Tidlegare i år hadde brannvesenet ei brannøving på Vildalen-huset i Åmot
Tidlegare i år hadde brannvesenet ei brannøving på Vildalen-huset i Åmot

41 branndøde i Telemark sidan år 2000

I perioden 2000 til 2017 var det 2 896 bygningsbrannar i fylket. Dei mest brannfarlege månadene var januar med 359 brannar, og desember med 341. Éin person er så langt i år omkome i brann i Telemark.

– Levande ljos, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i advent- og juletida, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka, melder Vest-Telemark brannvesen og Vest-Telemark kraftlag i ei pressemelding.

Dei minner om at det var brannvarslarens dag på laurdag, 1. desember. Om du ikkje hugsa å byte batteri i varslarane du har i heimen denne dagen, gjer det i dag.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Kople røykvarslarane saman

– Du bør kople røykvarslarane saman, slik at alle varslarane pip samstundes ved brann. Dette kan gje deg verdifull tid til å evakuere, til dømes om ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vere med på å redde liv, skriv dei.

Brannvesenet og kraftlaget minner også om at røykvarslarane bør bli testa jamleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg – det aukar levetida til varslaren.

40 000 bustadkontrollar

Om lag 40 000 husstandar over heile landet vil frå 4. - 6. desember få besøk av lokale brannvesen/feiarvesen og eltilsyn med tilbod om gratis og uforpliktande sjekk av brann- og eltryggleiken i bustaden. 

– Det er ein enkel kontroll av branntryggleiken, med rettleiing og informasjon. For dei som bur i huset er sjekken frivillig og kontrollørane vil legitimere seg når dei ringjer på.

På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken. Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brann- og feiarvesenet, Det lokale eltilsyn, Norsk brannvernforening, Gjensidige og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.