|
Fredag 24/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Sjefane i fjøset
 Småbønder: To år med geitedrift på Jamsgard har gjort Nora (7) og Saamund (4) Nessæther til erfarne geitebønder.
|
Få unge bønder er like drivne i faget som Nora (7), Saamund (4) og Sigve (1) Nessæther. Geitene Kose, Loffen og Leonora er i dei tryggaste hender.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
På Jamsgard i Bøgrend i Vinje er kveldsstellet i full gang. Dei 130 geitene til mor og far Solvår og Kjetil Nessæther skal mjølkast. Med god hjelp frå den fjøsvante ungeflokken går mjølkinga som ein leik og er unnagjort på ein time.
Sigve på eitt og eit halvt år stabbar rundt i full fart. Nora på sju og Saamund på fire er nok ein god del meir målretta der dei jagar geitene inn til mjølking. Men det er ikkje jamt så lett, for det er ikkje berre ein myte at geiter er stae som … ja, nettopp. Geiter.
Men erfaringa frå åra i fjøset gjer at ingen slepp unna Saamund og Noras myndige rop og venleg, men bestemt dytting og leiing mot mjølkeromet. Kanskje pappa må hjelpe til litt av og til, men ungbøndene har stort sett kontroll. Kvar ei geit må til pers.
Trylling med kraftfôr
Så er det tid for å vise fram kjea, som slett ikkje er noko særleg små lenger, i fylgje Saamund.
– Veit du kvifor dei har raudt på seg? Det er fordi dei har fått vaksine, opplyser Nora.
– Dei har fått sprøyte, legg Saamund til, og får straks korreks.
– Det ER vaksine, det, rettar Nora.
Korreksen ser ikkje ut til å bry fireåringen noko særleg. I staden for å reagere, plukkar han opp tre små kraftfôrpellets, og ser frykteleg lur ut.
– Skal eg trylle dei vekk, spør han.
Saamund ventar ikkje på svar før han kastar dei små pelletsane tilbake i bytta og gliser fornøgd. Eit godt gjennomført tryll.
Budeiedraumen
Nora og Saamund stortrivst i fjøset. Kvar ettermiddag er dei med og hjelper pappa Kjetil med mjølking og stell. Kraftfôrautomatar og rullande fôrbrett gjer at fôringa går lettare. Men likevel er det nok å gjera.
– Eg trur ikkje eg hadde gjort noko eg, viss me ikkje hadde hatt fjøs. Eg hadde kanskje berre kjeda meg om ettermiddagane, slår Nora fast.
Saamund nikkar, men er meir oppteken av å granske noko av halmen i fjøset.
– Når eg blir stor, skal eg bli budeie for pappa, smiler Nora.
Det synest pappa er veldig greitt.
Dyrskutriks
Men det er nok endå nokre år til sju år gamle Nora tek med seg geitene på støylen åleine. Fyrst er det andre viktige ting å konsentrere seg om. I morgon har ho nemleg eit veldig viktig oppdrag på Dyrskuplassen, saman med Saamund og venninna Ingrid.
Nora opplyser at ho og Kose skal på Dyrsku’n. Og to geitar til, som Saamund og Ingrid skal leie.
– På torsdag kjem Ingrid hit så me kan øve oss. Kose er litt sta, så me må øve ho til å gå fint i band. Det er nok geitene som treng mest øving, og ikkje me, seier Nora, som sjølvsagt har eit triks på lur:
– Eg skal ha litt mjøl i lomma. Det trur eg er lurt.
– No skal eg presse rundballar
Klokka nærmar seg barnetv-tid, og stemninga i mjølkeromet, der heile familien på fem er i ferd med avslutte dagens arbeid, stig stadig. Nora testar korleis det gjeng når ein prøvar å sprute mjølk rett frå spenen og inn i munnen. Saamund stiller seg opp framfor fôringsbrettet, og vesle Sigve har lokalisert kraftfôrknappen og trykkjer det han er kar om.
– No skal eg av garde og presse rundballar, opplyser Saamund.
Då må mor Solvår le.
– Nei, du skal nok ikkje presse rundballar no. Det er pappa som skal det. Du skal inn og legge deg, du.
Artikkelen er publisert 13/09-2012
|
Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild

|