Fredag
25/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Attraktive tomter i alle bygdene


Nissedal: Framnesfeltet i Kyrkjebygda er eitt av felta utvalet vil utvide med fleire attraktive tomter.

Det er mange ledige bustadtomter i Nissedal kommune. No skal det bli endå fleire, og dei skal vere så attraktive som mogleg.




I tillegg til tilsette frå administrasjonen i Nissedal kommune, har politikarane Astrid Eidem Nordal (KrF), Øystein Tveit (H), Jørgen Olav Nes (Frp), Tore Skåli (Ap), Kjetil Hølje Fjalestad (Sp) og Halvor Homme (Ap) vore med i eit bu- og næringsutval.
Kommunestyret oppretta gruppa for å registrere omfanget og status på kommunale næringsareal, bustadfelt og -tomter og husvære til utleige. Vidare skulle dei vurdere og fremje tiltak innafor dei enkelte områda.
Eit viktig mål har vore å finne nye attraktive bustadareal i heile kommunen. Dette som eitt av tiltaka for å få endå fleire innbyggjarar i kommunen, som ei tid har hatt positiv folketalsutvikling.

Tomter i sør
Utvalet har vore på synfaring i nær sagt heile kommunen, og har stått bak tre folkemøte. Vidare har det vore fire arbeidsmøte før kommunestyret fekk ei tilråding om tiltak framover.
I heile Nissedal kommune er det om lag 170 ledige bustadtomter i regulerte felt, og ein del av desse er byggjeklare. Tveitsund bustadfelt like inntil Solås byggjefelt ved Treungen sentrum er vedteke å opparbeide, og har derfor ikkje vore tema for bu- og næringsutvalet. Anbodsrunden er rett rundt hjørnet.
Utvalet har konkludert med ein del moglegheiter for å få til attraktive bustadtomter i ulike grender og sentrum. (Sjå oppsummering i saka).
Eit område som elles har peika seg ut som interessant, ligg sør for Best i Treungen. Detaljreguleringa er no ute på høyring for arealet som kan få 12 bustadtomter. Tre av dei er det alt interessentar til.
– Det er elles veldig viktig å få fram at kommunen vil vise vilje til dispensasjonar for bustadtomter i heile kommunen, legg ordførar Halvor Homme til.

Utleigebustader
Kommunale utleigebustader i Treungen er gamle, og dekkjer ikkje behovet i marknaden. Rådmannen jobbar no med ein plan om å byggje nye gjennomgangsbustader. Det blir også sett nærare på å utvide industriområdet Sundsmoen i Treungen.

Dei ulike tiltaka
Etter innstilling frå bu- og næringsutvalet har kommunestyret vedteke å prøve å få til ein del løysingar framover.
* Nedre del av byggjefeltet Framnes Øvre i Kyrkjebygda: Kommunen skal i samarbeid med Vest-Telemark kraftlag leggje høgspentlinja i bakken. Attraktivt for to-tre tomter.
* Utviding av Framnesfelta nordover: Lage avtale med velet om å halde nede skog. Aktuelt med tre tomter. Kommunen legg til rette vatn og avløp i det utvida feltet.
* Bomodden/Fjalestadneset: Kommunen går i dialog med grunneigar for å få fortgang i avklaring om det skal leggast til rette for tomter, og kva rolle kommunen skal ha i dette arbeidet.
* Sørvestre del av Gamlehaug på Fjone: Kommunen går i dialog med grunneigar for å avklare mogleg tilrettelegging av to–tre ekstratomter her, og kva rolle kommunen skal ha i dette arbeidet.
* Bakkane på Felle: Opparbeide ei byggjeklar tomt i samarbeid med grunneigar.
* Høgefoss: Kommunen går i dialog med Agder Energi om opparbeiding av ei tomt.
* Tjønnefoss: Kommunen fortsett samarbeidet med stiftinga som kan gje tilskot til dei som vil byggje i området.
* Kommunen går i dialog med grunneigar om framtidig plan for bustader i Åsen på Tjønnefoss.
* Kommunestyret skal i løpet av våren få ei sak med plan om etablering av nye gjennomgangsbustader i Treungen.
* Kommunen har møte med moglege private aktørar om gjennomgangsbustader på Felle og Fjone.
* Kommunen går i dialog med eigar av Sundsmoen om mogleg utviding av industriområdet.
* Kommunen skal i dialog med eigarar av industriareal for å få til meir optimal utnytting av område til industri- og næringsføremål.
* Kommunen skal kartleggje om det finst innandørs areal som kan nyttast til næringsføremål.
* Det blir løyvd inntil 100.000 kroner for å utvikle heimesidene til kommunen for å gjere dei betre på informasjon om ledige tomter til både hus, hytter og næring.
* Bu- og næringsutvalet blir oppløyst. Vidare arbeid blir overteke av formannskapet.


Artikkelen er publisert 05/03-2013

Aktuelle saker:
Oss «likemenn» i mellom
Fyrstereis til Norway cup
Obs: Det blir meir vatn i åi!
Kjøper Foldsæ for 11 millionar
Heilt ny brygge
Ung fiskelykke
Austre Skindalen går til Ugland
Fann kokk på Facebook
Stamvegprat med departementet