annonse

Lesarinnlegg: Ta vare på eit levande lokaldemokrati

Det var med undring eg las rådmannen sitt framlegg om å redusere talet på representantar i kommunestyret i Seljord. Ei halvering frå 21 til 11 representantar er eit drastisk forslag, og vil gje eit dårlegare lokaldemokrati i Seljord.

I dag har kommunestyret 7 parti representert. 4 av desse har berre ein representant. Det er bra for lokaldemokratiet at me i Seljord har fleire parti. Det å ha fleire parti og ein viss storleik på kommunestyret medverkar til fleire synspunkt og idear, meir variert yrkesbakgrunn og utdanning blant representantane og at fleire delar av kommunen vert representert.

Eit prinsipielt spørsmål er om ein rådmann bør leggje fram tilråding i ei slik sak. Eg har ikkje oppfatta noko politisk ynskje om dette. Organiseringa av den folkevalte styringa i kommunen er opp til dei folkevalte sjølve å skipe innanfor dei lovene som gjeld. Rådmannen sin rolle bør vel i saker vedkomande politisk representasjon og organisering avgrense seg til å syte for at sakene er best mogleg utgreia og opplyst.

Senterpartiet meiner at eit levande folkestyre er ein viktig verdi i eit lokalsamfunn. Seljord har berre planutval i tillegg til formannskapet, og samanlikna med andre kommunar relativt låg politisk aktivitet. For Senterpartiet vil det vere viktig å legge til rette for eit godt og eit levande lokaldemokrati!

Henry Mæland,

gruppeleiar Seljord Sp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.