annonse

Advokaten som eig Morgedal hotell er sikta for grovt underslag

Eigar under etterforsking
Eigar under etterforsking: Morgedal hotell-eigar, Halstein Sjølie, er under etterforsking for grovt underslag. (Foto: Geir Ufs)

NRK melder fredag kveld at advokaten som også eig Morgedal hotell, Halstein Sjølie, er sikta for underslag av 30 millionar kroner.

Tone Tveit

NRK Østfold melder fredag kveld at økokrim har gått til aksjon mot kontora til advokat Halstein Sjølie, og at advokaten er sikta for grovt underslag av 30 millioner kroner.

– Han har erkjent straffskyld i høve til siktinga. Siktinga går på 30 millionar kroner, men det er nok rett å seie at storleiken på beløpet er noko uklart, sier forsvarar Vegard Aaløkken til NRK.

I midten av oktober skreiv VTB at Ifølge Moss Dagbladet var advokat og eigar av Morgedal hotell, Halstein Sjølie, sett under forvalting av Tilsynsrådet for advokatverksemd. Finanstilsynet hadde også vedteke at han skulle avvikle eigendomsmeglingsoppdrag.

NRK melder vidare fredag at politiadvokat Åsne Hana Torgersen stadfestar at Sjølie er sikta for grovt underslag.

– Me fekk ei anmelding frå Finanstilsynet i starten av oktober. På bakgrunn av den valgte me å opne etterforskning, seier ho.

Sjølie har dei seinare år arbeidd med fleire eigedomsprosjekt, og har mellom anna sidan 2016 eigd Morgedal hotell. 

I september vart det kjent at Morgedal hotell stod i fare for å gå konkurs, då dei skulda skatteetaten 1,2 millionar kroner. 

Skatteetaten godkjente nedbetalingsplanen til Sjølie og trekte konkurssaka

Tidlegare blei det kjent at Sjølie likevel ikkje kjøper Seljord hotell.

VTB har ikkje fått svar på spørsmål sendt til Sjølie om dette får konsekvensar for Morgedal hotell.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse