Laurdag
20/9-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Inviterer naboen til legeprat


Dialog: Politikarane i Seljord inviterer kollegaene i Kviteseid til dialog om legeframtida i dei to kommunane.

Formannskapet i Seljord inviterer politikarane i Kviteseid for å sjå om det er mogleg å sjå dei to kommunane som eitt legedistrikt.




Styringsgruppa som skal gå gjennom dei ulike delane av den kommunale drifta i Seljord for å spare tre millionar kroner, møttest for andre gong etter formannskapsmøtet torsdag. I samband med gjennomgangen av helse- og omsorgssektoren blei eit utvida legesamarbeid med Kviteseid diskutert.
Lokalisering har tidlegare stoppa diskusjonane om eit slikt samarbeid.
– Gløym streken på kartet. Legg heller grensene rundt dei to kommunane og tenk eitt legedistrikt, innleidde rådmann Per Dehli.
I eit notat frå rådmannen om legetenestene blir det skissert at eit legekontor med fleire legar i kollegiet gjer at ein mellom anna kan tilby skreddarsaum i form av heimebesøk og godt utbygde legetenester på institusjonane.
Det blir også vist til at eit godt fagmiljø trekkjer til seg dyktige legar og stimulerer desse til å bli.

To politiske vedtak
Kommunestyret i Seljord bad før jol om at det blir sett på ulike samarbeidsområde med nabokommunane, mellom anna innan helse og omsorg. I Kviteseid er det vedtatt å «oppretthalde og vidareutvikle den gode legetenesta i Kviteseid,» men Kviteseid-rådmannen har fått i oppdrag frå sine politikarane å ta kontakt med Seljord for å avklare område i helsetenesta kommunane kan samarbeide om.
– Rådmennene har fått det same oppdraget. Dei to politiske vedtaka gjer saka interessant, men også komplisert, sa Dehli, og utdjupa at politikarane i Kviteseid har lagt til grunn at det skal vera kontor i Kviteseid.

God start
Jorunn Hegni (Sp) kom med innspelet om å lyfte saka til politisk nivå, og fekk støtte frå både politikarar og administrasjon. Seljord-politikarane vil å få til ein dialog med naboen, og meinte det kan vera ein god start å greie ut konsekvensane ved å ha kontor i båe kommunane. Difor inviterer dei no formannskapet i Kviteseid til eit møte i april om framtida.
Ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen (H) uttrykte seg likevel skeptisk til at ei slik løysing var framtidsretta.
– Ei utgreiing av konsekvensane kan vera eit godt utgangspunkt for dialog, men eg er skeptisk til om legekontor i båe kommunane er ei god løysing for innbyggjarane. Det blir vanskeleg med slike absolutte krav, sa ordføraren.
– Me må heller ikkje gløyme mandatet frå kommunestyret. Me skal spare pengar. To kontor høyrest ut som ein dyr modell, og om dette blir dyrare for Seljord kommune, er det heilt uaktuelt, heldt ho fram.

Opptekne av kvalitet
Sundbø Abrahamsen minna om at kvar fjerde kviteseiding (600 personar) har fastlege i Seljord. Det blei også frå fleire av styringsgruppemedlemmene vist til faglege innspel om at eitt kontor er den beste løysinga, og at det er dyrt og arbeidskrevjande å drive små legekontor som held tilfredsstillande standard med kvalitet, utstyr, service og bemanning.
– Innbyggjarane er opptekne av eit legetilbod med kvalitet og brukar det dei meiner er best, trudde ordføraren.
Arvid Vala (Frp) trudde motstanden mot eit felles legekontor i Seljord var større politisk enn frå innbyggjarane. Han meinte ei slik løysing vil gje betre kvalitet for innbyggjarane i båe kommunane.

– Det skal vera eit robust legekontor her
Kviteseid-ordførar Torstein Tveito (Sp) helsar initiativet frå Seljord velkomen. Han ser fram til å snakke med nabokommunen, men er klar på at det er ein føresetnad for samtalane at det også i framtida skal vera legekontor i Kviteseid.
– Ja, ja. Det er ikkje noko tema. Me har politisk vedtak om eit robust legekontor i Kviteseid, seier Tveito, og legg til at dei no jobbar med å styrke kontoret.
Han trur likevel eit samarbeid med naboen kan gagne båe kommunane og at det vil gje ei meir robust legeteneste i Seljord og Kviteseid.

Helsegjennomgang i vår
Seljord kommune har sett av 200 000 kroner til å leige inn konsulent som skal gå gjennom helse- og omsorgsektoren. Agenda Kaupang har fått oppdraget, og arbeidet byrjar 13. mars, informerte kommunalsjef Kari Gro Espeland styringsgruppa som arbeider med å finne tre millionar kroner å kutte i dei kommunale budsjetta.
Sluttrapporten frå konsulentfirmaet er venta i midten av mai.


Artikkelen er publisert 02/03-2013

Aktuelle saker:
Eit halvt århundre med elgjakt
Rasar mot «sniknedlegging»
Føler seg snytt av alarmselskap
Tek avstand frå ekstremisme
Dugnadskurs om nevertekking
Hymne til Høydalsmo
Sommarvarmen trekte tusenvis til Dyrsku’n
Fornøgde lesehestar
Engelskmann til topps for andre gong