Fredag
22/8-2014

Les VTB elektronisk!

No er me på alle plattformer.

Papir - Lesebrett Mobil - PC/Mac



Vest-Telemark blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Sjampanje og kling i fransk-norsk samling


Ved minnesteinen: Med fransk og norsk flagg i ei fjellfuru i bakgrunnen, markerte Frankrikes ambassadør, Birgitte Collet, ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen og initiativtakar Hans Strand at det er 140 år sidan to franskmenn landa nettopp her, etter ei dramatisk luftferd frå Paris.

Med fransk sjampanje og norsk kling markerte den franske ambassadøren, ordføraren i Seljord og ei rekkje interesserte, at det er 140 år sidan to franskmenn landa på Lifjell.




Dei som torsdag var med og markerte at det var på datoen 140 år sidan ein fransk ballong landa i Strand-skogen opp mot Lifjell, fekk kjenne litt av kulda franskmennene møtte i 1870. Men så mykje snø som den gong var det ikkje til 140-årsmarkeringa. Det blir sagt at franskmennene vassa i halvannan meter snø.
Fremst i markeringsfylgjet var den franske ambassadøren i Noreg, Birgitte Collet, og ordførar og varaordførar i Seljord.

Initiativet
Men det var Hans Strand som hadde teke initiativet til markeringa. Han er ætta frå Strand, der brørne Harald og Klas heldt til. Dei to som fann franskmennene Paul Rolier og Lèon Bezier ein kald og snørik novemberdag.
I VTB i fjor haust etterlyste Hans Strand Seljord kommunes interesse for hendinga i 1870. Han meinte ei slik hending fortente ei markering, meir enn bare minnesteinen som står der karane slapp ut av ballongen. (På minnedagen blei det elles påpeika at det på steinen er feil dato for hendinga.)
Då det likevel ikkje såg ut til å koma noko initiativ frå kommunen på etterlysinga til Strand, tok han sjølv kontakt med den franske ambassaden. Og der vakna interessa. Dermed var planlegginga av markeringa i gang, no i formelle kanalar med rådmann og ordførar.
Men Strand har så visst gjort meir enn å ta initiativet. Til seint kvelden før markeringa hadde han og fleire kompisar rydda plassen, lødd opp eit skikkeleg skogsbål, og førebudd den hyggelege samlinga, fortalde han.

Fransk og norsk
I vinden på den vesle sletta i fjellskogen under Lifjell blei minnedagen markert med fransk sjampanje og kling baka i Seljord. Varaordførar Jon Svartdal hadde henta fram «gymnas-fransken» sin, og helsa ambassadøren og fylgjet hennar på det me håpar var tilfredsstillande fransk.
Svatdal fortalde i korte trekk historia om korleis dei to franskmennene blei berga ned til folk. Dei blei feira som heltar heile vegen frå Seljord til Oslo, der Bjørnstjerne Bjørnson heldt ei festtale før franskmennene forlét Noreg.
Sommaren etter tok Rolier med seg kona og kom tilbake til Seljord og besøkte redningsmennene sine.
På vegne av kommunen takka Svartdal den franske ambassadøren for at ho var med på den fransk-norske markeringa i utmarka oppunder Lifjell.
Ambassadør Birgitte Collet kvitterte – på norsk – med å seia at ho var rørt over å vera til stades der to franske fridomskjemparar hadde berga livet etter ei dramatisk luftferd, som slett ikkje var meint å bli så lang.
– Dei fekk ein fantastisk, om enn ufrivillig tur, på grunn av konflikten mellom Frankrike og Tyskland. Dei to landa har tilbakelagt ein lang veg fram til forsoning, sa Collet. Ho uttrykte også ei spesiell glede og takk til Hans Strand som tok initiativet til dette møtet.
Collet fortalde litt meir om ballongpiloten Rolier. Etter krigen tok han initiativet til ei hjelpeforeining for folk som hadde blitt skadde i krigen.
– Eg er glad for å vera med og markere denne hendinga for 140 år sidan. Dette vitnar om ein styrkje som bind saman Noreg og Frankrike, avslutta Birgitte Collett.

Ny ballongtur
For rett å markere at bakgrunnen for samlinga denne dagen var ei ballongferd, var Telemarks einaste luftballongførar, Steffen Steffensen frå Skien, invitert. Han hadde rigga opp ballongkorga, og førebudd ei ny luftferd. Men vinden ville det annleis.
Det næraste han og dei frammøtte kom ein flygetur, var då Steffensen sleppte til lufts ein heliumballong. Ballongen fór som ein strek mellom tretoppane og forsvann over åsen – og fortalde klart at i denne vinden ville det ikkje vera lurt å lette.
Men for at folket skulle få eit inntrykk av korleis ein luftballong verkar, sleppte Steffensen ut kraftige gassflammer – dei som gjev varmluft til oppdrift i ballongen.
Ballongutstyret blir verande på staden til vêret tillet luftferd.
– Då blir eg med på ballongferd, forsikra Hans Strand.


Artikkelen er publisert 27/11-2010

Aktuelle saker:
Fin crossbane i stygg dal
Dei blankpolerte juvelane
Eit halvt år lenger for Århus–Gvammen
Pustar liv i gamal støyl
Nærmar seg vegopning
Skal bli lettare å finne fram
Bed hotelleigar rydde opp
Meiner vintersikker E134 er lønsam
Treng meir politi i distriktet