Valansvarleg Reidun Lofthus og valmedarbeidar Knut Seltveit fortel om mykje logistikk, men at alt har gått greitt føre seg. 
Valansvarleg Reidun Lofthus og valmedarbeidar Knut Seltveit fortel om mykje logistikk, men at alt har gått greitt føre seg. 

Auka valdeltaking i Vinje

Om lag 67 prosent av vinbyggane har røysta ved kommunevalet i år. Det er ein auke på sju prosent. – Me har jobba for å få fleire til å nytte røysteretten, seier valansvarleg Reidun Lofthus.

Det er framleis hektisk oppteljing på kommunehuset i Åmot. Vallokala stengde klokka åtte, og røysteurnene frå dei seks valkrinsane skal ned frå Arabygdi, Rauland og Edland. 

Valansvarleg Reidun Lofthus og valmedarbeidar Knut Seltveit fortel om mykje logistikk, men at alt har gått greit føre seg. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mykje logistikk og mykje å halde oversikt over. Men det er eit røynd vallstyre som er i sving, seier Lofthus.

– Valkrinsane har vore særs flinke, og me har nesten ingen forkasta røyster i år. Ved valet for to år sidan var det ein del røystesetlar som var bretta feil, slik at dei vart forkasta. Slik har det ikkje vore i år, seier ho. 

Vinje er einaste kommunen i Telemark som har elektronisk mantall. Det lettar noko på oppteljingsarbeidet.

– Det er slik at alle innbyggjarane i Vinje kan røyste på alle seks vallokala, utan at det vert rekna som framande røyster. Det gjer det lettare å telje opp røystene, legg ho til.

Valdirektoratet krev framleis manuel oppteljing, og Lofthus trur ein skal ha telt opp det meste før midnatt.  

Dei er også nøgde med den auka valdeltakinga.

– Me har vore opptekne av å auke valdeltakinga, og har vore aktive på facebook og annonsert meir. Det har også dei politiske partia jobba for, seier Lofthus.