Torsdag
20/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

– No går livet på skinner


Takksam: For få år sidan var kvardagen til Stian Norwall-Nielsen frå Seljord prega av rus. No har han fått orden på livet, og takkar Richard Vaaben Jensen for det.

Stian Norwall-Nielsen (28) kasta bort ti år av livet sitt. Ein song skriven i rus blei vendepunktet for seljordingen. I dag er han lukkeleg sambuar og har ei dotter på halvtanna år. Han takkar prosjektet «Trygge og gode dagar» for at livet går på skinner. – Eg hadde aldri klart dette på eiga hand, seier Stian, og takkar prosjektleiar Richard Vaaben Jensen.




Ikkje alle meistrar kvardagen like godt. Nokon slit med rus, andre har psykiske problem eller sosiale utfordringar. VTB ynskte å treffe dei som på ulike måtar opplever, eller har opplevd, dei mørke skuggesidene i livet.
I Seljord går prosjektet «Trygge og gode dagar – livsmeistring og sosial inkludering» mot slutten. Det starta i oktober 2009 og går etter planen ut 2012. Kommunestyret tek til hausten stilling til om prosjektet blir vidareført.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Seljord kommune, Nav Seljord og DPS (distriktspsykiatrisk senter) Seljord, med tilskot frå Helsedirektoratet og frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Hovudfokus har vore på familiar med barn og på personar under 30 år. Målgruppa har vore personar som på grunn av rus, psykiske og eller andre sosiale vanskar har problem med å meistre kvardagen, men rusproblem eller ein psykisk diagnose er ikkje eit krav for å få vere med i prosjektet.
Richard Vaaben Jensen leier prosjektet som har fått tilskott til to heile stillingar i prosjektperioden.
– Som prosjektmedarbeidarar er me privilegerte ved å ha både tid og rom for å prøve ut tiltak, som kan bringe prosjektdeltakarane over i ein kvardag som både opplevast tryggare og betre, seier Vaaben Jensen, og legg til at dei i ein liten kommune ikkje kan ha berre eitt tema og at dei derfor slo saman utfordringar som rus, bustad, fattigdom, manglande deltaking og andre sosiale problem i eitt prosjekt.

40 innom
Sidan starten i 2009 har 40 personar vore med i prosjektet – 15 kvinner og 25 menn. I 2011 var 29 deltakarar aktive, og ved utgangen av året var talet 19. Samarbeidet er avslutta for 17 deltakarar. 10 av desse har flytta til ein annan kommune.
Dei vanlegaste problema til deltakarane er økonomi, einsemd, struktur, rus, tilhøyre, angst og bustad. Deltakarane har sjølve evaluert prosjektet. Alle 16 som har svart seier dei meistrar eitt eller fleire av problemområda betre enn før prosjektstart. Spesielt blir det trekt fram at personalet har tid, er tilgjengelege og at det ikkje kostar pengar. I tillegg blir aktivitetar som rydding av turstig og matlaging trekte fram.
– Dei fleste har til felles at dei ikkje har hatt trua på seg sjølve. Dei må alle ta tak i sitt eige liv. I dag er det kring 20 aktive i prosjektet, og det er ingen av dei me jobbar likt med, seier Vaaben Jensen.
Han seier samtalane er viktigast. Mykje tid går med til rettleiing og praktisk hjelp som økonomiplanlegging og utfylling av søknadar, og det blir skrive samarbeidsavtalar med konkrete mål.
– For deltakarane samla sett ser me ein nedgang i sosialhjelpsutbetalingane, seier Vaaben Jensen, og legg til at lensmannen stadfestar at kriminaliteten blant prosjektdeltakarar som tidlegare var gjengangarar hos politiet, har gått ned.

Viktige samarbeidspartnarar
Vaaben Jensen understrekar at dei har mange viktige samarbeidspartnarar, både kommunale og andre som lensmannen, sjukehus, Frivilligsentralen, banken, Meny, grunneigarar på Bjørgesida og mental helse.
– Resultata krev heilskapleg tenking. Utan eit tett og godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i hjelpeapparatet, vil me ikkje oppnå slike resultat og tilbakemeldingar som deltakarane gjev, seier Vaaben Jensen.
Av negative tilbakemeldingar peikar nokre av deltakarane på at stor utskifting av personalet kan gjere folk utrygge så dei går inn i seg sjølv, like fort som dei opna seg fyrste gongen. Vaaben Jensen seier dette er ei bakside med prosjektorganisering. Medarbeidarane er berre tilsette i prosjektperioden og veit ikkje om det blir vidare jobb etter prosjektslutt.
– Då er det naturleg med litt gjennomtrekk, seier Vaaben Jensen.
Han hadde ynskt at ein kvalifisert ekstern instans kunne evaluert prosjektet, men dei fekk nei på søknad om støtte til dette.

Innsåg alvoret etter «karusell med elefantar»
Ein song skriven i narkorus fekk Stian Norwall-Nielsen (28) til å innsjå at han trong hjelp for å få orden på livet sitt.
I dag er Stian lukkeleg med sambuar og ei dotter på halvtanna år. Den vesle familien leiger hus, har eigen bil og Stian arbeider både på Byggmakker og som støttekontakt i Seljord kommune. Kontrastane til det tidlegare livet med «null kontroll og svart belte i rusmisbruk» er enorme. 28-åringen frå Seljord takkar det kommunale prosjektet «Trygge og gode dagar» og leiar Richard Vaaben Jensen i spissen for at han i dag kan sjå ljost på framtida.
– Eg hadde aldri klart dette på eiga hand, seier ein ærleg Stian til VTB.

