Onsdag
19/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Familievenleg fjøsdrift


Bøndene på Bøen: Det er nye og moderne tider etter at mjølkeroboten flytta inn i fjøset til Åsne Svalastog Draugedal, Knut Draugedal og barna Torjus og Håvard.

Åsne Svalastog Draugedal og Knut Draugedal på Rauland er dei fyrste mjølkebøndene i Vest-Telemark som gjekk over til mjølkerobot. – Kyrne er gladare, produserer meir mjølk og me har fått eit mykje betre familieliv, seier Draugedal.




To blide karar er midt i eit anleggsvirke med traktor, hengar og fisking med spann på gardstunet. Inne på kjøkkenet står far og lagar middag, mor som er veterinær er enno ute på oppdrag, men snart på veg heim.
I løpet av det siste halvåret har kvardagen blitt endra på Bøen. Nå er ikkje dagane lenger tidfesta etter mjølkeproduksjon, kyr og fjøsstell.
– Kjem du for å sjå på kalvane du eller? Då er du alt for tidleg ute altså. Dei blir ikkje født før i oktober dei, informerar ein veslevaksen og svært informert odelsgut Håvard på fem år. Veslebror Torjus, på tre år, ser opp på bror sin og nikkar samd.
– Ingen kalvar i fjøset nå, stadfestar han litt sjenert og durar av garde med trøtraktoren.

Fjøskjærleik
Mjølkebonden Knut Draugedal dreiv garden heime i Kviteseid før veterinæren Åsne Svalastog vendte nasen heim att frå Skottland til Rauland. Ein dag kom veterinæren på fjøsbesøk til Kviteseid for å kontrollere kyrne til Knut, og det blei kjærleik ved fyrste fjøsblikk.
I 2008 pakka dei to flyttelasset og etablerte seg i barndomsheimen til Åsne på Rauland. På Bøen i Austbø voks Åsne opp med mjølkekyr, og gleda og interessa for dyr gjorde sitt til at yrkesvalet som veterinær alt blei tatt då Åsne var 13–14 år .
– Me reiste frå mjølkekyrne i Kviteseid og tok over garden i Rauland, fortel Knut.
– Blei det diskutert om de skulle satse vidare på mjølkeproduksjon eller ikkje?
– Me hadde ikkje overteke Bøen for å leggje ned drifta her. Målet vårt var, og er, å forvalte garden på beste måten og gje håp for neste generasjon, seier Knut bestemt.

Nye tider
Før hadde ikkje Knut så mykje slingringsmon når det galdt fjøsstell og klokkeslett.
– Eg starta oftast dagen mellom fem og halv seks om morgon, då gjekk det på skinner i nokre timar før eg var inne att i halv-ni-tida. Når klokka var halv tolv var det tid for fjøsstell att.
– I dag nyttar eg like mange timar i fjøset som tidlegare, men eg er så mykje meir fleksibel. Eg kan ta ein svipp ut i fjøset tidleg på morgon, men kome inn att for å hjelpe til med å kle barna og gjere dei klare for barnehagen. Så går eg tilbake til fjøsarbeidet. Midt på dagen plar eg framleis ha ein fast tur, men slik det har blitt nå kan eg leggje opp arbeidet slik at eg kan hente gutungane i barnehagen, og så lage middag slik at den er klar når Åsne kjem heim, smiler Knut.
– Tidlegare kunne eg brått ha ein situasjon der eg måtte ta fjøsstell med ein liten tass med hørselvern i bæremeis på ryggen. Eg må innrømme at det blei litt vel slitsamt. I alle fall dersom den andre gutungen sto og fylte støvlane mine med vatn frå jurspylaren då eg prøva å gjere det eg skulle, ler Knut.
Men tida går og gutane vekst til, nå vil dei gjerne vere med og hjelpe til og stelle dyra.
– Det har blitt enklare nå når dei er eldre og likar å vere med og fôre og få litt små oppgåver, smiler foreldra.

Deler arbeidet
Dei kvardagslege arbeidsoppgåvene med familien er meir delt på båe foreldra, og når båe har hektiske yrke er det viktig å vere saman om oppgåvene.
– Før såg eg mest ikkje barna våre. Nå kan eg vere meir saman med dei og dei blir større og kan vere meir med meg i fjøset også, seier Knut.
Ein annan ting er det som skjer etter at middagen er tatt av bordet, og Knut tidlegare hasta i fjøset for å kome i gang med mjølkinga.
– Nå kan eg få med meg sosiale ting som skjer, me kan gjere ting saman heile familien. Men me har enno nokre fjøsrutinar som må kome på plass før den nye drifta er heilt på stell. Til vinteren burde me vere inne i dei nye rutinane Men då blir det eit anna familieliv. Eit betre familieliv, stadfestar mjølkebonden.

Naudsynt
Mjølkekvoten på Bøen er i dag 280 tonn og er av dei største i Vest-Telemark.
Då Åsne og Knut tok over garden var det klart at fjøset på Bøen trong ei oppgradering.
– Me måtte investere, gjere ei kraftig oppgradering og byggje eit nytt mjølkesystem sidan mjølkestallen mellom anna var nedsliten. Då me valte å satse på eit meir ope fjøs med mjølkerobot måtte me også byggje om. Det blei plass til ei større besetning, fortel Åsne.
Oppgradering av fjøset med diverse utstyr har fått ein prislapp over fem millionar kroner.
– Det var lett å hive seg på og satse når ein bur i ein kommune som er viljuge til å støtte slike utbyggingar både økonomisk og fagleg. Innovasjon Noreg har også vore ein god økonomisk støttespelar, seier Knut.
I dag har dei tett på 70 dyr på bruket, men fram til jol vil det auke.
– Kalvane er venta i oktober? Det har Håvard informert oss om.
Åsne og Knut smiler.
– Ja, det har me snakka med han om. Frå oktober og fram til jol ventar me 48 kalvar, seier Knut.
40 av kyrne i fjøset er i mjølkeproduksjon nå. Dei har akkurat kome heim att til gards etter ein sommar på fellesbeite på Englandsmoen ved Falkeriset.

Meir mjølk
Veterinæren i familien meiner bestemt at kyrne i fjøset er gladare og meir tilfreds med kvardagen etter at oppgraderinga kom på plass.
Kraftfôrbåsen blir styrt av ei brikke kvar ku ber rundt halsen, ein kleiebørste som alltid er parat til innsats, gummimatter på golvet, god plass ved fôrbrettet og ein eigen stad der det er plass til å leggje seg ned og slappe av.
– Kyrne trivst, eg merkar at dei har blomstra og er gladare nå, meiner Åsne.

Meir mjølk
Og så er det mjølkeroboten da. Kyrne styrer bort til grinda når dei meiner det passar, roboten les av id-brikka til kua, døra går opp og kua kjem inn til robotbåsen. Vask av spenar, ein test-sup med mjølk blir tatt ut til analyse for å sjå om mjølka held kvaliteten sin, så startar mjølkinga.
Knut viser på skjermen. Ku nummer 1006 er på plass, skjermen viser at forventa mjølkemengde er 1,6 liter i venstre framspene, mjølka strøymer til tanken. Ny registrering viser 2,1 liter ved denne mjølkinga.
– Er det forskjell på mjølkemengda?
– Ja, kyrne mjølkar meir etter at me starta med roboten. Knut trykker på ein manuell kraftfôrknapp som bonus til det flotte brune dyret som har gjort dagens andre av tri turar i roboten, før grinda går opp og kua ruslar ut att til resten av buskapen.


Artikkelen er publisert 15/09-2012

Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga