Onsdag
23/7-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Kritiske til ustabil legedekning


Ynskjer betring: To vikarlegar ved Kviteseid legesenter har sendt brev til kommuneleiinga der dei er kritiske til fleire sider av den daglege drifta av legekontoret. (Foto: Øystein Øygarden)

To tidlegare tilsette legar ved Kviteseid legekontor har sendt brev til kommuneleiinga der dei er kritiske til fleire sider av den daglege drifta av legekontoret. – Noko kjente eg til, noko var nytt. Men me jobbar med ting i tur og orden, seier einingsleiar på helsesenteret, Mona Landsverk.




I eit brev sendt til rådmannen og ordføraren i Kviteseid kommune i februar i år kjem to tidlegare tilsette legar ved Kviteseid legekontor med fleire kritiske påstandar knytt til dagens organisering av legekontoret.
Legane innleier brevet med:
«Vi har fått flere kommentarer fra pasienter, som er lei seg for den ustabile legebesetningen på Kviteseid legekontor og som synes det mangler kontinuitet i legekontaktene. Vi synes disse meldinger er bekymrende, spesielt når vi får opplyst, at mange hundrede pasienter av samme grunn har søkt fastlege i nabokommuner. Vi har tatt flere av nedenstående punkter opp med enhetslederen og kommunalsjefen uten at vi har følt vi har kommet igjennom eller det har ført til endringar. Vi tillater oss derfor å stile dette forslaget til forbedringer på Kviteseid legekontor til dere,» skriv vikar for kommunelege 1, Sidsel Mondorf, og turnuslege Ida Juul Rasmussen i eit brev sendt til rådmann og ordførar i Kviteseid kommune.
Mondorf var tilsett som vikar frå september 2012 til januar 2013, medan turnuslege Juul Rasmussen jobba i Kviteseid frå august 2012 til februar 2013.

Forslag til forbetring
Juul Rasmussen seier til VTB at brevet ikkje er meint som kritikk, men som eit forslag til forbetringar ved legekontoret.
– Brevet blei sendt den same veka som eg avslutta turnusperioden min i Kviteseid, og me sendte brevet sidan me ikkje fekk nokon respons på ting me hadde tatt opp munnleg fleire gonger med våre leiarar, seier Juul Rasmussen.
– Kommuneadministrasjonen seier til oss at fleire av punkta det blir vist til i brevet har blitt jobba med ei tid, men at legane kanskje ikkje kjente til dette. Kva tenker du om det?
– Var det nokon som skulle blitt orientert og merka endringar så burde det vel vore legane, seier Juul Rasmussen.
VTB lukkast ikkje å kome i kontakt med og få ein kommentar til saka frå lege Sidsel Mondorf.

Rosar god pasienttid
Dei to legane peikar på fleire positive ting med legekontoret i Kviteseid. Dei trekkjer mellom anna fram dei hyggelege og hjelpsame faste tilsette ved legekontoret og at legane har veldig god tid til alle pasientar samanlikna med tida pasientar får ved andre legekontor. Pasientane får time raskt etter bestilling, og legane rosar satsinga med eit felles helsehus, noko som gjev eit stort potensial for å utvikle det tverrfaglege samarbeidet, som samhandlingsreforma legg opp til.
«Det overordnede problemet, som vi ser det, er manglende planlegging og rollefordeling,» skriv legane og viser til fleire ulike eksempel i eit brev som er tre sider langt.
Legane meiner det manglar kontinuitet for det faste personalet på legekontoret, sidan dei heile tida blir avbrotne av opplæring av skiftande legevikarar. Dei meiner det manglar eit system for opplæring og mottaking, og at det blir bruka for mykje tid til dette arbeidet i dag.
Legane kunne også ynskje seg klarare rolle- og ansvarsdeling ved kontoret og ei meir tydeleg kvardagsdrift, og meiner det er bekymringsverdig at kommunen ikkje har kommunelege 1 eller 2 på plass. Legane meiner legekontoret har utfordringar knytt til tryggleiken i samband med handtering av mellom anna formalin, som er sterkt slimhinneirriterande og kreftframkallande ved langvarig eksponering. Dei peikar også på eit journalsystem der dokument har forsvunne og ikkje fungerar som det skal.
Legane avsluttar brevet med at dei håper tankane deira blir tatt til etterretning for Kviteseid legekontor og pasientane si skuld.

Tar kritikk, men meiner dei har tatt grep
Rådmann i Kviteseid, Hans Bakke, peikar på at brevet kom etter at legane hadde avslutta sitt virke og reist frå bygda.
– Det er ikkje alt eg synest er like rett i brevet, og om dei to legane har tatt opp innhaldet i brevet med sine leiarar får vere deira påstand. Eg skulle gjerne ynskt å snakka med dei to legane om kva kommunen har gjort og kva me jobbar vidare med, før dei reiste frå kommunen, seier Bakke.
Han tar kritikk for nokre elementa i brevet, men meiner også at kommunen er i gang med å betre fleire av påstandane.
– Eg har også bede om ein konkret handlingsplan for legekontoret som skal vere klar til det neste utvalsmøte for oppvekst og omsorg 10. april, seier Bakke.
– For nokre år sidan hadde me ei relativt stabil legedekning i Kviteseid, med to kvinner og ein mann. Begge kvinnene gjekk etter ei tid ut i svangerskapspermisjon. Permisjonar kostar mykje pengar, opp i millionklassa, og det sprengte økonomien vår, seier rådmannen.
Legekontoret blei også prega av ei tid med alvorleg sjukdom, mykje utskiftingar, korte vikariat der legane kunne vere ned mot ein dag før ein ny lege kom.
– Det var ein unntakstilstand og sjølvsagt ikkje ynskjeleg, men slik var det, seier rådmannen.
Utfordringar knytt til IKT blei forsterka då kommunen blei utan IKT-sjef, men nå er ein ny IKT-sjef på plass i full stilling.
– Kommunen har sett i verk tiltak, og det blei mellom anna i budsjettet for dette året lagt fram auka ressursar knytt til ei styrking av IKT. Det er komplekse greier, og me har slite lenge på legekontoret, delvis på grunn av mangel på kompetanse, seier rådmannen.
Legane peiker på at det manglar kontinuitet for det faste personalet på legekontoret, «de blir hele tiden avbrudt av opplæring av skiftende legevikarer, som er der korte perioder av gangen.»
– Her kunne me vore betre. Men me styrkte leiardelen frå nyttår og skal jobbe med betre rutinar for legekontoret. Tidlegare hadde me 20 prosent til leiing. Nå er denne stillinga auka til 50 prosent, seier rådmannen.
Legane viser i brevet sitt til at det ikkje har kome inn vikar i stillinga til diabetessjukepleiaren som nå er ute i permisjon.
– Kviteseid kommune er ein liten kommune, og me klarer ikkje alltid å få inn dei vikarane me ynskjer oss. Eg kjenner ikkje til denne aktuelle saka, men har bede einingsleiaren gå gjennom situasjonen og kome med ein handlingsplan for vidare arbeid, seier rådmannen.
Rådmannen meiner kommunen har mange oppgåver dei skulle prioritert sterkare.
– Men med avgrensa ressursar har det blitt slik. Legetenesta er den dyraste tenesta me har. Me må jobbe vidare for å betre rutinane, IKT-delen må bli betre og me må rekruttere gode legar, seier han.
Rådmannen meiner kommunen har sett i verk tiltak for å endre og betre situasjonen.
– Noko har me tatt tak i og gjort noko med, noko tar me til etterretning og noko må me ta tak i i framtida, seier rådmannen.
– Er det trygt å vere pasient ved legekontoret i Kviteseid?
– Ja, eg oppfattar legane som om det er eit legekontor der dei har tid til pasientane, men dei viser til eit manglande system og organisering, avsluttar Bakke.

