|
Tysdag 18/6-2013
Les VTB elektronisk!
No er me på alle plattformer.
Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac

Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no
Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag
|
|
Smykkesmeden i Edland
 Smykkesmed: Linn Sigrid Bratland er glad for at familien flytta heim att til Edland, og veldig fornøgd med jobben som smykkesmed.
|
Ho prøva bylivet, men sakna heimbygda og kom tilbake med mann og barn. Nå satsar Linn Sigrid Bratland på ei framtid med eige design i sylv og emalje.
Tone Tveit tone.tveit@vtb.no
I dei gamle lokala til Edland industri har smykkesmeden Linn Sigrid Bratland (32) kome på plass med verkstad i heimbygda der ho vaks opp.
– Her er det god arbeidsro, seier sylvsmeden som denne hausten har kome godt i gang med produksjonen etter eitt års permisjon heime med barn nummer to.
Linn Sigrid fortel at ho alltid har vore innstilt på at ho skulle busetje seg i Edland.
– I oppveksten tenkte eg mykje på det, og då eg skulle velje utdanning var det viktig at eg gjekk til eit yrke eg kunne nytte her i nærområdet. Men ettersom eg gjekk på skule blei vel eigentleg dette meir og meir fjernt, fortel smykkekunstnaren som studerte både i Oslo, Bergen og Stavanger etter eitt år med folkekunststudie og metallfag på Rauland.
– Eg sakna å arbeide med metall då eg studerte vidare på høgskule og universitet, og blei veldig glad då eg fekk lov til å kome til gullsmed og metallkunstnar Lise Schønberg, sjølv om ho hadde slutta med lærlingar.
Fyrst gjekk Linn Sigrid i lære utan løn, men etterkvart kom også det i orden. Linn Sigrid lærte mykje av Lise Schønberg i Kristiansand.
– Ho var utruleg inspirerande, eg treivst svært godt og lærde mykje. Schønberg jobbar med mange ulike materiale, både smykke og utsmykking av store offentlege bygg og det var spennande å fylgje arbeidet hennar, smiler Edland-jenta.
Måtte velje
Men bylivet fekk ein bråstopp.
– Det var vel eigentleg då mamma og pappa melde frå at dei ville selje besta og bestefar sitt hus at eg tok eit nytt standpunkt, smiler Linn Sigrid.
– Du skjønar, eg er håplaus nostalgisk, og slik blei det til at mannen min Jan Inge og eg tok over huset. Men me busette oss ikkje der då, men leigde ut.
Men ein dag kom det brev frå Vinje kommune.
– Me mottok stønad frå kommunen den gongen me kjøpte huset, og gjorde klart at me i fyrste omgang ville leige det vekk til andre. Men det kunne me ikkje halde fram med. Anten måtte me betale tilbake det kommunale tilskotet, eller så måtte me flytte heim, fortel ho.
Linn Sigrid valde å flytte heim, sjølv om det ikkje passa så godt akkurat då, mellom anna sidan ho var godt i gang hos Schønberg i Kristiansand.
– Me busette oss i Edland, gifta oss og eg reiste tilbake på skulebenken i Rauland på høgskulen for å ta andreåret med metall på folkekunststudiet. Så heldt eg fram og fullførte med master i 2007, fortel ho.
På flyttefot att
Men familien lengta tilbake til bylivet.
– Mannen min reiser mykje i jobben sin, og slik kom avgjerda om at me skulle flytte på oss att. Me busette oss i Skien, budde der eitt år, men angra raskt og lengta tilbake til Edland, både mannen min, eg og ungane.
– Me kunne sjølvsagt seld «kaféen» som mange kallar bestahuset me nå bur i, men det klarte me ikkje. Edland er ein veldig bra plass og bu. Bygda har ein god barnehage og skule og her har ungane besteforeldre i nærleiken, sidan familien til mannen min bur på Sørlandet. Me kan ikkje få i pose og sekk når ein har vener og familie over heile landet, seier Linn Sigrid.
– Det er betre å bu ein plass der ein føler seg heime, og i ei bygd der ein trivst, enn i ein stor by. Det var også billegare å busetje seg på bygda, og det er lettare å jobbe med usikre inntekter som begge har, fortel sylvsmeden.
– Korleis reagerte eldstesonen på flyttinga for eitt år sidan?
– Då me reiste frå Edland og han skulle starte i barnehagen i Skien blei nok overgangen stor. Han fann seg aldri heilt til rette, og blei veldig fornøgd då me flytta tilbake til gamle barnehagen ved det førre årsskiftet. Han trivst mykje betre her enn han gjorde i byen, stadfestar mammaen til 4-åringen og meiner at alt fall på plass då dei kom tilbake til Edland.
– Alt blei rett då, smiler ho.
Investert mykje
Linn Sigrid fylgde opp arbeidet med metall og starta eiga verksemd som smykkesmed.
– Men det har gått seint, fram til nå har alle inntekter gått til investering av utstyr. Eg har vore så nære på å kutte ut, men det er dette eg vil, smiler sylvsmeden.
