|
Torsdag 20/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Brenn for folkekulturen
 Gangar med femåringane: Linda Hamarsnes (nr. 2 f.h.) var ein av dei fyrste elevane Vesla Landsverk (t.h.) hadde i leikarringen Fjøllbrusen. No har ho teke opp att interessa, til Veslas store glede, og kan vidareføre interessa og lærdomen til endå yngre generasjonar.
|
Vesla Landsverk brenn sterkt for folkekulturen, for røtene og for historia. Gjennom mange år har ho gjeve raulendingar og vesttelar, særleg dei yngre, viktige innblikk i kulturarven vår. Laurdag blei ho heidra for det allsidige arbeidet ho har lagt ned i åras løp, då ho fekk Vinje kommunes kulturpris for 2012.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Interessa har jamt lege der. For dansen, for musikken, for historia, for kulturen. Vesla, eller Birgit som ho sjeldan blir kalla, voks opp i eit miljø fylt med folkekultur. I løpet av livet sitt har ho sytt for at fleire oppveksande generasjonar også har blitt kjende med denne viktige delen av kulturarven i Rauland, i Vest-Telemark og i heile Noreg. Gjennom kurs og arbeid i barnehagar frå 1980-talet og utover, gjennom leikarringen Fjøllbrusen frå 1990 og utover 2000-talet, og i dag særleg gjennom prosjektet «I husmannsfolkets fotefar» med førskulegruppa i Rauland barnehage. Men også gjennom mange andre prosjekt og ikkje minst gjennom eit geniunt engasjement for folkekulturen.
Difor var det i år Veslas tur til å få kulturprisen i Vinje, som blei delt ut på Raulandshuset laurdag, der nær hundre gjester samla seg til festkveld til ære for Landsverk.
– Makalaus
– Ho æ makalaus mæ ungan, blir det kviskra under utdelinga.
Og det er lett å sjå. Femåringane ho no arbeider med, har møtt fram for å vise fram noko av det dei lærer saman med Vesla. Ungane lyser av danseglede når dei dansar gangar – store smil og djup konsentrasjon blenkjer i dei fem år gamle andleta. Nokre dansar i bunad, andre i rosa jakker og blinkejoggesko. Og det er litt av poenget til Vesla – å la ungane få ta del i og lære om folkekulturen på sine eigne premiss, og syte for å så eit frø av interesse i dei.
– Då kan dei hente det fram att seinare, for grunnlaget ligg der, sjølv om dei ikkje praktiserer det på nokre år, seier Vesla, som er ein sterk bidragsytar til å halde Vest-Telemark-kulturen levande.
Det legg også ordføraren vekt på i tala si til prisvinnaren.
– Eg tek ikkje for hardt i om eg seier det står godt til med kulturen i Vinje. Eg er djupt imponert over det kulturelle mangfaldet her, som er av stor verdi for oss som lever midt i det. Men alt er ikkje sutlaust i Vinje heller. Me er også utsett for presset frå den internasjonale, standardiserte kulturen, seier Vinje.
– Å gjeva prisen til Vesla er ikkje berre kommunens takk til eit menneske som i høgste grad er ein deltakar og ikkje berre ein tilskodar i kulturlivet. Ho får også prisen fordi ho tek eit ansvar for å styrkje kulturen vår – og fordi me set pris på måten ho gjer det på, held han fram.
Brenn for husmannsfolket
Dei siste åra har Vesla hatt husmannsprosjektet i førskulen som ei stor interesse. I 2008 og ringte dei frå barnehagen i Rauland og lurte på om ho kunne koma og fortelje eventyr. Då spurde ho om ho ikkje kunne få lov til å prøve ut eit opplegg ho hadde laga, nemleg «I husmannsfolkets fotefar». Det fekk ho.
– Du veit, det gjeng mykje ut på det same, for det er husmannsfolket me kan takke for mykje av tradisjonane våre, også eventyra. Det er viktig at ungane lærer om korleis dei hadde det – det er ikkje så langt tilbake i tid det er snakk om. Me lærer om korleis dei levde, korleis dei blei trykt ned og ikkje verdsett – og kor utruleg evnerike dei var, fortel Vesla engasjert.
