Måndag
28/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Kommunelege 1 svarar om legeframtida


Skreddarsaum: Elisabeth Swensen, kommunelege 1 i Seljord, meiner større einingar kan frigjere legeressursar til meir heimebesøk. – Skreddarsaum er stikkordet, seier Swensen. (Foto: Privat)

VTB har stilt kommunelege 1 i Seljord, Elisabeth Swensen, 13 spørsmål om legeframtida i kommunen og regionen.




1. Korleis vil du karakterisere legetenestene i Seljord nå, og korleis har stoda vore dei siste åra?

Seljord har faste, erfarne legar som har jobba i kommunen i mange år. Ho som vart tilsett sist kom for snart 10 år sidan. I tillegg har vi to turnuslegar. Sjølv er eg spesialist i allmennmedisin, to av dei andre legane er snart ferdige med si spesialisering. I september går ein av legane av med alderspensjon, og vi har vore heldige og fått tilsett ny lege med interesse for distriktsmedisin og som ynskjer å busette seg i bygda. Vi har vore bevisste på å tilsette ein mannleg lege fordi kontoret elles er prega av kvinnelege legar. Kvinner får som kjent born, og pasientane opplever sjølvsagt at svangerskapspermisjonar og utdanningspermisjonar til saman gjer at fastlegen ikkje alltid er til stades. Men som sagt er legetenesta i Seljord svært stabil dersom ein samanliknar med andre små kommunar i distrikta. Me har òg opplevd at unge legar som har hatt turnusteneste hos oss har kome att, anten som fast tilsette eller som vikarar.

2. Kvifor har det vore slik?

Eg trur det har vore to viktige faktorar: Den eine er legar og medarbeidarar som i si tid – før mi tid – la eit godt fagleg grunnlag saman, og som har greidd å halde oppe fagutvikling og entusiasme. At vi har eit ganske stort tverrfagleg miljø er òg ein styrke. Det andre og like viktig er at tilhøvet mellom kommuneleiinga og legane har vore prega av tillit og samarbeid. Legane har fått stor fagleg fridom, mellom anna til å ta på seg oppgåver knytt til undervisning, rettleiing og tillitsverv både lokalt og nasjonalt. Det trur eg gjer arbeidet meir spennande og gjev meir enn det kostar på lang sikt.

3. Korleis ser legekontorframtida ut i Seljord?

Framtida ser for så vidt grei ut med fast tilsette legar i alle stillingane og eit velfungerande helsesenter, men eg er oppteken av at me må vere i forkant når det gjeld å utvikle tenesta slik at ho blir såkalla «robust», altså at me er budde på dei utfordringane som kjem. Fagleg sett tyder det at me må rekne med at det blir fleire kronisk og til dels alvorleg sjuke som skal behandlast ute i kommunane. Medisinfaget er i rask utvikling, og det blir stadig viktigare og vanskelegare å halde seg godt nok oppdatert. Det krev eit fagmiljø av ein viss storleik, både fordi ein ikkje kan forvente at alle legar kan alt men må utfylle kvarandre, og for at fagpersonane kan få fri til naudsynt oppdatering og vidareutdanning. Eg trur òg samhandlingsreforma, med større ansvar lagt til kommunehelsetenesta, fører med seg at me må utvikle legevakta slik at me kan tilby ei døgnteneste i heile regionen. Det tyder at befolkningsgrunnlaget må vere stort nok for ein legevaktsentral som er bemanna hele døgnet med både sjukepleiar og lege.

4. Kva er dei største utfordringane for legetenestene på små plassar?

Alle kommunane i Vest-Telemark har dei same utfordringane knytt til rekruttering og vedlikehald av kompetanse. Eg har ei bistilling ved Nasjonalt senter for distriktsmedisin ved Universitetet i Tromsø. Me har samla erfaring frå kommunar i distrikt over heile landet. Små fagmiljø er sårbare, og me ser at pasientane blir taparane dersom ein unnlét å stille krav til kvalitet og kontinuitet rett og slett for å få tak i legar. Gjennomtrekk, språkproblem og varierande fagleg standard på legane er dei problema som oftast kjem fram når ein spør kva folk er misfornøgde med i dei minste distriktskommunane. Dessutan er såkalla «pasientfornøydhet» eit vanskeleg mål på kvalitet fordi folk ikkje veit kva dei skal forvente. Det er leiinga i kommunen og på legekontora som må ta ansvar for at kvaliteten er god nok og at folk får det medisinske tilbodet dei treng.

5. Er dagens organisering/struktur mogleg å ha i Vest-Telemark i 2020?

Eg ser ikkje at det er ynskjeleg å halde fast ved strukturar eller institusjonar berre fordi dei er der. Historia utviklar seg, og all organisering må ha som mål at tenesta skal fungere best mogeleg for dei som treng henne mest. Det er sikkert ingen fasit på kva som er bra, det må vere rom for ulike modellar. Men sjølv trur eg ikkje det er berekraftig i framtida å ha så små legekontor som kommunane i Vest-Telemark har i dag. Det blir stadig dyrare å drive legekontor som held god nok standard, har oppdatert teknisk utstyr og fagleg kompetanse. For dei som stadig er avhengige av vikarar er dette ein tilleggskostnad som attpåtil undergrev kontinuitet og kvalitet.
6. Sett frå fagleg hald, korleis bør legetenestene vera organisert i Vest-Telemark?