– Eg gledar meg til eg kan ta ut litt forteneste og håpar eg snart er der, smiler ho.
Linn Sigrid har motteke stønad frå Innovasjon Noreg og stønad frå Vinje kommune til å få verksemda på plass i Edland.
– Det var verkeleg kjærkomne pengar, seier ho og fortel at ho har jobba litt som lærarvikar og barnehagevikar den siste tida.
Linn Sigrid har også vore med på eit prosjekt som heiter «Fram kultur». Det er eit bedriftsutviklingsprogram for kulturelle verksemder. Her får ein rettleiing, utvikling av forretningskompetanse og trening på å handtere ein marknad.
– Eg har fått profesjonell hjelp om korleis ein kan gjere eiga verksemd lønsam. Sjølv om ein har ein idé, er ikkje det alt. Nå har eg ein strategi og plan og fått luka vekk det som ikkje er nødvendig, smiler ho.
Effektiv produksjon
Linn Sigrid har bestemt at ho skal lage smykke som er effektivt produsert.
– Eg leiger inn hjelp til noko av arbeidet og er open for samarbeid, men det skal vere i Noreg. Mellom anna får eg hjelp til støyp og forgylling av sylv, seier ho, og trur at det å bare nytte norsk arbeidskraft kanskje fører til ein litt høgare pris.
– Det blir enklare å administrere og det er mange flinke folk i Noreg. Det er ikkje så mange sylvsmedar i landet og det er betre å samarbeide enn å sitje på kvar si tuve. Eg kan heller ikkje drive og flyge til Kina, for eg har flyskrekk, ler ho.
Linn Sigrid har valt ut nokon kolleksjonar som ho skal produsere og selje i fyrste omgang, men tar også på seg bestillingar av korpusarbeid.
– Eg jobbar ikkje med tradisjonelt bunadssylv, det er det så mange andre flinke som lagar her i området. Og det er mange andre morosame teknikkar ein kan arbeide med også, seier sylvsmeden.
Dyr og historie
Er det ting som pregar produkta du lagar?
– Ja, dyr og historie har eg vore oppteken av heilt sidan eg var lita jente, og det ser ein nok att. Det er ei historie bak alle seriane mine, og smykka mine er veldig personlege, seier Linn Sigrid.
Ho fortel at nokon har kommentert hunden ho brukar i logoen til verksemda.
– Det er ei mynde, og me har ein slik hund sjølv. Dei er elegante, grasiøse og fine, smiler ho.
Brukar nettet
Linn Sigrid har kome på plass i verkstaden i Edland, og vil gjerne ha besøk av kundar der.
– Men eg sel også smykkekolleksjonane mine i nokre butikkar, mellom anna i Oslo og Kristiansand, og eg vil gjerne få til dette på fleire stadar etterkvart. I periodar har eg produkt på ulike galleri, som til dømes i lokalet til kunstforeininga på Rauland. Eg ynskjer å finne meg få, men gode, utsalsplassar, seier ho.
Internett er også ein god kanal for å treffe kundar, og Linn Sigrid har gode erfaringar med nettstaden facebook som kontaktplass for sal.
– Der når ein ut til folk, og eg har også prøva meg med sal frå ein nettbutikk. I desse dagar blir katalogen min ferdig, og då skal eg få han ut til folk som ynskjer å sjå kva eg arbeider med, smiler ho.
– Eg har mange fleire idear også, men eg må avgrense meg. Eg har stadig tankar i hovudet om nye kolleksjonar, men dei må eg spare litt på, smiler den kreative smykkesmeden.
Spennande kolleksjon
Smykkesmeden i Edland presenterer fem kolleksjonar i katalogen sin.
«Pomme» er ein kolleksjon i mange ulike fargar og formar som er inspirert av dei gamle pomadane. Dette var gøymer for oppbevaring av luktande substansar som skulle ha ein vernande funksjon.
«Nettverk» har mønster henta frå det ein i Noreg kallar karveskurd. Enkle geometriske former sett saman og rissa inn i sengegavlar, benkar, veggar i våre eldste bevara trebygningar.
Inspirasjonen til kolleksjonen «Friser» er henta frå armband frå Midtausten, der perlemor er fatta inn i friser etter kvarandre. Dette gjev fine sjatteringar i kvitt. Linn Sigrid skaper desse smykka i sylv og emalje.
Kolleksjonen «Fugl» passar til alle som ynskjer seg ein kamerat. – Kanskje han til og med kan kviskre deg noko i øyret, smiler smykkesmeden.
Kolleksjonen «Lauv» skildrar smykkesmeden med eit dikt frå diktsamlinga «Løynde eldars land» av Tarjei Vesaas.
Artikkelen er publisert 23/12-2010
|
Aktuelle saker:
Tilrår nei til snøskuterløyper
Små storfiskarar
Fullt trøkk med «ekte popstjerner»
– Skuterordninga fungerer ikkje
Alle skulane er ulovlege
Løyver ikkje meir til høgfartsbanen
100 000 har sett kulturhuskonsert
Heidrar to sterke kvinner
Herreavdelinga

|