi forlot». Den eine av desse gardane er altså Roeid, som er presentert over 14 sider med i alt 12 bilete. Fotografia syner bygningar til nedfalls og eit overgrodd tun.

Den tidlegare så staselege garden med hage og plen er no i ferd med å bli heilt overgrodd.

Vekkjer vonde minne

I det me svingar inn ved bustadhuset i sentrum av Dokka legg me merke til blomehavet og den svært velstelte hagen. Ekteparet som bur der legg tydeleg sjela si i å stelle med alt levande. Kona Anne Marie, som gjennom livet har arbeidd som lærar, får heile æra for det frodige og velordna uteområdet kring huset. Kontrasten til gardstunet på bileta i boka kunne knapt ha vore større.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ola Ødegaard sit i godstolen i stova si heime på Dokka og blar. Greier fyrst knapt å kjenne seg att når han ser bileta. Men så dukkar minna opp. Han oppdagar vindaugo i våningshuset og minnest rommet der han og dei to brørne hans låg. Så kjem han i hug den minste av fosterungane, ein gut på fire-fem år, som låg på eit anna rom. Liten og redd som han var, hende det at det «gjekk gale» i senga. I den tilgrisa senga blei den vesle guten liggjande, uvisst kor lenge. Slike minne, om mishandling og vanskjøtsel, har 77-åringen bore med seg heile livet.

– I barndomsheimen blei eg opplært til å stela og tigge, fortel Ola Ødegaard om dei vanskelege barneåra heime på Dombås før han blei «sett bort» i fosterheim i Kviteseid.

Ei anna tid med andre normer

Ødegaard minnest måltida. Dei sju gutane fekk ikkje sitje saman med storfolka, som er omgrepet Ødegaard brukar om vertskapet. Den tidlegare fosterungen meiner barna fekk både lite og dårleg mat – noko han i alle fall hugsar svært godt er at han ofte gjekk svolten til sengs. Mange dagar trøytt og sliten etter alt det tunge gardsarbeidet. Sjølvfolket var strenge på at ungane skulle arbeide for maten dei fekk. Han fortel også at det hende det blei sagt frå til skulen om at nokre av gutane var sjuke, medan sanninga var at dei blei haldne heime for å arbeide. Kanskje ikkje så uvanleg mange stadar den gongen.

– Det var ei anna tid. Det var andre normer som galdt den gongen, seier han tenksamt.

Syskenflokk på ti utan oppfylgjing

Godt og trygt hadde han heller ikkje hatt det heime på Dombås. Foreldra hans gifta seg i 1929 og fekk i alt ti ungar. Dei tre som seinare kom til Kviteseid var midt i syskenflokken. 77-åringen fortel om ein barndomsheim prega av omsorgssvikt. Om ungar som måtte greie seg best dei kunne eismale.

– I barndomsheimen opplevde eg aldri kjærleik, seier den aldrande mannen alvorleg.

Den einaste trygge personen var bestefaren, som budde i nærleiken.

– Han viste veldig stor omsorg, og ville ofte at eg skulle overnatte der, legg han til.

Det var heller ikkje akkurat omsorg han minnest sambygdingane baud dei. Tvert imot. Familien blei hengde ut blant bygdefolket på Dombås. Så dårleg lika Ola etternamnet sitt at han, så snart han var 21 år gamal og myndig, søkte om å få byte namn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Namnet Lisødegaard hadde så dårleg klang, forklarar han.

Eit kjapt søk på internett syner at gardsnamnet Lisødegaard ikkje er i bruk som etternamn i det heile lenger.

Fekk ein lærar som viste stor omsorg

– Korleis blei så livet etter at han blei teken bort frå foreldra?

Best hugsar han dette at ungane måtte sitje i eit eige rom på Roeid og eta. Maten var simpel, og gutane gjekk ofte svoltne frå bordet. Men på denne tida torde dei ikkje å snakke om det. Elles minnest han at middagen blei servert seint på dagen. Så var det alt arbeidet. Han er klar over at det på denne tida var heilt vanleg at ungane tok del i gardsarbeidet, men han meiner dei blei sett til oppgåver som dei var altfor unge til å utføre. Skuledagane sine hadde Roeid-gutane på Tveitgrend skule, som ligg ein halv kilometers veg opp frå garden. Ola Ødegaard lyser opp når han snakkar om skulen. Der hadde han og brørne hans det fint. Læraren deira, Asbjørn Schaathun, kan han ikkje få fullskryte. På skulen blei dei behandla som vanlege elevar, og hadde stor framgang i alle fag.

Å bli behandla som vanlege elevar. Frå Ødegaard kjem orda ut som om det er noko heilt alminneleg å seie. Smak på dette: Å bli behandla som andre. Slik snakkar ein som har opplevd å stå utanfor fellesskapet både før skuleåret i Kviteseid og etter.

Evneveik stifta taparforeininga

Seinare blei han sendt på spesialskule på Ekne i Levanger, ein skule for evneveike. Dermed fekk han stempelet som evneveik. Likevel meiner han opphaldet der blei skjebnesvangert. Skjebnesvangert i den forstand at hadde det ikkje vore for tida og opplevingane der, hadde det aldri skjedd at Rettferd for taperne hadde blitt stifta.

– Veldig mange hadde på det tidspunktet søkt oppreising sjølve, men hadde ikkje greidd å nå fram. No har eg totalt hjelpt nesten tre tusen menneske med å søkje rettferdsvederlag frå stat og kommune, poengterer han.

Av saker som gjev erstatning nemner taparforeininga feilplassering på barneheim og i fosterheim, manglande inngripen, seksuelle overgrep, mangelfull skulegang og mobbing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje alle menneska Ødegaard har kome i kontakt med gjennom taparforeininga har halde seg på rett side av lova. Somme har ein bakgrunn som har ført til at dei har enda som kriminelle. Dét kunne Ola Ødegaard også ha blitt, han som var lært opp heimanfrå til å stela og tigge. Sjølv opplevde han å bli utpeika som den største forbrytaren i syskenflokken.

– Var du tjuvaktig medan du var i Kviteseid?

– Nei. Og eg har heller aldri vore det sidan, svarar Ødegaard, som ikkje stikk under stol at fleire i familien er dømde og straffa, spesielt for steling.

Måtte flytte ut etter tilsyn

For dei tre små gutane frå Dombås som ein dag stod på tunet på Roeid skulle ikkje tilværet bli som forventa. Eitt år gjekk og mange undra nok på om alt var som det skulle vera i fosterheimen på Roeid, sjølv om Ødegaard ikkje trur tilsynsmyndigheitene i Kviteseid visste korleis tilstandane var.

– Dei trudde nok det var velstand og bra, understrekar han.

Lærar Asbjørn Schaathun var den som tok affære. Han hadde nok mistanke om at ikkje alt var som det skulle vera i fosterheimen. Ein dag bad han gutane frå Roeid bli att på skulen etter at dei andre elevane hadde reist heim. Læraren hadde stor omsorg for gutane, og dei hadde tillit til han. Han var ein person dei kunne seie alt til.

– Då fortalde me korleis me opplevde å ha det på Roeid. Schaathun varsla så vergerådet og lensmannen i Kviteseid, og ein ettermiddag kom dei på uanmeldt besøk. Dei fekk stadfesta at det ikkje var noko slaraffenliv me barna blei utsett for. Dei fekk også sjå ei seng der det var urin og ekskrement, og der kvit mark kraup i sengetøyet. Seinare på kvelden blei det halde eit møte, og me fekk beskjed om å leggje oss. Neste morgon var meldinga: De treng ikkje gå i fjøset. Då var det altså gjort vedtak om at alle gutane skulle flyttast ut, fortel Ødegaard, som hugsar godt at det var den avhaldne læraren Asbjørn Schaathun som køyrde dei bort frå garden.

Blei skilt frå brørne

Og korleis blei livet for den no 10 år gamle guten Ola?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei reiste som dei kom, med tog. Utan å vita noko som helst om kvar vegen vidare bar. Det var no altså eit drygt år sidan dei tre brørne hadde sett foreldra sine. Men det var ikkje tilbake dit dei skulle. Neste stopp var Grimerud guttehjem på Stange. Seinare skildest vegane deira. Tvillingbror til Ola og den eldre broren kom i fosterheim på Lesja. Men Ola, han blei sendt til Trøndelag på Ekne offentlege spesialskule for evneveike barn. Kvifor? Det har han aldri fått svar på.

Trass vanskelege barndoms- og ungdomsår, dei tre brørne har alle greidd seg bra i livet. Lærar Schaathun var eit ljospunkt i tilværet deira i Kviteseid. Ødegaard omtalar han som eit svært godt medmenneske, og dei to hadde mykje kontakt seinare. Med noko kontakt med dei andre fire gutane i fosterheimen har han aldri hatt sidan dei flytta frå Roeid.

