|
Torsdag 20/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Ein stad for sikker oppbevaring
 Systematisk: – Alle gjenstandar blir tekne godt vare på. Me har eit vasstett system for arkiveringa av gjenstandane, som betyr mykje for historia vår. Og me fotograferar alt, seier samlingsansvarleg i VTM, Una Høydal.
|
Det nye fellesmagasinet i Vest-Telemark museum blei bygd for å ta vare på historiske gjenstandar. Alle musea i regionen kan nytte magasina for å sikre at verdifull historie ikkje går tapt.
Stein Olav Lie redaksjon@vtb.no
– Me har teke på oss eit fagleg ansvar i Vest-Telemark. Både fagpersonell og fysiske rom for klargjering og oppbevaring er på plass i nybygget. Motivet vårt ved å tilby magasinplass til dei andre musea, er å ta vare på og syte for at historiske gjenstandar beheld kvaliteten, seier museumsdirektør Dag Rorgemoen.
Eit museumsmagasin er spesialkonstruerte rom som har system som mellom anna gjev rett temperatur og luftfukt i tillegg til at det er sikkert både med tanke på brann og innbrot.
Omfattande prosess
Absolutt alle gjenstandar, med unntak av metall, bein og perlemor, som kjem til museet i Eidsborg blir handsama på same måten.
– Fyrst pakkar me gjenstandande inn i plast, før me legg dei i fryserommet i fire døgn. Då er det om lag 40 kuldegrader i rommet. Ein slik temperatur tek livet av det som eventuelt skulle vere av møll, makk eller andre skadedyr. Så opnar me dørene og slår av frysen. Slik står gjenstandane i eitt døgn, og til slutt fjernar me plasten og let gjenstandane bli skikkeleg akklimatisert. Tekstil heng me til lufting, forklarer samlingsansvarleg Una Høydal.
– Sårbare
– For om lag 15 år sidan kjenner me til at det var eit møllangrep på gjenstandar ute på musea. Gjenstandane låg på lager og blei såleis ikkje sett til. Noko slikt viser oss kor sårbare me er om me ikkje tek godt nok vare på dei historiske gjenstandane våre, legg Rorgemoen til.
Etter at gjenstandane har gjennomgått både frysing og akklimatisering, må dei også reingjerast.
– Me støvsugar eller reinsar dei, alt etter kva gjenstandar det er snakk om. Neste steg er registrering i eit arkivsystem som gjer det enkelt å finne dei att i magasinet. Me fotograferar og skriv ned absolutt alt me veit om den enkelte gjenstanden også. Det er viktig for å setje dei i samanheng med historia. Og det er viktig for at me kan leggje gjenstandane ut på digitalt museum, ein nettstad som gjer at alle som ynskjer finn bilete og informasjon om gjenstanden. Slik sett blir tilgjenge monaleg betre, smiler Høydal.
Tydeleg merking
Så blir gjenstandane fysisk plasserte i hyller i magasinet. I Eidsborg har dei sortert etter gjenstandar, og alle magasin, reolar, hyller og gjenstandar er nummererte for å gjere det enkelt å finne dei att.
– Og så er magasina sjølvsagt klimaregulerte både når det gjeld temperatur og luftfukt. Det er avgjerande faktorar for å bevare dei historiske gjenstandane. Me har måleinstrument slik at me kan fylgje med på at alt er rett. I tillegg er me fysisk innom magasina og ser, seier Høydal.
– Og det er frykteleg enkelt å finne fram til den enkelte gjenstanden med det arkiveringssystemet me brukar, legg ho til.
Handlar om historia
– Det er viktig å presisere at det er lokalstyra i dei forskjellige musea som bestemmer om dei vil la oss ta hand om samlingar eller enkeltgjenstandar. Me er på ingen måte ute etter å ta noko frå dei andre musea. Motivet eine og åleine er å vere trygge på at alt blir teke vare på for all ettertid. Då er det viktig å ha fasilitetane som skal til. Om musea skal ha utstillingar av gjenstandar dei har i fellesmagasinet, er det sjølvsagt berre å hente dei. Eigedomsretten er ikkje endra, slår museumsdirektøren fast.
Han trekkjer parallellar til det Nordiska museet i Stockholm. Oppkjøparar frå Sverige var mykje i Vest-Telemark-traktene i 1860-åra og kjøpte opp både tvislirer og primstavar for å nemne nokre få ting.
– Dei tok i alle fall godt vare på sakene, og me veit ikkje kva som ville skjedd med mange av dei gjenstandane om dei ikkje hadde hamna på museum. Det gjev eit bilete på at oppbevaringsfasilitetane er avgjerande for levetida på historiske gjenstandar, seier Rorgemoen.
Artikkelen er publisert 26/04-2012
|
Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen

|