Ut frå ein fagleg ståstad trur eg me er tente med noko færre og større einingar dit dei pasientane som er mobile kan kome for vanlege legetimar. Om du som relativt velfungerande pasient køyrer eit kvarter ekstra betyr lite. Med ei slik effektivisering vil det og bli frigjort legeressursar til meir heimebesøk til dei sjukaste og ikkje minst til sjukeheimane. Eg trur «skreddarsaum» er stikkordet her. I dag blir mykje ressursar brukt til å halde oppe mange små legekontor. Me må sjå på behov, logistikk og ressursbruk meir enn på kommunegrenser og symbolpolitikk.

7. Korleis vil du definere eit «robust» legekontor?

Eit robust legekontor har ei såkalla «tilstrekkeleg kritisk masse» av fast tilsette både på legesida og av hjelpepersonell slik at ein har rom for fråvere knytt til fagutvikling, lovfesta permisjonar og uventa hendingar. Då toler ein òg ein legevikar i ny og ne. Eit robust legekontor har òg nok legar som er spesialistar i allmennmedisin, dette vil snart bli eit krav for å få drive legepraksis med eiga liste. I økonomisk samanheng tenker eg at robust og må innebere at det er eit visst samsvar mellom utgifter til legetenesta og talet på pasientar på legelistene.

8. Korleis kan Seljord og Kviteseid samarbeide om legetenestene til beste for innbyggjarane, og korleis ser du på kontor båe stadane i eit samarbeid?

Seljord og Kviteseid har lange tradisjonar for samarbeid om legetenester i legevakt, og ved at Seljord i dag har svært mange av dei pasientane frå Kviteseid som treng lege mest på sine lister. Pasientar som treng mykje oppfylging over tid vil naturleg nok vere meir opptekne av kontinuitet enn dei som bare treng lege for akutte hendingar. Det er ikkje akkurat hemmeleg at eg trur båe kommunane er best tente med eitt felles legekontor for Seljord og Kviteseid, men altså med meir desentraliserte legetenester til heimane og institusjonane i båe kommunane enn me får til med dagens organisering. Eg ser òg at det vil vere effektivt med felles planlegging og ein del administrative oppgåver knytt til kommuneoverlegestillinga og leiar for legetenesta. Ut frå eit kostnad-nytte-perspektiv er eg ikkje i tvil om at ein kjem betre ut med ei slik løysing.

9. Om det blir eitt kontor, vil fagmiljøet då vera stort nok til å trekkje til seg dyktige legar?

Storleik åleine er ikkje nok for å trekke til seg legar i distrikt, men dei kontora som har hatt mykje gjennomtrekk og manglande stabilitet vil naturleg nok ikkje framstå som særleg freistande. Unge legar søkjer seg til miljø der dei kan arbeide saman med erfarne kollegaer, der det er kultur for fagleg utvikling og som òg gjev ei viss fagleg ryggdekning. I staden for å slåss om kven som er best og dårlegast på legetenester, bør kommunane etter mi meining sjå at me har ei felles utfordring i å framstå som attraktive for unge legar. Personleg meiner eg at jobben som lege i Vest-Telemark er ein draumejobb, og eg gjer mykje for å reklamere for regionen der eg treffer studentar og yngre kollegaer. Eg ynskjer meg legar som aktivt søkjer seg til distriktet og som tek mål av seg til å vidareutvikle tenestene. Det er trist om haldninga i kommunane blir at «ein lege er ein lege», altså at det er nok å ha legar i stillingane men utan at ein forventar meir enn at dei er på plass.

10. Fryktar du ein lokaliseringsdebatt kan stoppe eit samarbeid?

Ja! Og eg synest det er å svikte pasientane.

11. Kring 600 kviteseidingar har fastlege i Seljord. Kvifor er dette talet så høgt, trur du?

Fordi dei pasientane som faktisk er sjuke og treng mykje legetenester søkjer seg til eit legekontor med stabilitet. Det spelar òg inn at to av legane i Seljord bur i Kviteseid og er kjende der.

12. Kor viktig er lokaliseringa av eit legekontor i eit samfunn?

Ikkje viktig i seg sjølv, men reiseavstand er sjølvsagt eit poeng. Mellom Seljord og Kviteseid er avstanden slik at eg ikkje kan sjå at det gjer to legekontor naudsynt eller smart.

13. Er det fordelar med eit lite legekontor?

Legekontor kan bli for små og for store. Som sagt er det heller ikkje storleiken åleine som betyr noko, men sårbarheit er eit problem for dei minste. Men det er viktig at legekontoret har eit definert lokalområde og at legane har god kunnskap om lokale forhold og om pasientane sine. Det tyder at ein ikkje kan lage for store opptaksområde rundt eit legekontor.


Artikkelen er publisert 07/03-2013

Aktuelle saker:
På veg mot ny varmerekord
Stempla rådmannen som «ugild»
Miljødepartementet talar med to tunger
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!
Kjøper Foldsæ for 11 millionar
Heilt ny brygge
Ung fiskelykke