Vendepunktet

Det store vendepunktet i livet skjedde då han møtte Anne Marie frå Øyer. Akkurat no svinsar ho blidt rundt og serverar kaffi og heimebaka kringle. Ola Ødegaard ser kjærleg og takksamt på henne:

– Eg hadde eit dårleg liv fram til eg gifta meg. Då, då fyrst blei eg vurdert som eit menneske.

Det barnlause ekteparet Anne Marie og Ola Ødegaard har sidan dei gifta seg i 1978 vore busette på Dokka i Oppland.

– Dei hadde det elendig

I åra det var barneheim på Roeid var det mange elevar på Tveitgrend skule. Øydis Tveit, som er fødd i 1940, gjekk saman med brødreflokken frå Dombås og dei andre fosterheimsbarna på skulen. Ho minnest denne tida godt og kor elendig borna på Roeid hadde det, med mykje arbeid og lite mat.

Åt grisemat

– Ei nabokone, som også hadde arbeidet med å vaske på skulen, hadde grisar. Ho koka jordeple til grisane, og ungeflokken frå Roeid stakk gjerne innom på veg til og frå skulen. Når dei fekk eit nykoka varmt jordeple, blei dei sjeleglade, hugsar Tveit.

Klårt i minnet hennar står også joletrefestane på skulen, og korleis ei vaksen dame kom som ei gåsemor med heile ungeflokken etter seg opp til skulen.

– Den tida blei det servert kakao og jolekake på joletrefestane, og me såg korleis det lyste ut av augo på ungane frå Roeid. Dette var tydeleg eit festmåltid for dei, seier medeleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medeleven Øydis Tveit minnest godt barneheimsbarna og den avhaldne læraren Asbjørn Schaathun. No er bygningen grendehus.

Trøytte og medtekne

Øydis Tveit fortel at det var læraren, Asbjørn Schaathun, som tok tak i saka og varsla barnevernet og lensmannen.

– Læraren la merke til at ungane var så trøytte då dei kom på skulen, og dei hadde dårleg med mat med seg. Ja, me ungane forstod også at barneheimsbarna ikkje hadde det bra, seier ho.

Då tilsynet kom oppdaga dei at det kraup mark i sengene til ungane.

– Så madrassenene måtte berre hivast ut. Du veit, ungane var så redde at dei pissa på seg, forklarar Tveit, og understrekar at det er sant alt som Ola Ødegaard seier, og har skrive, om korleis barna blei behandla.

– Dei hadde det nok voldsomt vondt, konkluderer den tidlegare medeleven.

– Korleis opplevde de bygdeungane barneheimsbarna?

– Som heilt vanlege medelevar. Det var ikkje noko fanteri med dei, poengterer Tveit.

{{facts}}

* Fødd i 1942 på Dombås.

* I 1951 vedtok Dovre vergeråd å «setje bort» Ola og to av brørne hans til fosterforeldre i Kviteseid.

* På Roeid var det frå før fire andre fostersøner.

* Gutane frå Dombås blei verande der eit par år til vergerådet i Kviteseid, etter eit uanmeldt besøk på garden, vedtok å flytte ut alle barna umiddelbart.

* Ola blei då sendt til Ekne offentlege barneskule for evneveike som heldt til i Falstadbygningen i Levanger.

* I vaksen alder arbeidde han mest som skribent; frå 1963 til 1966 som jounalistlærling i Gamle Aker Budstikke i Oslo, som journalist i Arbeidets Rett på Røros i tida 1966–1969, frå 1969 til 1977 i Fremover i Narvik og i dagsavisa Samhold på Gjøvik frå 1977 til 1993.

* I 1978 gifta han seg med Anne Marie Svegården frå Øyer. Dei busette seg på Dokka, der dei seinare har budd.

* I 1993 grunnla han stiftinga Rettferd for taperne, og var generalsekretær for organisasjonen fram til 2015. Foreninga har bidrege til at nesten 1800 personar har fått pengar frå stat og kommune som erstatning for overgrep, mishandling, omsorgssvikt og ein øydelagt barndom.

* Har motteke ei rekkje prisar og heider for arbeidet sitt; i 2005 blei han tildelt Kong Haralds fortenestemedalje i gull, i Jonasprisen frå Oslo Universitet i 2006, John Alvheims ærespris i 2006 og Velferdsprisen i Oslo for 2012.

* Har gjeve ut bøkene «Ingen barndom» på J. W. Cappelen forlag AS i 1985, og «Vinneren» på Genesis forlag i 2002, båe fortalt til og ført i pennen av Arvid Møller.

* I 2017 gav han ut boka «I instiutsjonens klør» på eige forlag.

Kjelder: wikipedia.no og Ola Ødegaard