Laurdag
25/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Nye friidrettshåp


Likar å konkurrere: Eivind Fundlid (t.v), Bjørn Olav Loftsgarden og Espen Samnøen har i vår delteke i både Porsgrunnstafetten og Holmenkollstafetten, i tillegg til ulike klubbstemne og regionale stemne på Gullbringbanen i Bø. – Kjensla ein får når ein kjem i mål er heilt fantastisk, seier Loftsgarden.

Mange frykta at friidretten i Vest-Telemark var heilt borte, men no ser han med eitt ljosare ut. Ikkje berre arrangerar Kviteseid stemne med stor suksess, også i friidretten i Bø markerer vesttelane seg.




Då dei tri raulendingane Eivind Fundlid, Bjørn Olav Loftsgarden og Espen Samnøen flytta til Bø for å byrje på vidaregåande fann dei ut at dei måtte ha noko å gjere om kveldane. Etter å ha starta med faget «toppidrett uthaldenheit» blei dei dratt med av ein klassekamerat på trening med friidrettsgruppa til Skarphedin. Sjølv om ikkje gutane tidlegare hadde halde på med noko liknande blei dei freista til å prøve seg. No nesten eitt år seinare, er dei tri aktive og fornøgde friidrettsutøvarar som konkurrerer for IL Skarphedin.

Overbeviste dei to andre
– Miljøet i gruppa er utruleg godt, og me har det moro på trening sjølv om me trenar hardt. Dette er viktige grunnar til at me valde å fortsetje etter at klassekameraten vår drog oss me, smiler Loftsgarden.
Før dei kom til Bø hadde dei ikkje heilt bestemt seg for kva slags idrett dei ville fordjupe seg i på skulen, men etter litt prøving og feiling fram mot haustferien, landa dei alle på toppidrett uthaldenheit.
– I starten var det berre eg som valde uthaldenheit, men etter at eg fortalde om kor moro me hadde det til dømes på terrengsykkelen i skogen, klarte eg å overbevise Espen og Eivind til å bli med. Og då var ikkje vegen til friidrettstrening lang heller, fortel Bjørn Olav.
– Kombinasjonen av treninga på skulen og friidrettstreningane på kveldane passar veldig bra, sjølv om det blir mykje trening på oss. Då er det fint at alle tri på hybelen driv med det same, seier Espen.

Deltok i Oslo
Tidlegare i vår var dei tri ein del av Skarphedin-laget som deltok på eit av Noregs største idrettsarrangement, Holmenkollstafetten, som i år sette deltakarrekord med over 2500 lag. Av 34 lag i seniorklassa, som er klassa bak eliten, sprang IL Skarphedin inn til ein sterk 14. plass i stafetten der unggutane frå Rauland sprang tri av dei femten etappane. Deltakinga i Oslo gav dei alle meirsmak på fleire konkurransar.
– Kjensla av å kome i mål og vere ferdig med eit løp er fantastisk, spesielt moro var det i Oslo der det var fullt av folk rundt løypa og stor stemning, fortel Bjørn Olav medan dei to andre nikkar bekreftande.

Presterte på stemne
Då VTB møtte kameratane var dei akkurat komne i mål etter å ha delteke på DNB Nor-karusellen på Gullbringbanen. Eivind drista seg til å delta på både 400 og 1500 meter under stemnet, medan Espen og Bjørn Olav valde å rette fokus på høvesvis den kortaste og lengste distansen rundt tartandekket denne kvelden. Ingen av dei har heilt bestemt seg for kva distanse dei likar best og vil satse på.
– Eg likar meg nok litt betre på korte distansar, så kanskje det er ein slags sprintar eller mellomdistanseløpar eg blir. 400 meter var i alle fall veldig moro, og eg synest løpet i dag gjekk bra, seier Espen Samnøen, etter å ha bruka 63,33 sekundar på den 400 meter lange runden rundt banen.
Klubbkamerat Eivind Fundlid sprang inn til 58,81 og vann klassa for gutar 17 år på 400 meter. Også han likar seg på korte distansar.
– Korte distansar passar meg generelt bra, men eg synest det er moro å prøve meg på lengre også, seier Fundlid som seinare same dag sprang inn til 5,05 og femteplass på 1500 meter.
Tredjemann derimot har ei heilt anna oppfatning på kor langt han likar å springe.
– 3000 meter trur eg er den beste distansen eg har prøvd meg på. 1500 meteren i kveld passa også bra, sjølv om det var utruleg tungt mot slutten. Eg er i alle fall ingen sprintar, innrømmer Bjørn Olav Loftsgarden, som kom inn til ein tredjeplass med tida 4 minuttar og 56 sekundar.

Klar for vidare satsing
Heime i Rauland har dei alle vore aktive innan idrettar som fotball og skiskyting, men har ikkje hatt moglegheit til å drive med friidrett før dei kom til Bø. Årsakene til at friidretten nesten er fråverande i Vest-Telemark trur dei er mange.
– Miljøet er noko av det viktigaste når ein driv med idrett, det må vere eit miljø der for at fleire skal starte med ein ny idrett. Forholda for springing og friidrett heime i Rauland er heller ikkje spesielt gode med tanke på den lange vinteren. Det er noko heilt anna her i Bø med den flotte friidrettsbanen, i tillegg til mange skogsløyper, seier Loftsgarden.
No er uansett Vest-Telemark sikra tri unge løparar dei neste åra, for det er ingen tvil om at dei vil halde fram.
– Så lenge me bur her i Bø, kjem me heilt klart til å halde på med friidrett og springing. Trenaren vår har laga treningsprogram til oss denne sommaren, slik at me kan halde forma vedlike og vere klare til nye konkurransar til hausten, avsluttar ein glad friidrettsgjeng før dei blir får beordra ut på nedjogging av trenaren.


Artikkelen er publisert 28/06-2012

Aktuelle saker:
Sikrar ny veg i Grungedal
Jobbar for fortgang i tunnelplanar
Nasjonaldag, bursdag og kulturpris
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk