|
Sundag 20/5-2012
Kjøp VTB online her:

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Med hallingdans på timeplanen
 Hattespark: Bjønn Raftevold Rue held kosteskaftet når elevane på rekkje og rad sparkar hatten. Her er det Hilda Klomset Lønnestad som prøvar. (Foto: Øystein Øygarden)
|
Skuleelevane i Seljord har gangar, springar og halling på timeplanen.
Øystein Øygarden oystein.oygarden@vtb.no
– Er det nokon som veit kva me skal? spør hallingdansinstruktør Sigbjørn Rua til 5. klassingane som har sett seg på golvet i Gamlesalen på Granvin. Mange av elevane rekkjer handa i vêret.
– Danse halling, svarar fleire i kor.
– Er det nokon som har gjort det før? undrar Rua.
– Ja, eg dansa i tri år, men så slutta eg, seier ein av 5. klassingane.
– Kvifor slutta du?
– Det blei litt keisamt.
– Det kan ikkje stemme, meiner Rua, før han engasjerer skuleelevane i hallingdans.
Dans, ikkje akrobatikk
– Elevane har vore veldig flinke. Nokre av dei har gått på Tusseleiken og lært litt der, seier Bjønn Raftevold Rue som instruerte elevane saman med Rua.
18-åringen fekk sitt fyrste møte med hallingdans på Landskappleiken som 6-åring.
– Eg var med mamma på Landskappleiken og såg Sigbjørn Rua og fleire andre gode hallingdansarar på scenen. Då eg kom heim prøva eg å etterlikne det dei gjorde på kjøkengolvet. Det eg ikkje hugsa gjorde eg på min eigen måte, seier Raftevold Rue som sidan har vore på mange kurs, og blitt ein røynd hallingdansar. No set han pris på å lære skuleelevar dans.
– Kva er viktig for å bli ein god hallingdansar?
– Ein må ha takt og god kroppskoordinasjon, i tillegg til styrke og å vere uthaldande. Det er viktig at dansen er ein dans, og at det ikkje blir akrobatikk. Det er Sigbjørn veldig flink til, seier han om kollegaen på kurset.
171.000 til samarbeidsprosjekt
Seljord spelemannslag fekk tilslag på 171.000 kroner frå Utdanningsdirektoratet til samarbeidsprosjektet «Dans og spel i Seljordskulen», som er eit samarbeid mellom skulen, spelemannslaget og folkedansmiljøet i bygda.
– Dette er moro. Midlane betyr at me kan gje elevane ein smakebit før Landskappleiken, seier Ragnhild Knudsen i Seljord spelemannslag, som trur kombinasjonen av å vere landskappleikarrangør og eit blømande folkemusikkmiljø var avgjerande for at laget fekk midlar til prosjektet.
Praktisk kjennskap til tradisjonar
Målet er at alle skuleelevane skal få prøve seg på gangar, springar og halling til felespel av spelemannen Lars Erik Øygarden som studerer på høgskulen i Rauland. Prosjektet går over tri semester, og før sommaren er Hæge Manheim, Jorunn M. Torjussen, Sigbjørn Rua, Eivind Bakken, Bjønn Raftevold Rue og Håkon Funner Gjerjordet instruktørar, i tillegg til spelemann Øygarden.
– Elevane kan få ein smakebit før Landskappleiken og bli fylgd opp etter, slik at elevane kan få praktisk kjennskap til lokale danse- og musikktradisjonar i Seljord, seier Knudsen.
Artikkelen er publisert 07/04-2011
|
Aktuelle saker:
Ingen tømmermenn av skogbruksverva
Historieengasjement heidra med pris
Han som får det til
Trur Vrådal brygge blir ei perle
Seier det med rundballar
– Lyntog vil skape paradigmeskifte
Midtpunkt i TV-serie
– Lyntog løner seg
Den heimvendte pedagogen

|