Skodespel, spikking, stev og rosemåling – alt får ungane ta del i. Dei reiser på fleire turar i året, både til Flatastaul i Austbø, der bygningane framleis står, og til fleire andre, der berre murane står att. Då er ungane med på å rydde dei gamle husmannsplassane. Men noko av det viktigaste ungane lærer, er korleis ungar og vaksne hadde det på denne tida og under slike kår – det er viktig empatitrening for dei unge.
– Det brann så sterkt i meg at eg berre måtte, seier Vesla om husmannsprosjektet.
No gjeng ho med planar om å gje ut ei bok om emnet, som både skal vera ei faktabok, men også ein mal og eit hjelpemiddel for tilsette i barnehage og skule dersom dei vil setje i gang liknande prosjekt.
– På skulen lærer ein mykje om vikingane og Snorresagaen – men kvifor lærer mange så lite om husmannsfolket? Dei har bygd opp landet vårt, seier ho innstendig.
Så nye frø
Veslas velutvikla fantasi gjer nok sitt til at ho får så god kontakt med born. Og den gode fantasien gjer også at Vesla synest livet blir endå rikare.
– Eg er så full av fantasi, at folk lurar litt i blant. Dei lurar på kvar eg tek det frå. Ein blir så mykje meir kreativ når ein har god fantasi. Det hadde vore litt tomt viss eg ikkje hadde hatt det. Så eg ser på fantasien som ein kjempestyrke. Eg kan fantasere når eg er i skogen åleine, og sjå både risar og gygrer i fjellformasjonane. Og så er eg veldig oppteken av tussar. Troll er også artig, men særleg tussar. Og nissar – den norske fjosnissen, den har eg sansen for. Det er så fargerikt! Kvifor kan ikkje dette bløme og gro i dag også?
Ingen skal i alle fall skulde Vesla for å ikkje bidra til at det skal gro og bløme, verken når det gjeld fantasi eller kulturliv.
– Det gror – og det kjem til å gro mykje i dei frøa Vesla har sådd, seier ordføraren til prisvinnaren utdelingskvelden.
Det å så nye frø og samstundes ta vare på gamle røter, er kjernen i Veslas verksemd. Og nettopp difor får ho årets kulturpris, forklarar ordføraren:
– Det er med kveding, spel, dans og rosemåling, nett som med dialektane, at me ikkje skal ta vare på dei fordi dei er så mykje sværare enn alle andre – men fordi dei er våre. Det har med røtene våre å gjera, og at dei som veks opp får ta del i kulturfellesskapen. Ein må på ein god, levande og aktuell måte formidle dette på tvers av generasjonane. I ord, tonar og bilete er Vesla ein slik formidlar.
Ustoppeleg
Sjølv er Vesla oppteken av at ho ikkje har arbeidd for å få nokon pris. Ho har arbeidd for at kulturen skal overleve – at ein skal kjenne til røtene sine.
– Alt for få ser kor viktige røtene våre er. Difor er dette noko eg berre må gjera. Akkurat som skapartrongen – den er det heller ikkje noko eller nokon som kan stoppe, smiler Vesla.
I fleire år har ho vore plaga med gikt, men det har sjølvsagt heller ikkje stoppa den driftige dama.
– Det er hobbyane og den sterke interessa for alt dette som er medisinen min, både fysisk og psykisk. Eg brukar ikkje tablettar – det er ikkje positivt for meg. Det positive er å leva i dette her, og hente styrke og energi i natur og i møte med menneske – særleg ungar. Der får du att så mykje, meiner Vesla, og legg til:
– Det er fantastisk å jobbe med ungar.
Og dømmer ein ut frå andleta på femåringane Vesla dansa og song med laurdag, er det absolutt gjensidig.
Artikkelen er publisert 24/04-2012
|
Aktuelle saker:
Riggar seg til internasjonalt
Heisa flagget og skåla i champagne
«Kalenderpikene»
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen

|