Fredag
24/5-2013

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Offer for ugjerning


Uhyggeleg: Stadig er det folk som møter knuste vindauge når dei kjem til ferieplassen sin. Her er det Nordre Dalen i Øverlandsgrendi i Seljord som har hatt ubedne gjester.

Nok eit hytteinnbrot. Avisene er fulle av slike notisar. Bak dei nøkterne orda finst offer som opplever at den grunnleggjande tilliten dei har til tilværet blir borte. Det kan kjennast som eit innbrot i mennesket sjølv, og mange brukar lang tid på å gjenvinne tryggleiken.




Stien som fører ned til den veglause plassen slyngar seg idyllisk i kveldssola. Husa på Søndre Dalen dukkar opp. Tunet ligg der tilsynelatande fredleg. Men me er klar over at me er på ein åstad. Eit brotsvek har skjedd her. Men kva? Der, der ser me fyrste teiknet. Eit vindauge i uthuset er sundslege. Glasskåra ligg på marka. Og der … fjøsdøra, som var låst med hengelås, er broten opp og står halvopen. Altså: Nokon med uærlege føremål har villa bana seg veg til det som måtte finnast i uthuset. Men kva var då poenget med å i tillegg knuse vindauget?

Avmakt
Det søkk i ein, slik det har gjort med så mange som har møtt det same grelle synet. Kjære stader som er invaderte. Mange har opplevd avmakta ein kjenner når ein blir utsett for slikt. Med rette, eller ikkje, kan ein kome til å føle seg trakassert.
Strafferettsleg sett er brotsverket lite. Det viser politiloggen der operasjonsleiaren i politidistriktet nøkternt fører inn ei melding om at det er gjort innbrot i ein fritidsbustad. Eit vindauge var knust og nokon har vore inne i huset. Seljord lensmannskontor vil sjå nøyare på saka, står det i loggen.
Det er no gjort. Politifyrstebetjent Else Krogseth Eilefstjønn har etterforska saka. Kva forbrytaren eller forbrytarane eventuelt elles har gjort i uthuset, seier politifyrstebetjenten ingenting om. Derimot har ho litt å seie om kva som er gjort av illgjerningar i stogobygningen. Der var kjøkenglaset oppbrote, og uvedkomande har vore inne.
– Det er gjort ganske store skadeverk, konstaterer Eilefstjønn.

Vandalisme
Bak det som på politispråket heiter noko så diffust som «ganske store skadeverk» skjuler det seg diverse ugjerningar. Eit brannsløkkingsapparat er tømt inne. Overalt er det kvitt pulver.
– Ganske store skadar, seier Eilefstjønn når ho blir beden om å karakterisere det som har skjedd.
Same staden er ein sofa skoren opp. Å skjera opp ein sofa? Kvifor? Er det ei handling retta mot eigarane eller er det eit utslag av det ein kanskje kan kalle «blindt hærverk»? Me veit ikkje. Det me veit er at saka er oppklara. Meir ynskjer ikkje Seljord lensmannskontor å seie om den saka.

Innbrotsraid
Denne saka, og fire andre politimelde innbrotssaker i same tidsommet, er oppklarte. Fire av innbrota skjedde i på ulike stader i Øverlandsgrendi. Det femte fann stad på ein fritidseigedom i sentrum av bygda. Ubedne gjester har vore inne i fleire av bygningane der.
– Ei bensinkanne, hagereiskap og diverse verktøy var borttatt. Men det er nå levert tilbake, fortel fyrstebetjenten.
Ja vel. Verdiane er tilbake. Men å grava i blomebeddet mellom auriklar, akeleier og riddarsporer med ein reiskap ein ikkje anar kva har vore bruka til i den tida kjeltringane hadde hand om han … Me menneske er så ulikt skruva saman. Likevel – det er ikkje utenkjeleg at somme alltid når dei seinare tek i reiskapen vil minnast den ubehagelge kjensla dei fekk dagen dei oppdaga at uvedkomande hadde teke seg til rette på
eigedomen.
Sjikane
Innbrot. Tjuveri. Skadeverk. Uavhengig av om det er hardbarka vinningskriminelle gjengar eller småramp som står bak, er det enkeltmenneske som blir råka. Inkjeanande personar som brått får tilværet sitt endra, i større eller mindre grad. Det kan vera ille for dei som blir råka. Den siste tida har det også råka mange eigarar av hus og hytter i Trollebotn på Seljordshei. Det fortel Eilefstjønn i politiet. Sist veke fekk Seljord lensmannskontor inn melding om eit skadeverk på ein bom og på eit uthus.
La oss sjå nærare på det såkalla skadeverket på uthuset. Røyndomen er at eit tre har falle rett over uthuset. Treet er felt med motorsag.
– Det kan sjå ut som det er ei bevisst handling, kommenterer politifyrstebetjenten.
Korleis eigarane opplever å bli sjikanert på denne måten veit me ikkje. Kanskje har «dei fornærma», som strafferetten omtalar dei som har blitt utsett for brotsverk, ei aning om kven som står bak, og kvifor. Like sannsynleg er det at dei ikkje har noko aning om kva som er bakgrunnen for at akkurat dei er valde ut. Kor utrygt er ikkje det?
Same dag fekk lensmannskontoret også melding om grovt tjuveri frå ei hytte i same området. Det var andre gongen på kort tid at denne hytta hadde hatt besøk av uvedkomande.
– Det har vore eit skikkeleg raid i Trollebotn, og ingen av brotsverka er oppklarte. Me veit heller ikkje akkurat kva tid dei har skjedd, men me er takksame for tips, legg Eilefstjønn til.

Sorg og vonbrot
– Åh, nei!
Det var fyrste reaksjon hjå eigarane då dei oppdaga at uvedkomande hadde teke seg inn på feriestaden deira, Søndre Dalen i Øverlandsgrendi i Seljord.
Janne Skifjeld frå Skien fortel at dei ikkje oppdaga noko med det same dei kom inn.
– Jøss, har den tingen ramla ned frå hylla, undra me. Så såg me fleire og fleire småspor. Etter kvart gjekk alvoret opp for oss, legg ho til.
Det er då me finn tida inne til å spørje det utslitne, men høgst relevante mediespørsmålet «kva følte du då?»
– Vonbrot var noko av det fyrste me kjende. Det heile opplevdest som sørgjeleg, svarar ho.
Skifjeld fortel at gjerningsmennene fyrst hadde prøvd å øydeleggje inngangsdøra, men at dei ikkje hadde greidd det. I staden hadde dei teke seg inn gjennom eit kjøkkenvindauge. Inne var det rota og romstert, skuffar var dregne ut, sofaen skoren opp og eit brannsløkkingsapparat var tømt.
Kjensla av sorg og vonbrot, som oppstod med det same dei oppdaga kva som hadde skjedd, blei seinare avløyst av sinne.
– Ein blir forferdeleg irritert og rasande. For det var bare rett og slett skadeverk. Ingenting var stole, utanom litt øl og sjokolade frå kjøleskåpet, seier «den fornærma», som er uttrykket styresmaktene brukar om dei som blir utsett for brotsverk.
Ho synest tanken på at det har vore folk inne og rota i tinga deira er ubehageleg å ha med seg.
– Men heile hendinga er kanskje aller verst for svigermor, som har vakse opp der, seier Skifjeld. Svigermor hennar er 79 år gamle Signe Heggenes, fødd Sandsdalen, som er busett i Skien.
– Nå har dei øydelagt heile sommaren, var reaksjonen hennar, fortel svigerdottera.
I tillegg til å ha vore inne i huset hadde gjerningspersonane også teke seg inn på låven. To ruter der var knust, og inne var glasskår spreidd over alt av inventar og reiskap.
– Og så alt arbeidet følgjene av innbrotet fører med seg, sukkar den forulempa.

– Ein alvorleg tillitsbrist
– Me trur at me er trygge. Me snakkar om at det er så trygt på Dalen, i Flatdal og i Grungedal. I den verkelege verda er det ikkje slik. Folk som blir utsette for innbrot eller andre ugjerningar opplever at tryggleiken blir borte. Det er ein alvorleg tillitsbrist, seier prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein.
Han uttalar seg på generelt grunnlag, og understrekar at folk er svært ulike, og reagerer dermed forskjellig på ulike belastningar dei blir utsette for. Men mange som blir offer for brotsverk kan kjenne det som eit angrep på integriteten.
– Ein grunnleggjande tillit blir teken bort. Det er alvorleg. At nokon framande – heilt utav det blå – går inn til meg, det kan nesten verke som eit innbrot i mennesket sjølv. Nokon går inn i det inste rommet. Heile verdsbiletet blir skaka, det ristar i grunnvollane. Og mange brukar lang til på å gjenvinne tryggleiken, seier prostidiakonen.


Artikkelen er publisert 14/06-2012

Aktuelle saker:
Skuletilbod held fram i Vest-Telemark
Pinsevêr med ettersmak
Dobbeltdrama i fjellheimen
På livet laus
Førti år som turistvert
Krev fortgang med nytt vassverk
Gassdrama på europavegen
Påkøyrd av førarlaus politibil
På handlelista: Popkorn og sild