Nøgd med vikarselskapet
– Per i dag er det ein fast tilsett lege i full stilling, ein turnuskandidat som er tilsett frå 15. februar til 15. august og ein vikarlege som blir fram til sommaren, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Olav O. Kaasa.
Han er svært nøgd med selskapet og med dei dyktige vikarlegane kommunen har og har hatt, men meiner at somme vikarlegar har blitt offer for ein kommunikasjonssvikt mellom byrået og lege.
– Noko frustrasjon har nok lege der, men dette har einingsleiaren på helsesenteret tatt opp med vikarbyrået og det har betra seg, stadfestar Kaasa.
– Kva er din kommentar til brevet kommunen har fått av dei to legane?
– Legane som sender brevet har vore her i ei krevjande tid, mange vikarar har vore i kommunen ei svært kort tid. Me ser at alt ikkje har rot i verkelegheita, seier Kaasa utan å presisere kva.
– Den eine av dei to legane hadde sluttsamtale med einingsleiaren, den andre hadde ikkje dette, seier Kaasa, som meiner at ein nå må sjå framover.
Kviteseid kommune nyttar i dag det danske legevikarselskapet Nordvik. Selskapet skriv på nettsida si at dei formidlar kontakt mellom legar og norske kommunar, med største tryggleik og kvalitet: «Legevikarer til mindste pris, men største sikkerhed og bedste kvalitet.»
Legekontoret i Kviteseid er under paraplyen til heile helsesenteret. Legekontoret har tre legeheimlar og turnuskandidat. Elles på helsehuset finn ein helsestasjon, jordmor, psykiatriteneste og fysioterapiteneste. Det er ein administrativ einingsleiar som har overordna personal- og økonomiansvar for alle på helsesenteret.

– Visste ikkje alt
Einingsleiar på helsesenteret, Mona Landsverk, seier ho kjenner til brevet frå legane.
– Eg har tidlegare snakka med legane om nokre av punkta i brevet. Noko kjente eg til, noko var ukjent for meg. Men det er ikkje alt me får gjort noko med, med ein gong. Nå tar me fatt i oppgåvene knytt til legekontoret i tur og orden. Fyrste prioritet har drifta av legekontoret og rekruttering av nye legar, seier Landsverk.
Ho fortel at det ikkje har vore veldig avklart tid til leiing for kontoret.
– Men frå nyttår blei stillinga utvida, og det er mogleg å betre dette, seier ho.
Landsverk er takksam for alle innspel som handlar om legekontoret.
– Ein skulle gjerne ynskje at ein fekk endra og betra ting med ein gong, men slik er det ikkje. Legar som bare er her ei kort tid får heller ikkje full innsikt i det kommunen jobbar med. Det er ikkje bare å knipse, sjølv om ein helst kunne ynskje seg at ting skjedde i går, seier Landsverk.

Søkjer etter faste legar
Kviteseid kommune søkjer nå etter kommunelege 1 og kommunelege 2, og desse utlysingane kjem i samband med at permisjonane til dei legane som gjekk i stillingane melder at dei ikkje kjem tilbake etter permisjonane sine.
Kommunen freistar mellom anna med eigen bustad, eigne avtalar for permisjon til kurs og etterutdanning og legg stor vekt på at dei ynskjer legar som kan tenke seg å flytte til og jobbe i Kviteseid kommune for ein lengre periode, gjerne saman med familien.
– Her kan innbyggjarane godt hjelpe til med å få gode legar til kommunen, seier rådmann Bakke og kommunalsjef for helse og omsorg, Olav O. Kaasa, som meiner kommunen nå har «jekka» opp satsinga på legekontoret.


Artikkelen er publisert 05/03-2013

Aktuelle saker:
Kjøper Foldsæ for 11 millionar
Heilt ny brygge
Ung fiskelykke
Austre Skindalen går til Ugland
Fann kokk på Facebook
Stamvegprat med departementet
Trugar med å heve hyttekjøp
– Prishopp stenger for kjøp
Overraska over framgangen