Fredag
3/9-2010




Vest-Telemark Blad
Postboks 33
3836 Kviteseid
Tlf. 35 06 88 00
Faks 35 05 31 71
SMS/MMS: Kodeord VTB til 1963
E-postadresser:
redaksjon@vtb.no
annonse@vtb.no

Utgjevingar:
Tysdag, torsdag og laurdag

Eldsjeler «sprengjer» fram gruvesenter


Svinaktig bra: Russell Thomas (t.v.), Frank E. Lien, Jørgen O. Nes og Jon Aamo i venneforeininga kan presentere ein svinaktig bra opparbeidd Søftestadhall.

Til no er det selt vennebrev i Søftestad Gruber for 130.000 kroner rundt arbeidet med å få til eit opplevingssenter i gruveområdet i Nissedal.




– Utan velvilje frå grunneigaren og hjelpa frå venner hadde det ikkje vore mogleg å fått til Søftestadhallen. Det som har gått ut av eiga lommebok får vere som det er, smiler sentrale Jon Aamo i foreininga.
Eit tidlegare kombinert fôrkjøkken og grisehus på 300 kvadratmeter i gruveområdet, blei i påska i fjor reingjort for grisemøkk.
– Drittpåske, smiler Jon Aamo og Russel Thomas som utførde jobben.
Det blei vaska med kjemikaliar og høgtrykksspylt fleire gonger. Golvet blei sett inn med betongimpregnering for å få vekk griselukta der. Veggar og tak blei måla. På utsida hjelpte Tellef Fossli og Jørgen O. Nes med gravemaskinarbeid. Totalt til no er det utført 900 timar dugnadsjobbing i gruveområdet, utan at den friviljuge hjelpa er sprengt av den grunn.

Når nei tenner
Resultatet er imponerande. Griselukta er totalt borte og i staden står Søftestadhallen fram som eit triveleg utstillings- og konsertlokale med plass til nesten 100 personar. Utstillinga viser mellom anna diverse gruvegjenstandar, har dokker kledd i gruveutstyr og ei mengde bilde mellom anna frå Treungbanen. I naboromet er det eit salslokale der dei fleste produkta er laga lokalt.
Med all dugnaden sin går Aamo og Thomas i spissen for å få eit heilt ferdig opplevingssenter i løpet av tri år. Planen no er å bygge opp att ei smie lik den gamle som var der. I tillegg bør ein ta vare på resterande bygg som ikkje er gjort noko med. Vidare held jakta fram etter gruvegjenstandar som kan stå i utstillingslokalet, og det er ynskjeleg å få hjelp til å skjefte ein del gamalt verktøy.
– Då Fellesfondet sa nei til tilskot blei me forbanna og tenkte at dette skal me søren meg klare utan hjelp derfrå. Me blei tent på å finne andre inntekter, og gjev oss ikkje. Nissedal treng eit opplevingssenter, og me skal lage eit godt tilbod for skuleelevar frå Vest-Telemark, avsluttar ein energisk Aamo.

Startar jerninnsamling
Søftestad Grubers venneforening jaktar nye inntekter og vil samle inn mest mogleg jernskrap i Nissedal kommune.
For få år tilbake var nissedøl Jørgen O. Nes primus motor for ei storstilt jerninnsamling i Nissedal kommune. Nes jobbar i miljøgjenvinningsfirmaet AF Decom Offshore som riv gamle plattformer. Aksjonen i Nissedal gav diverse lag i kommunen totalt 160.000 kroner i inntekter.
Så mykje pengar skal godt gjerast å få inn denne gongen når Nes, også medlem i Søftestad Grubers venneforening, blir med og startar ein ny innsamlingsaksjon. Foreininga er klar til å rydde opp i kommunen for miljøets skuld.

Bare å levere
Diverse jernskrap er tenkt plassert mellombels i gruveområdet, og truleg blir det også ein plass å levere i Treungen. Folk i kommunen kan gratis levere alt av stål, jern og metall, men ikkje gamle batteri, kjøleskåp og anna miljøavfall.
Alt frå til dømes pelsdyrbur til gamle vedomnar, traktorar, gamalt armeringsjern, tørkestativ, leikestativ, steikepanner, syklar, grasklypparar, grillar og parabolantenner er velkome til mottaksplassane som foreininga skal ha.
I tillegg til å få rydda opp og få eit endå reinare miljø i kommunen, gjev aksjonen inntekter til foreininga. Sistnemnde må skaffe eigenkapital for å fortsette opparbeidinga av opplevingssenteret i gruva. Ein søknad om 210.000 kroner frå Fellesfondet blei aldri vedteke, og dermed starta leitinga etter andre inntektskjelder.
– Jerninnsamlinga går til ei god sak. Dei som har spørsmål om levering kan bare ta kontakt, seier Nes.
Skulle det vere nokon som har eit eller anna i jern relatert til den tidlegare gruveverksemda, blir det tatt vare på av foreininga i samband med senteret som dei ynskjer å få på plass.


Artikkelen er publisert 29/07-2010

Aktuelle saker:
Heskjeleg moro med hesjing
Presenterte framtidas sentrumsplan
Skieventyret selt til VTM for 1,8 millionar
– Psykisk helsearbeid av høg kvalitet
Visuell poesi av Landstad-tekstar
Ynskjer meir tekstilfokus
Samarbeidsbrot
Sal skal sikre skuletilboda på Foldsæ
– Eg har vore halden heilt utanfor