Fredag
18/4-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Fekk støtte for lokal teoriprøve


Fekk gjennomslag: Anne Bolstad Skålid fekk med seg heile Ungdommens storting på forslaget frå Fyresdal ungdomsråd om alternative stader å kunne ta teoriprøva til førarkort.

Anne Bolstad Skålid fekk med seg heile Ungdommens storting på å gå inn for alternative stader å ta teoriprøva til førarkort på. Ho gler seg òg over positive signal frå samferdselsministeren.




– Eg er kjempeglad, seier leiaren i Fyresdal ungdomsråd. Heile Ungdommens storting stemte for forslaget til Fyresdal ungdomsråd om å be Samferdselsdepartementet jobbe med alternative stader å kunne ta teoriprøva på, og opprette pilotkommunar som kan teste ut om dette lar seg gjere.
Tysdag møtte samferdselsminister Marit Arnstad (Sp) i Ungdommens storting og måtte svare på spørsmålet frå Fyresdal ungdomsråd. Ho svara at fleire forsøkskommunar har hatt positive erfaringar med teoriprøve på alternative stader, og at ho vil forfølgje saka vidare.

Nøgd
Anne Bolstad Skålid er nøgd med at saka blir tatt med vidare.
– I dag er det muleg å ta båtførarprøve og jegerprøve lokalt. Då bør det òg vera mogleg å ta teoriprøven lokalt, seier ho.
Sjølv måtte 18-åringen reise til Notodden då ho tok teoriprøva. Håpet er at unge vestteler skal sleppe dette i framtida.

– Veldig lærerikt
Anne Bolstad Skålid var ei av 55 ungdommar frå heile Noreg som deltok på det andre Ungdommens storting gjennom historia. Måndagen byrja med velkomst av stortingspresident Dag Terje Andersen og miniseminar i debatt- og taleteknikk, og om arbeidet i komiteane på Stortinget. Etter dette byrja komiteane arbeidet sitt med dei 55 forslaga som Ungdommens storting skulle ta stilling til.
Anne Bolstad Skålid deltok i komiteen for Miljø og samferdsel.
– Det blei ein del debatt, men det gjekk bra til slutt. Forslaget vann fram som eitt av fire.
Tysdagen var det spørjetime med samferdsels- og kunnskapsministeren og politisk rådgjevar i Miljøverndepartementet og statssekretæren i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.
– Det har vore veldig lærerikt, seier Anne Bolstad Skålid om dagane på Ungdommens storting.


Artikkelen er publisert 07/03-2013

Aktuelle saker:
Ti tusen ekstra raulendingar
Kan bli godt som tomt
I fjellrevens rike – forhåpentlegvis
Samlar seg under Skorve
Legekontora blir behovsstyrte
Gir seg etter 38 år som fysioterapeut
Må vurdere reisetida på nytt
Teikna seg til landsfinale
Smørspråk: Nynorsk