Måtte skje noko drastisk
Det er ikkje meir enn tri år sidan Stian innsåg alvoret. Songen «Karusell med elefantar» blei skriven i rus, men var på mange måtar vendepunktet i livet.
– Det tok ei veke før eg forstod at eg faktisk hadde laga både teksten og melodien. Då eg kom til meg sjølv var huset eit kaos, men eg fann nokre papir med tekst og oppdaga låta som var spelt inn på pc-en, fortel Stian.
I den sterke teksten tek han på mange måtar eit farvel til verda.
– Noko drastisk måtte skje, elles kom eg til å køyre på til det var slutt, seier han.
Men det var ikkje slutten. Forholdet til Nav og ruskoordinator Vaaben Jensen hadde ikkje vore av det beste. Stian hadde mange gonger vore innom, og reist i sinne og smelt døra att bak seg. Men no hadde han ikkje noko val. Etter nokre dagar i tenkeboksen knakk han heilt saman. Han måtte ha hjelp.
– Eg gjekk til Richard og la alle korta på bordet.

Skulle på beina
Stian blei sendt til avrusing og behandling, men fekk raskt nok av opplegget. Tilgangen til rus var større i behandling enn i heimbygda, og den målretta ungguten reiste heim til Seljord. Han tok sjølv initiativet til å avleggje jamlege urinprøver og møte dagleg hos Seljord Personal.
– Eg ville vise omverda at eg skulle kome meg på beina, seier Stian.
Han hadde også tidlegare vore innom Seljord Personal, men det var ein ny Stian som kom denne gongen. No var han motivert for å få livet på rett kjøl.

Hardare og hardare
Stian var 16–17 år då han prøva narkotika for fyrste gong saman med kameratar. I fyrste klasse på vidaregåande gjekk det greitt. Då budde han heime. Men det neste året flytta han på hybel, og då sklei det heilt ut. Fest blei ein kvardag. Karakterane gjekk i botn.
Sidan gjekk det berre verre og verre. Rusmisbruket blei hardare og hardare.
– På det meste bruka eg rusmiddel for 20.000 kroner i veka, seier ein ærleg 28-åring.
Hasj, tablettar, amfetamin og kokain blei bruka for å flykte frå røyndomen. Snart klarte han ikkje å late vere å ruse seg. Han var livredd for omverda og klarte ikkje gå ut. Han måtte ruse seg, om det berre var for å dusje eller knyte skolissene. Fleire gonger hende det at han på handletur berre måtte sleppe vogna og springe heim.

Konstant rusa
– Eg var konstant rusa og var landet rundt for å få tak i narkotika. Heile tida var eg på farten i alle retningar.
Stian hadde mange rundt seg i miljøet, men han har likevel aldri følt seg meir einsam.
– Ein er åleine. Det sit 20 gørrusa personar rundt og alle er på kvar sin planet, seier Stian som har måtta kutte kontakten med mange av sine tidlegare vener.
Han fortel om då han på Herøya tok seg sjølv i å prate med ein busk, samtidig som han skar hol i jakka si for å finne ut kven som var inni.
– Der og då virka det heilt fornuftig. Så vilt har det vore, seier 28-åringen.
Det blei mange møte med politiet. Alkohol og narkotika er ein dårleg kombinasjon. Men sjølv om forholdet til politiet normalt ikkje er det beste for ein som brukar narkotika, har Stian berre gode ord til Seljord-lensmann Torodd Aase.
– Ein fantastisk mann. Han er rett og slett ein kjernekar. Når eg hamna på glattcella spurte Torodd: «Stian … kva er det du driv med nå?». Han hadde alltid tid, og spurde korleis ein faktisk har det.

Tok grep om eige liv
Prosjektleiaren hugsar korleis det var tidlegare.
– På måndagane kunne me lese i lensmannspaltene i avisa kva Stian hadde gjort i helga, seier Vaaben Jensen.
Han rosar Stian for å ha tatt grep om sitt eige liv, og er imponert over 28-åringen. Stian på si side kan ikkje få fullrost prosjektet.
– Kva har vore det viktigaste?
– Tilgjenge. Eg har alltid kunna kome og prate, same når det var på døgnet. Det har vore alfa og omega, seier han, og legg til at alt er lettare når dei ulike instansane samarbeider om tiltak slik det blir koordinert gjennom prosjektet.
No har Stian fått orden på livet. Den siste inkassorekninga er betalt og han er gjeldfri. Han har familie og jobb, og er støttekontakt for andre som treng litt hjelp. Han fortel om prosjektet på seminar, og deler no historia med lesarane av VTB.
– Eg har kasta bort ti år av livet mitt. Om eg kan bruke det til noko, er det gull verdt for meg. Eg har brote mange barrierar. Etter at eg hadde fortalt historia mi fyrste gongen følte eg meg som verdsmeister, seier han.
– Akkurat no går livet på skinner. Eg er stolt av å ha kome så langt, avsluttar han.


Artikkelen er publisert 30/06-2012

Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen