|
Laurdag 25/5-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Fullførte kraftprøve med stil
 Kraftprøve: Hallgeir Aarbakk frå Seljord imponerte i norsemandebuten laurdag og blei nummer 12. Han takkar Bård Mæland (på sykkel) og dei andre i støtteapparatet. (Foto: Thomas Nilsen)
|
Etter nesten 13 timar med symjing, sykling og springing hadde Hallgeir Aarbakk (31) krefter til ein sluttspurt til toppen av Gaustatoppen.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
Seljordingen fullførte sin fyrste norseman på tida 12 timar, 43 minuttar og 51 sekundar.
Dei var seks kameratar som meldte seg på Norseman triathlon 2012. Men det er trongt nålauge for å få vere med, og Aarbakk var den einaste i flokken som blei trekt ut og fekk startnummer til kraftprøven.
– Eg var den heldige, eller kanskje uheldige … smiler Aarbakk om å få delta.
– Norseman er den ultimate utfordringa. Sidan desember i fjor har eg hatt det som mål. Men det har ikkje blitt så mykje trening som eg hadde tenkt, og eg måtte justere ned målet til å fullføre på under 14 timar, seier Aarbakk.
Skeptisk til symjing
Fyrste delen av den krevjande konkurransen er 3,8 kilometer symjing i Hardangerfjorden til Eidfjord. Deretter ventar 18 mil på sykkelsetet til Austbygdi i Tinn, før det heile blir avslutta med 42 kilometer med springing. Målgang er på Gaustatoppen.
– Eg var mest skeptisk til symjinga og måtte ta meg eit lynkurs for å lære teknikk. Men det gjekk overraskande greitt, seier Aarbakk som bruka fem kvarter i vatnet.
– Syklinga er det eg har gjort mest, men eg kom aldri ordentleg i gang og måtte sykle kontrollert og håpe beina var betre til springinga. Det var dei, og eg blei friskare og friskare, seier Aarbakk, som blei heia fram langs løypa og tok att den eine etter den andre på vegen mot toppen.
Han hadde også krefter til ein sluttspurt på toppen og kom i mål som nummer 12 av 176 som starta i laurdagens konkurranse.
– Det var utruleg moro. Vêret var strålande og støtta frå dei frammøtte det same, seier han om opplevinga.
– Angra du nokon gong?
– Nei. Det er inspirerande å konkurrere i så flott natur.
Takkar støtteapparatet
Han er rask med å rose støtteapparatet. Pappa Jon køyrde fylgjebil, medan kameratane frå Seljord, Bård Mæland og Thomas Nilsen, var viktige støttespelarar gjennom dei nesten 13 timane.
– Eg er evig takksam, og hadde ikkje klart det åleine, seier han.
– Freistar det med ny start neste år?
– Ein skal aldri seie aldri, men eg tvilar. Eg får heller vere med i støtteapparat. Det blir vel min tur til å hjelpe til då, seier Aarbakk.
Han har alltid lika å halde seg i form, men seier treningsmengda varierer mykje. Han understrekar at det er treningsturane som er motivasjonen, og ikkje det å konkurrere.
Arnaud Epp vann herreklassa laurdag på 11 timar, 37 minuttar og fem sekundar.
Fullførte for sjette gong
Norseman blei arrangert for 10. gong og det var konkurranse både laurdag og sundag. Aarbakk tevla på laurdag, medan eliteklassene var i aksjon på sundag.
Marie Veslestaul frå Øyfjell deltok i kvinneklassa sundag. Ho bruka 15 timar, 5 minuttar og 44 sekundar og blei nummer 13. Det var sjette gong Veslestaul fullførte norseman. Sjølv om ho hadde ein fin tur, klarte ho ikkje kople inn det siste giret.
– Hadde eg hatt ein normal dag er eg sikker på at eg ville klart å kome inn på rundt 14 timar, seier Veslestaul til Telemarksavisa, men ho lovar å stille til start i konkurransen også dei komande åra.
Vinnaren av eliteklassa for menn, Henrik Oftedal, kom i mål på ny løyperekord; 10 timar, 23 minuttar og 24 sekundar.
Artikkelen er publisert 07/08-2012
|
Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk

|