Torsdag
20/6-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Kulturarbeid frå grasrota


Grasrotengasjement: Leiar Åse Hylland i Vinje folkeakademi er stolt av at dei no er kåra til landets beste. Høgt aktivitetsnivå og variert tilbod frå den friviljuge organisasjonen gjer at innbyggjarane i Vinje har eit godt kulturtilbod.

Eit godt kulturtilbod er avhengig av stor friviljug innsats. Nyleg fekk eldsjelene i Folkeakademiet i Vinje heider av sine eigne for arbeidet dei gjer.




Leiar i Folkeakdemiet i Vinje, Åse Hylland, kan stolt konstatere at ho leier «Årets Folkeakademi» i Noreg. Grunngjevinga er klar: Dei bidreg til å skape eit levande lokalmiljø med både kulturelle, kunstnarlege og folkeopplysande arrangement.
Hylland synest det er viktig å engasjere seg når ein bur i distrikta. Då kan ein ikkje setje seg til og forvente å bli underhalden.
– Har ein valt å busetje seg her, kan ein ikkje sitje og vente på at ting skal skje. Av og til må ein gjera noko sjølv, smiler ho.
Men det er ikkje berre av og til ho og dei andre styremedlemmene i Folkeakademiet i Vinje «gjer noko sjølve». Mykje av det som skjer på det kulturelle planet i Vinje, er i regi av nettopp Vinje Folkeakademi:
Pubquiz på Vinjehuset og Groven camping. Barnekoret Måneskin. Konsertar og framsyningar, mellom anna i samband med den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken. Føredrag. Dansens dag. Jonsokfeiring. Markering av FN-dagen og 8. mars. Vrimledagar for dei yngste. Joletrefest. Politisk holmgang før valet. Syng med oss-kveldar. Symjing for innvandrarkvinner.
Lista er lengre enn dette. Fleire av tiltaka skjer i samarbeid med andre friviljuge lag og privatpersonar.
– Det er viktig å ha eit breitt og godt kulturtilbod i nærleiken av der ein bur. Eg er kjempeglad for at me har eit godt idrettstilbod med mykje friviljug innsats her i Vinje. Men det er også utruleg viktig at folk i alle aldrar har tilgang til meiningsfylte kulturaktivitetar, seier Hylland.

Ynskjer innspel
Dugnadsinnsatsen frå styret er stor. Dei har også fleire viktige støttespelarar. Hylland trekkjer spesielt fram Olav Eriksen – trugen quizmaster gjennom mange år med pubquiz som ein av dei viktigaste møteplassane på kveldstid i Åmot.
– Og den gongen me hadde quiz i Edland, blei det svært vellukka. Me har ei frå Edland i styret no, og håpar me får innspel frå folk i Haukeli og Edland om kva dei ynskjer seg og kva me kan bidra med dersom folk der oppe ynskjer å arrangere noko, inviterer leiaren.
Hylland oppmodar også folk til ikkje å vera så redde for å setje seg i bilen for å delta på arrangement rundt i kommunen. Det å møtast på tvers av grender og aldrar er viktig, og det å leggje til rette for at folk kan møtast, er eit av hovudmåla til eldsjelene i Folkeakademiet.

Juryens grunngjeving:
«FA Vinje har arbeidd for Folkeakademiets målsetjing på ein framragande måte, og har bidrege til å skape eit levande lokalmiljø med både kulturelle, kunstnarlege og folkeopplysande arrangement. FA Vinje har sers god aktivitet innan Folkeakademiets satsingsområde, med særleg fokus på inkludering. Dei har også klart å utvikle nye aktivitetar, gjennomført prosjekt som har oppnådd merksemd, vore drivkraft innan nettverksbygging og samarbeid. Dei har mellom anna skipa sitt eige barnekor, «Måneskin», i satsingsperioden «Syng for livet», og hatt månadlege pubquizar. FA Vinje har i tillegg det høgaste program- og publikumstalet, og det høgaste medlemstalet av alle søkjarar til «Årets Folkeakademi». I tillegg har Folkeakademiet Vinje synleggjort aktiviteten mellom anna gjennom nettsidene sine og ved å bruke digitale media på ein aktiv måte både internt og eksternt.»

Kva er Folkeakademiet?
- Ein norsk ideell organisasjon etablert i 1905 med mål om å bidra til norske enkeltindivids vekst gjennom erverv av kunnskap og kulturopplevingar. Det blei etablert som eit nasjonalt samlende organ for lokale folkeakademi, som igjen retta aktiviteten sin inn mot arbeidarklassa.
- I dag har Folkeakademia i Noreg seks ulike satsingsområde: Sjå verda i augo, framtida tilhøyrer dei unge, frå innvandrar til medborgar, den kulturelle spaserstokken (kulturtilbod retta mot eldre), syng for livet, og visst verkar kultur.
- I Vest-Telemark finst tri folkeakademi: Vinje, Rauland og Tokke.
- Vinje folkeakademi er no det mest aktive i Telemark, og fekk førre veke utmerkinga «Årets folkeakademi».
- Styret i Vinje folkeakademi: Leiar Åse Hylland, Juan Gutierrez, Signe Marie Kittelsaa, Gøril Ramo Håve og Reidun Hovden. Vara: Sara Mohamed og Hjørdis Ringhus Saupstad.


Artikkelen er publisert 21/06-2012

Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen