|
Onsdag 23/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Hjelp til eit friskare liv
 God rettleiing: Anne Mosdøl (t.v.) er leiar for Frisklivsentralen i Vinje, og Wenche Bråstøyl er svært nøgd med rettleiinga ho får. – Anne har lært meg at ein ikkje skal stoppe når det gjer litt vondt, og at ein må fylgje sin eigen rytme, smiler Bråstøyl.
|
Vinje er ein føregangskommune når det gjeld friskvernsarbeid, eit satsingsområde frå Helsedirektoratet si side. Sidan 2010 har kommunen hatt ein eigen frisklivsentral.
Randi Berdal Hagen randi@vtb.no
Det å kome i gang med livsstilsendringar kan vere vanskeleg. Den helsefremjande effekten ved å leggje om aktivitetsvanar og kosthald blir eit større og større satsingsområde frå Helsedirektoratet. Eit viktig tiltak i samband med dette er etableringa av frisklivsentralar rundt i kommunane.
I Telemark var Vinje og Skien fyrst ute med friskvern, og alt på midten av åttitalet hadde ein slikt tilbod i Vinje. I januar 2010 starta arbeidet med å etablere ein frisklivsental i Vinje, og fysioterapeut Anne Haukom Mosdøl blei tilsett som leiar for sentralen. Mosdøl kom frå ein liknande jobb i Alstahaug i Nordland, som er ein pionerkommune innan frisklivsarbeid.
– Eg var difor godt kjent med denne måten å arbeide på, og har snart ein mastergrad innan feltet. Det er litt viktig å få fram at alt me gjer er tufta på forsking, det er ikkje noko me finn på sjølve, smiler ho.
Individuell testing
Gjennom fastlegen eller andre helseinstansar, eller ved å ta kontakt med frisklivsentralen, kan ein få ei tilvising, ei såkalla «frisklivsresept», for å delta i opplegget. To gonger i året startar ei gruppe på opptil 16 personar saman på vegen mot eit friskare liv.
– Alle deltakarane blir testa i både kondisjon og styrke ved inntak og etter tre månader. Dei kan også velje å bli testa etter seks og tolv månader. Alle som fullfører, viser framgang. Kjem ein på treningane, får ein jo gode resultat. Og deltakarane synest det er moro å bli testa og sjå eigen framgang, fortel Mosdøl.
Ho og deltakarane trenar saman to gonger i veka. Den eine dagen trenar dei kondisjon, og den andre dagen prøvar dei ut ulike treningsformer kommunen kan tilby, slik at deltakarane kan finne ut kva dei likar best. Målet er at dei skal finne ut kva som fungerar best for dei når dei skal halde fram på eiga hand etter å ha vore med på ei eller fleire frisklivsgrupper.
Etter ein reseptperiode skal deltakarane ha mogleheit til å trene både på dag og kveldstid. I denne sammenheng har friskvernet, det kommunale treningstilbodet i Vinje, utvida med treningstilbod på dagtid slik at fleire har høve til å delta. Desse treningane er opne for alle, også dei utan resept.
– Hadde me vore i ein by, hadde nok dette tilbodet omfatta berre dei med resept, men her i Vinje let me alle få lov til å vere med, smiler Mosdøl.
Heilt konkrete mål
– Noko av det viktigaste me gjer, er at kvar og ein skal setje seg konkrete mål. Det held ikkje å seie at «eg skal bli i litt betre form til jol», ein må ha noko heilt konkret og målbart, som at ein skal gjennomføre eit bestemt sykkelløp eller ein turmarsj, seier fysioterapeut Mosdøl.
Nettopp eit slikt mål sette deltakar Wenche Bråstøyl frå Åmot då ho starta på ei frisklivsgruppe for eitt år sidan.
– Eg sette meg eit mål om å gå den tri mil Bispevegmarsjen frå Fyresdal til Valle året etter. No er det like før, og eg gler meg, seier Wenche til VTB to dagar før ho skal i elden.
– Det har gjeve meg mykje å vere med på dette. Eg er mykje meir opplagt, og eg søv ikkje lenger vekk ettermiddagane etter arbeid. Det er utruleg mykje positivt ved eit slikt tilbod, og eg vil absolutt anbefale det. Ein får prøve ulike treningsformer, men kan ta alt i sitt eige tempo. Og effekten av det heile er utruleg god. Eg hadde aldri klart å gå dei turane eg gjer no, for berre eitt år sidan, fortel Bråstøyl.
Samhaldet i gruppa er også med på å motivere deltakarane.
– Det sosiale er eit veldig viktig element. Det å vere fleire og trene i hop er mykje betre enn å halde på åleine. Det er utruleg koseleg. Det at helsa blir forbetra kjem som eit ekstra pluss, eigentleg, smiler ho.
To dagar etter gjennomfører ho Bispemarsjen med glans.
Frisklivsentralen
Frisklivsentralen (FLS) er eit kommunalt kompetansesenter med tilbod til personar og grupper i befolkninga som har trong for hjelp til å endre helseåtferd. Av og til skjer det ting i livet, fysisk eller psykisk, som gjer at ein kjem litt skeivt ut når det gjeld fysisk aktivitet. Då er det godt med litt drahjelp for å kome i gang med trening att. Tilbodet skal styrke individet si meistring av eiga helse, hovudsakleg gjennom endringsfokusert rettleiing og tilpassa tiltak for fysisk aktivitet, betre kosthald og røykeslutt.
Basistilbodet er eit strukturert tilvisings- og oppfylgingssystem for personar som har behov for endre helseåtferd – kalla «frisklivsresept».
FLS skal styrke brua mellom medisinsk behandling og eigenmeistring, og ei viktig oppgåve er å rettleie deltakarane vidare til lokale lågterskeltilbod.
Reisebrev frå Bispevegmarsjen, 6. august 2011
Kl 06:10 ringte vekkarklokka. Nå var me klare for marsj. Ut glaset kunne eg sjå tåka ligge tett. Ville det vere slik heile turen? Vêrmeldinga i går hadde spådd noko anna, sol og sky, ja ja…. Ein ekstra ullgenser blei lagt i sekken berre for sikkerheits skuld. På vegen til Kleivgrend og Fyresdal var det nesten ingen andre på vegen. Kanskje ikkje så rart, då klokka var litt over 07:00. Men ein svær elgokse på eit jorde i Hauggrend vil ynskje oss god tur. På vegen forsvann også den eine tåkedotten etter den andre. Dess nærare me kom Kleivgrend, dess meir blå himmel såg me.
Vel framme fekk me registert oss hos Valle IL, så då var det berre å starte den tri mil lange turen. Me slapp dei fleste framom oss, slik at me kunne ta turen i eige tempo, og det var bra. Då fekk me ta ein kvil der me trengte, stoppe for å sjå på den utsikta me ville, og ta dei bileta me ville, heilt i ro og mak. Etter 3 timar var me framme på hytta i Nystøl. Her var det nokre snille fyresdølar som hadde koka kaffi og pylsur, og du kan tru det smaka etter fleire timar på beina. Då me satt på Nystøl forsvann alle skyer og sola varma. Det var ein skikkelig fin sommardag i august.
Frå Nystøl til Valle byrja den eigentlege reisa. Då måtte me opp nokon lange bakkar opp til snaufjellet. Sveitte kom me opp på fjellplatået og møtte ei utsikt du berre kan finne høgt til fjells. Ein speidarleir som låg og slikka sol på nokre berg etter ein lang dag i fjellheimen møtte me også. Dei ynskja oss god reise og lukke til. Gode ord varma godt på slutten av turen då beina byrja å bli slitne.
Etter nokre timar på snaufjellet kom Valle fram i åsynet. Bygda var eit fantastisk syn der sola blenka så vakkert i Otra, elva som snirklar seg ned gjennom dalen. No var det berre sjarmøretappen igjen, å gå frå 1.100 m og ned til Valle. Dette blei ein prøvelse både for kne, rygg og hofter. Så nære mål kunne me ikkje gje oss. Med ein fot framom den andre kom me oss ned utan skadar, men slitne og trøtte i kroppen. To damer var utruleg stolte over å ha klara å gjennomføra marsjen som har vært eit stort mål for den eine i heile år. 11 timar brukte me til saman på ein tur som berre kan beskrivas med eit ord – nydeleg!
– Anne og Wenche
Artikkelen er publisert 13/08-2011
|
Aktuelle saker:
Ibsen kom siglande på bylgjene blå
Gamal plan kan stogge Straumsnes-planar
Nye aksjonar frå bøndene
Ingen tømmermenn av skogbruksverva
Historieengasjement heidra med pris
Han som får det til
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte

|