Tysdag
2/9-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Fast lensmann i bygda att


Stakk innom: Tysdag var tidlegare Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll innom det lokale kontoret att, denne gong for å helse på politifyrstebetjent Øyvind Ramse (t.h.), lensmann Helge Bolstad og konsulent Inger Berit Lie.

Skiensmannen Helge Bolstad (47) er på plass som ny lensmann i Fyresdal, nesten to år etter att det sist var ein fast tilsett i stillinga.




Helge Bolstad byrja i politiet i 1996, og har i åra etterpå vore politiadvokat i påtaleavdelinga. Etter å ha hatt denne jobben ein del år, ynskte han å prøve nye arbeidsoppgåver. Bolstad søkte og fekk lensmannsjobben i Fyresdal på eit kontor med mange varierte oppgåver.
– Eg har sett fram til å kome i gang som lensmann i Fyresdal, og har sagt opp jobben som politiadvokat, seier Bolstad, når VTB slår av ein prat ein månad etter at skiensmannen byrja på det lokale lensmannskontoret.

Vekependlar
– Fyresdal er ei veldig fin bygd, og eg har treft på hyggjelege og positive menneske. Det er triveleg å vere her, og eg er nysgjerrig og spent på oppgåva som lensmann, seier Bolstad.
Noko som blir viktig for han framover er å knyte kontakt med så mange som råd i kommunen. Bolstad håpar å bidra i Fyresdal idrettslag, og har plan om å kontakte fotballgruppa i bygda. Den tida skiensmannen spela fotball i Gulset, var han med på bortekampar i Fyresdal. Han har også hatt ferieturar til bygda.
– Eg likar å vere ute og bruke naturen, legg Bolstad til om noko han kan nytte seg av i den fine bygda.
Bolstad har fått seg leilegheit i Fyresdal og blir vekependlar. I helgene går turen til Skien der kona og tre tenåringsdøtrer held til.

Utanom opningstid
Mangeåring Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll slutta i stillinga for nesten to år sidan, og etterpå har det vore konstituert lensmann i bygda. No er tre personar å sjå fast på lensmannskontoret. Bolstad har med seg politifyrstebetjent Øyvind Ramse i 100 prosent stilling og konsulent Inger Berit Lie i 50 prosent stilling.
Lensmannskontoret er ope tysdagar og fredagar.
– Det går an å ta kontakt med kontoret utanom desse to dagane også, men då bør folk ta ein telefon fyrst for å høyre om me er der, seier Bolstad.
Han nyttar høvet til å minne om at dei som skal ha pass, må vende seg til lensmannskontoret i Åmot eller Seljord, men at ein også i slike tilfelle bør ringje på førehand for å høyre om det passer å kome.
Eit hovudmål ved lensmannskontoret i Fyresdal er å vere aktivi ute, til dømes kontrollar på vegane. Andre oppgåver blir å kontrollere om folk i Fyresdal fylgjer gjeldande reglar for oppbevaring av våpen.
Bolstad fortel at politiet er kjent med at ein del våpenkort står registrert på bygdefolk som er døde.
– Eg oppmodar folk som har arva våpen eller fått slikt som gåve, å ta kontakt med oss for å få våpenkort i ordna former, om det ikkje alt er gjort, seier den nye lensmannen om eit tema han er oppteken av.


Artikkelen er publisert 07/03-2013

Aktuelle saker:
Fire problemstrekningar er snart historie
Samlar seg mot politikarmobbing
Standup med Solstad
Rasar over sikringstiltak
Forventar vegpengar
Må til Edland for å betala rekningar
Må sjå seg om etter partnarar
Ynskjer maktskifte
Vinjedag vann vener