Onsdag
17/9-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Stiller inn på «ny frekvæns»


Livat gjeng: Haukelirevygjengen samla til ei av dei siste øvingane før fyrste framsyning torsdag. Bak f.v. Nils Vågslid, Hans Nesheim, Jan Halvor Romtveit, Tommy Lindskog, Olav Ringhus, Olve Nykos, Georg Hagen, Bertin Bjåen og Svein Tveiten. Framme f.v. Elisabeth Nesheim, Borghild Stormo, Vibeke Christenson, Marie Kili, Anne Helene Tveiten, Gry Romtveit, Dina Tverrås og Gøril R. Håve.

Haukelirevyen er på ferde igjen. Og trass i nye frekvensar fungerer både dei trådlause mikrofonane, songstemmene og replikkane på scenen i Storegutsalen.




«Regjeringen har besluttet at frekvensområdet 790–862 MHz skal benyttes til mobilkommunikasjon. Brukere som benytter trådløse mikrofoner i båndet 800–820 MHz, må regne med en økende grad av forstyrrelser fram mot 2014.»
For dei fleste av oss høyrest dette gresk ut, og det rammar vel dei færraste av oss slik i det daglege. Det er kanskje få som har høyrd om det i det heile. Men det er altså slik at det meste av trådlaust utstyr måtte bytast ut då dei nye frekvensane kom. I fylgje revygjengen var dette noko som hadde gått Vinje kommune – eigar av mykje trådlaust utstyr – hus forbi, og dermed var årets revytema klart.

«Unge» dugnadsarbeidarar
Mikrofonane fungerte som dei skulle då revygjengen var samla til øving sundag kveld. Nummera var også i ferd med å koma på plass, og etter nokre dagar til med øving sit dei nok under huda på amatørskodespelarane når sceneteppet blir trekt for fyrste gong på torsdag, andre gong på fredag og ikkje minst siste gong på laurdag.
Lokale figurar – fiktive og ekte – dukkar opp på scenen. «Ungdomane» som har pussa opp ungdomshuset Fjellvang kjem, og politisk heite tema som pappapermisjon blir teke opp.
Dessutan kjem mellom anna ein prest mange kjenner, og ein ekte og temmeleg irrasjonell snøskuterentusiast. Som vanleg er det mange som blir teke på kornet av det livate revyfolket.

Snipp og gullskrift
T-skjortene til revygjengen i år har både snipp og gullskrift.
– Me tenkte me ville vera litt stilige i år, smiler regissør Elisabeth Nesheim, som oppmodar folk til å kjøpe billettar på førehand. Framsyninga laurdag er alt utseld.
23 aktørar er aktive for å underhalde folket som møter fram i Storegutsalen, og dei har det minst like moro sjølve, skal ein tru regissøren.
– Alle er med og skriv, og det er både sosialt og veldig moro. Det er jammen ei utfordring å plukke ut nummera som til slutt blir ein del av revyen, seier Nesheim.


Artikkelen er publisert 05/03-2013

Aktuelle saker:
Sommarvarmen trekte tusenvis til Dyrsku’n
Fornøgde lesehestar
Engelskmann til topps for andre gong
«Jeg bur her»
«Mange menn her rør veldig mykje. Om ting dei kan, og om ting dei ikkje kan.»
På utsida – men innanfor
«Me treng mat i framtida, òg»
Usikker framtid for Mattilsynet i Seljord
Kjem det bil?